Ansgar Gabrielsen (H):
Jeg
registrerer at rette vedkommende er utdanningsministeren. Nå trodde jeg det
var blitt enighet i Regjeringen om at handels- og næringsministeren var
IT-minister, og dette gjelder jo en del av den IT-planen han selv har lagt
fram, og som han redegjorde stort for i et foredrag i går. Så jeg stiller
meg litt undrende til at det er oversendt, men la nå gå! Det må jo bero på
en misforståelse at Stortinget ikke har fått opplysning ...(Presidenten
klubber.)
Presidenten: Representanten må komme
til spørsmålet.
Ansgar Gabrielsen (H):
Det skal jeg
komme til, president.
Næringsministeren lover i sin
næringsrettede IT-plan å vurdere opprettelsen av 500 nye IT-studieplasser.
Med et slikt tilbud vil det imidlertid ta fire-fem år før studentene er
klare for arbeidsmarkedet. Rektor Emil Spjøtvoll ved NTNU har foreslått en
ettårig IT-utdannelse for folk med realfagskompetanse. Et slikt
påbyggingsår vil bidra til å dekke det akutte behovet for IT-utdannet
arbeidskraft.
Vil næringsministeren ta initiativ til
at et slikt tilbud blir etablert?
Statsråd Jon Lilletun:
Innleiingsvis
vil eg understreke at det enno ikkje ligg føre noko forslag frå Noregs
teknisk-vitskaplege universitet om eit eittårig studium for personar med
realfagsutdanning. Departementet er orientert om at NTNU har under
etablering ei hurtigarbeidande arbeidsgruppe som skal greie ut korleis eit
slikt studium kan byggjast opp. Opptaksgrunnlaget for ei slik IT-påbygging
skal, så langt eg veit, vere ei avslutta realfagsutdanning. Her vil det
vere tale om å skipe eit studium som er tilpassa personar med ulik
bakgrunnskunnskap. Dette vil i seg sjølv vere ei ekstra utfordring. Eit
studium som skal vere ei påbygging på ei avslutta utdanning, må òg sjåast i
samband med gradsstrukturen og kva kompetanse studiet skal gje innafor denne
strukturen.
Så snart den nemnde arbeidsgruppa har
levert frå seg ei utgreiing og denne er handsama i NTNU sine formelle
styringsorgan, reknar eg med at saka vil verte oversend departementet.
Mangelen på IT-personell gjer at ein
må tenkje nytt og vurdere nye, konstruktive løysingar. I så måte ser eg
positivt på at det er teke initiativ internt ved NTNU til å vurdere ein ny
utdanningsmodell. NTNU har signalisert at etablering av eit eittårig
IT-studium òg vil ha ei kostnadsside, og dette vil eg vere nøydd til å kome
tilbake til på eit seinare tidspunkt når utgreiinga frå NTNU ligg føre.
Oppsummert: Både IT-ministeren og
utdanningsministeren ser svært positivt på at ein tek slike initiativ, og
her vil vi få sjå om dette vil vere ei praktisk løysing. Eg vil òg tru at
det vil vere aktuelt med andre korte straksløysinger, som vi har ein dialog
om med andre høgskular og industrimiljøet om det er mogleg å få i gang. Men
ein må vite kva ein må gjere, og når vi veit korleis det kan gjerast, er vi
innstilte på å gjere det.
Ansgar Gabrielsen (H):
Jeg tror det
er veldig bra det initiativet som NTNU har tatt, som for så vidt også
statsråden var enig i.
Aftenposten har etter mitt skjønn rett
når den på lederplass i dag sier at det er en IT-krise hva angår utdanning.
Det er etter mitt skjønn også rett det sparket som næringsministeren i sitt
foredrag på en konferanse i går gav Arbeiderpartiet når det gjelder
planleggingen på dette området da de var i regjeringsposisjon, for det er
veldig merkelig at dette nærmest kommer som julekvelden på kjerringa, og at
vi ikke har fått satt i gang nødvendige tiltak.
På NTNU er allerede nå ca 20 % av
undervisningsstillingene ledige innenfor den kapasiteten de pr. i dag har.
Dette ble opplyst i går på den nevnte konferansen. Og hvis man skal utvide
kapasiteten, blir det selvfølgelig ikke bedre. Er statsråden villig til å
vurdere lønnsdifferensiering her, slik at professorer på områder hvor det er
rift etter arbeidskraften også i næringslivet, kanskje får litt mer i lønn,
mens professorer på områder hvor det er et lite marked, kanskje får litt
mindre i lønn?
Statsråd Jon Lilletun:
Eg registrerer
at sjølv om representanten Gabrielsen ikkje var særleg nøgd med kva for ein
statsråd som skulle svare, så var han rimeleg nøgd med svaret. Det er jo
det viktigaste.
Når det gjeld leiaren i Aftenposten i
dag, er det mykje klokt i den. Det er likevel grunn til å seie at det er
ein del gale tal, for det er faktisk gjort eit lyft. Der er berre med tal
som gjeld hovudfag, universitet og vitskaplege høgskular, og ikkje tal for
dei andre. Det er difor ein del meir nyansert.
Noko av det fyrste denne regjeringa
begynte å arbeide med, var ein IT-plan som skal kunne betre dette. Og
Representanten Gabrielsen peiker på det som er det vanskelegaste, nemleg
lærarpersonell. Men industrien som dette gjeld, har lovt
utdanningsministeren og handels- og næringsministeren at den skal stille opp
i veldig stor grad i forhold til professor II-stillingar og
undervisningsstillingar.
Når det gjeld det med løn, er det
allereie i dag moglegheiter for eit monaleg lønsspenn. Men problemet er at
sjølv om ein utnyttar det, vil ein ikkje kunne konkurrere med industrien.
Eg trur difor vi er avhengige av at industrien ser behovet og er villig til
å stille opp.