Stortinget - Møte onsdag den 27. mai 1998

Dato: 27.05.1998

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 21

Inge Lønning (H): Jeg har følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:

Folkeuniversitetet Vesterålen startet i vår et desentralisert deltidsstudium i logopedi, med Høgskolen i Sør-Trøndelag som faglig ansvarlig.

Hva er årsaken til at dette tilbudet ikke får statsstøtte som studiering på høyere nivå, og vil statsråden ta skritt for å rette på dette?

Statsråd Jon Lilletun: Studieringar på høgare nivå vert arrangerte av godkjende studieforbund og gjev opplæring på universitets- og høgskulenivå. Dei skal ha fagleg godkjenning frå ein offentleg institusjon, dvs. ein høgskule eller eit universitet.

Dei statlege utdanningskontora behandlar søknadene og fordeler dei statlege midlane til studieforbunda i sine regionar/fylke. Utdanningskontora skal fordele midlane ut frå ei samla vurdering, m.a ut frå ei geografisk vurdering, behova og utdanningstilboda i regionen.

Folkeuniversitetet Vesterålen starta våren 1998 ein studiering i logopedi 2. avd. spes.ped. Høgskulen i Sør-Trøndelag er fagleg ansvarleg for tilbodet.

Statens Utdanningskontor i Nordland har behandla søknaden om statstilskot til dette tilbodet for våren 1998. Søknaden vart avslått med følgjande grunngjeving: Folkeuniversitetet Vesterålen hadde alt ved studieringar som var i gang, fått tildelt og dermed bunde opp ein stor del av midlane som var tildelte Nordland. For å sikre ei god geografisk fordeling av studietilboda på høgare nivå meinte utdanningskontoret det var rett å prioritere studietilbod i andre delar av fylket.

Utdanningskontoret meiner det er behov for å gje tilbod om 2. avd. spes.ped. logopedi i Nordland fylke, men i eit langt og grisgrendt fylke fann dei det rett å ta omsyn til ei god geografisk fordeling av studietilboda. Då det ikkje er midlar til å imøtekome alle søknadene, vart konsekvensen at søknaden frå Folkeuniversitetet Vesterålen vart avslått.

Folkeuniversitetet Vesterålen fekk likevel høve til å starte opp med denne studieringen denne våren, og ved den andre tildelinga av midlar for 1998 vil utdanningskontoret kunne vurdere tilskot til ringen. Tilbodet vil òg verte teke omsyn til om det vert midlar igjen som ei fylgje av at andre studietilbod ikkje kjem i gang.

Ursula Evje hadde her overtatt presidentplassen.

Inge Lønning (H): Jeg takker statsråden for svaret, som var en grei nok redegjørelse for hva som faktisk har skjedd i saken. Men jeg savner et svar på statsrådens egne vegne, hvordan han ser på realiteten i denne saken.

Det som er situasjonen, er at Folkeuniversitetet Vesterålen her har kommet i klemme mellom ulike regelverk, dels det regelverket som gjelder for Statens lånekasse, og som går på støtte til studenter som deltar i et slikt opplegg. Der har man fått nei, med den begrunnelse at studieavgiften er for høy og med henvisning til at loven krever at det må være et særskilt behov for denne utdanningen. Så vidt jeg kan forstå av sakens akter, er det dokumentert at det er et særskilt behov for utdanning i logopedi. Det er også helt klart at dette er det eneste tilbud som finnes i hele den nordlige del av Norge. Dermed forekommer det meg helt åpenbart at det fylkeskommunale synspunkt for Nordland fylke er meningsløst i denne sammenheng, og det er det som har vært hovedpremisset for avslaget. Derfor vil jeg gjerne utfordre statsråden til å uttale seg om innholdet i saken.

Statsråd Jon Lilletun: No vil nok statsråden påstå at han uttala seg om innhaldet og saksbehandlingsvegen, men eg skal sjølvsagt likevel supplere.

Når det gjeld studiefinansieringa, har den så vidt eg minnest vore oppe her i salen ein gong tidlegare. Eg meiner at eg på det tidspunktet fekk gjort om det vedtaket, men eg skal gå tilbake og sjå på det. Det var forskjellige forhold som spelte inn der, men eg trur det vart endra, men viss ikkje så er skjedd, skal eg sjå på det ein gong til.

Når det gjeld realiteten her, at det ikkje finst pengar igjen av den løyvinga utdanningsdirektøren har fått, kan ikkje eg påleggje han å løyve noko. Men det som eg har teke initiativ til, er at viss det skulle vere andre kurs som ikkje kjem i gang, bør dette kurset prioriterast. Likeins bør dette kurset prioriterast ved neste tildeling.

Inge Lønning (H): Den konkrete situasjonen for de studentene som følger dette opplegget - og jeg går ut fra at statsråden er enig med meg i at det er ønskelig av hensyn til behovet i den norske skole og i andre sammenhenger at utdanningskapasiteten når det gjelder logopeder økes - påfører seg selv meget store - etter mitt skjønn urimelig store - kostnader. Man har vært i gang med dette studietilbudet siden januar, og nå ved utgangen av mai foreligger det ennå ingen avklaring verken når det gjelder forholdet til Statens lånekasse eller hvorvidt det vil bli gitt støtte. Så det er også noe i behandlingstiden hva angår disse sakene som virker unødig forsinkende, og som setter studenter i en ganske uheldig situasjon.

Statsråd Jon Lilletun: Når det gjeld forholdet til Statens lånekasse, vil eg gjenta at eg skal ta det opp og syte for at det kjem eit svar. Så vidt eg hugsar - men no tør eg ikkje garantere det, eg må gå tilbake og sjå på det skriftlege, for denne delen hadde eg ikkje førebudd meg til i forhold til spørsmålet - skulle ein her finne ei ordning sjølv om det i utgangspunktet var problematisk i forhold til regelverket.

Når det gjeld sjølve tilskotet til kurset, har dei som har fått delegert myndigheit til å vurdere det og til å løyve pengar, gjort ei vurdering og har løyvt dei pengane som fanst. Men i forhold til dei pengane som eventuelt ikkje vert brukte og i forhold til neste tildeling, har eg lovt at dette kurset skal prioriterast.