Stortinget - Møte onsdag den 1. april 1998

Dato: 01.04.1998

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 34

Borghild Tenden (V): Jeg ønsker å stille statsråd Jon Lilletun følgende spørsmål:

Store reformer (Reform 94 og Reform 97) er innført i grunnskole og videregående skole i løpet av kort tid. Evaluering av disse reformene viser at dette har vært en stor belastning for mange lærere, og at det er et sterkt behov for kompetanseutvikling og etterutdanning. Det er derfor nødvendig at lærere får spesiell behandling i videre- og etterutdanningsreformen.

Vil statsråden ta initiativ til dette?

Statsråd Jon Lilletun: Utdanningsreformene gjev lærarane nye faglege og pedagogiske utfordringar. I Voksenåsen-erklæringa understreka Regjeringa at det i åra framover må leggjast betre til rette for at lærarane, både i grunnskulen og den vidaregåande skulen, får etterutdanning og fagleg kompetanseheving. Etterutdanninga må ein òg sjå i samanheng med den nye lærarutdanninga.

I samband med reformene i grunnskulen og vidaregåande opplæring har staten og kommunal sektor løyvd store midlar til etterutdanning for lærarane. Frå staten si side er det til no løyvt 227 mill. kr til etterutdanning av lærarar i grunnskulen i samband med gjennomføringa av Reform 97. I tillegg kjem kommunale løyvingar. Det er laga ein plan for kompetanseutvikling der målet er at alle lærarar skal få delta i etterutdanningstiltak i perioden 1996-99. I samband med Reform 94 har staten løyvd til saman 309 mill. kr til etterutdanning av lærarar. I tillegg kjem fylkeskommunale løyvingar. Om lag 20.000 lærarar i vidaregåande opplæring deltek kvart år på ulike etterutdanningstiltak. Den spesielle satsinga på etterutdanning for lærarar i samband med desse reformene vert derfor allereie langt på veg teken vare på gjennom øyremerkte ressursar og planar for kompetanseheving. Denne satsinga har vore ein føresetnad for gjennomføringa av reformene og naudsynt for den einskilde læraren. Det er viktige erfaringar å ha med seg i arbeidet med ei etter- og vidareutdanningsreform.

I den nye reforma ser eg det som viktig at det offentlege utdanningssystemet tek eit ansvar for å gje vaksne gode og tilpassa opplæringstilbod. For lærarane vil dette innebere ei stor utfordring. Å undervise og rettleie vaksne med tilknyting til arbeidslivet vil stille nye krav til opplæringa. Det vert m.a behov for å ta i bruk ny teknologi. Pedagogikk og metodar må tilpassast vaksne sine behov. I så måte vil lærarane vere i ei særstilling, og det vil vere naudsynt med ein innsats for å setje lærarane i stand til å møte desse nye utfordringane. Dette vil eg kome nærare tilbake til i stortingsmeldinga om etter- og vidareutdanning.

Eg nemnde innleiingsvis den nye lærarutdanninga. Her har vaksenpedagogikk fått ein sentral plass. Høgskular med ansvar for lærarutdanning førebur seg no på den nye stoda, og det er fleire spanande initiativ på gang. Eit døme på dette er ein landskonferanse om vaksenpedagogikk som nyleg vart arrangert av Høgskolen i Nesna og Norsk vaksenpedagogisk institutt.

I stortingsmeldinga om etter- og vidareutdanning vil Regjeringa kome med framlegg om generelle ordningar som skal gjelde for alle arbeidstakarar. Lærarane er sjølvsagt òg arbeidstakarar på line med andre yrkesgrupper, og vil kunne nyte godt av desse ordningane i tillegg til dei særlege tiltaka eg allereie har nemnt.

Borghild Tenden (V): Jeg vil takke statsråden for det positive svaret - det satses mye på denne fronten.

Det er ingen tvil om at oppdaterte lærere vil gi elevene en bedre undervisning, samtidig som det vil øke skolens omstillingsevne og bedre den samfunnsøkonomiske utnyttingen av ressursene i skolen. Læreryrket er krevende i den forstand at motivasjon og overskudd er en forutsetning for å gjøre en god jobb. Motivasjon og overskudd kan bedres ved faste etterutdanningspermisjoner, eksempelvis ved at man tjener opp en måneds permisjon for hvert arbeidsår. Slik situasjonen er nå, skjer ofte etterutdanningen med korte kurs i skoletiden til elevene. Dette er uheldig både for elevene, som må forholde seg til stadig nye og skiftende vikarer, og for lærerne, fordi etterutdanningen blir fragmentert.

Hva synes statsråden om forslaget med opptjening av en måneds permisjon for hvert arbeidsår, slik at man f.eks etter seks års undervisning kan ta ut et halvt års studiepermisjon?

Statsråd Jon Lilletun: Eg set pris på representanten Tenden sitt gjenteke initiativ i forhold til etterutdanning for lærarar. Det er heilt rett at om vi ikkje klarer å opptre slik at storsamfunnet verdset læraren, og på ein måte er med på å få han eller ho til å rette ryggen, så vil den norske skulen ikkje verte betre, men heller svekt.

Tanken om fast opptening er ein vakker tanke. Men eg trur vi må sjå det i forhold til den generelle permisjonsretten som no skal kome - der sa eg ganske mykje, men det er omtrent det statsministeren har skrive i brev til nokre av partane i det oppgjeret vi no skal inn i. Det er nokså sannsynleg at det vert ein generell permisjonsrett, og vi må vurdere det i den samanhengen.

Korfor det har vorte slik at ein verdset legar meir enn lærarar, skal eg ikkje ha sagt noko om i dag, men eg vil nok seie at dei er like viktige for norsk framtid.