Stortinget - Møte onsdag den 4. mars 1998

Dato: 04.03.1998

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 36

Sigvald Oppebøen Hansen (A): Eg tillèt meg å stille følgjande spørsmål til kyrkje-, utdannings- og forskingsministeren:

Den tredje internasjonale undersøkinga innan matematikk og naturfag (TIMSS) viser at norske gutar scorar i snitt 10 % betre enn jentene. Undersøkinga som er gjennomført i 45 land, konkluderer med at Noreg kjem dårlegast ut når det gjeld kjønnsforskjellar i prestasjon.

Kva slags tiltak vil statsråden iverksette for å rekruttere fleire jenter til å velje fordjuping i realfag?

Statsråd Jon Lilletun: TIMSS-undersøkinga viser at Noreg ligg høgt når det gjeld prestasjonar i matematikk og naturfag generelt, for eit breitt utval av elevar på alle studieretningar i vidaregåande opplæring. Elevar som tek fordjuping i fysikk, er på topp internasjonalt. Dette er gledeleg, og det er grunn til å stoppe ved den delen av undersøkinga i dag, for det vert veldig ofte hevda at vår vidaregåande skule ikkje kan hevde seg internasjonalt. Her er det då bevist det motsette. Men det er heilt rett som representanten Oppebøen Hansen seier, det som ikkje er så gledeleg, er at Noreg kjem dårleg ut når det gjeld skilnaden mellom prestasjonane til gutar og jenter.

Det er relativt få elevar som vel fordjuping i matematikk og fysikk i vidaregåande opplæring i Noreg. Delen av jenter i desse faga er låg. I dei andre naturfaga er jentedelen høgare, det er om lag 50 % jenter på dei to nivåa i kjemi, medan det på dei to nivåa i biologi er drygt 70 % jenter. På lågaste nivå i fysikk er det 34 % jenter og på høgste nivå 24 % jenter. Totalt i matematikk er det 43 % jenter på lågaste fordjupingsnivå og 38 % på høgste nivå. Vi ser såleis at det er store skilnader i rekruttering til dei ulike naturfaga, og at delen jenter minkar på høgste nivå i faga.

At relativt få jenter vel realfaga matematikk og fysikk, kan kome av haldningar som vert skapte allereie i grunnskulen. Tidlegare TIMSS-undersøkingar viser at gutar har ei meir positiv haldning spesielt til matematikk enn jenter i grunnskulen. Det er vedteke at lærarutdanninga i matematikk skal styrkjast. Eg vonar at dette vil kunne medverke til å auke interessa for matematikk hos jentene. Det vert også viktig å stimulere jenter til å velje andre og ikkje tradisjonelle utdanningsvegar meir generelt. Eg kan vise til eit treårig prosjekt, « Bevisste utdanningsvalg », som mitt departement har iverksett. Prosjektet har som målsetjing å medverke til at ungdom får hjelp til å føreta medvitne utdanningsval i størst mogleg grad uavhengig av tradisjonelle kjønnsroller, og å medverke til å skape ein arbeidsmarknad som i mindre grad vert prega av tradisjonell kjønnsdeling. Vidare vert det arbeidd med å styrkje utdannings- og yrkesrettleiinga i skulane, særleg i ungdomsskulen.

Reglane for opptak til høgare utdanning er endra i samsvar med Stortinget sitt vedtak i 1997, der det vart opna for å gje tilleggspoeng for realfaga. Dette er eit tiltak som gjeld både gutar og jenter, og det er noko tidleg å sjå resultat enno, men førebelse tal kan tyde på ei betring i rekrutteringa til fysikk og matematikk, utan at ein kan seie noko om om det er betring når det gjeld delen jenter.

Sigvald Oppebøen Hansen (A): Eg takkar statsråden for svaret.

Som statsråden også refererte til, viste undersøkinga at det er minimal forskjell på nivået mellom gutar og jenter ved 13-årsalderen, men samtidig er det påvist store forskjellar i haldninga til realfaga på det alderssteget. Dette gjev i neste omgang store utslag i prestasjonar mellom kjønna i vidaregåande opplæring. Slik sett er det nærliggande å tru at det er forskjellen i haldninga som 13-åring som gjer seg utslag i karakterane som 17-19-åring.

Noreg er ute kjent som eit land der arbeidet med likestilling har nådd langt. Likevel ser me altså at jenter framleis vel typiske kvinneyrke og vil jobbe i helse- og omsorgssektoren.

Mitt tilleggsspørsmål blir om denne undersøkinga kom overraskande på statsråden, og om han raskt vil sette inn tiltak for å prøve å få gjort noko med dette.

Statsråd Jon Lilletun: Ja, eg trur eg vil stadfeste representanten Oppebøen Hansens spørsmål: Det kom overraskande. Det var to ting som var overraskande. Det eine var det gledeleg høge nivået, som så mange har prøvd å fortelje var lågt - og så var det høgt likevel. Det var overraskande at det var høgt. Det andre var den negative sida i forhold til jenter.

Denne undersøkinga vart føreteken med det siste kullet før Reform 94. Eg trur at både Reform 97, Reform 94 og den nye lærarutdanninga, der matematikk og realfag er mykje betre integrert og der det òg vert utvikla prosjektarbeid i forhold til dette, vil kome til å endre haldningane no etter at reformene er sett i verk. Resultatet av denne undersøkinga har ført til at vi har sett i gang ein god del fleire analysar av kvifor folk vel forskjellig, og så vil vi prøve det mot dei læreplanane som no er vedtekne.

Lodve Solholm hadde her teke over presidentplassen.