Stortinget - Møte onsdag den 27. mai 1998

Dato: 27.05.1998

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 22

Inge Lønning (H): Jeg har følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:

Ifølge oppslag i pressen vil Regjeringen si nei til høgskolestyrets vedtak om å samlokalisere lærerutdannelsen ved Høgskolen i Hedmark til Hamar. Dette blir i tilfelle annen gang i løpet av kort tid hvor Regjeringen setter til side høgskolestyrevedtak om omstillinger.

Hvorledes vurderer statsråden denne praksis i forhold til det ansvar styret har etter universitetsloven § 4?

Statsråd Jon Lilletun: Eit av dei viktigaste måla med lov om universitet og høgskular er å tryggje ideen om eit noregsnett for samarbeid og arbeidsdeling for universitet og høgskular. Det fylgjer av noregsnettmodellen at det skal vere ein samla politikk og nasjonal styring når det gjeld kva for grader, yrkesutdanningar og fag som skal byggjast ut, og korleis kapasitet skal fordelast mellom institusjonar og fylgjeleg også regionar.

Universitet og høgskular har høg grad av sjølvstyre. Etter universitets- og høgskulelova § 4 har styret ved institusjonane ansvar for at den faglege verksemda er av høg kvalitet, og for at institusjonen driv effektivt og i samsvar med dei lover, forskrifter og reglar som gjeld, og dei rammer og mål som vert gjevne av overordna styringsorgan. Det vert streka under at styret utøver sitt mynde på vegner av staten og innafor dei økonomiske og forvaltningsrettslege rammer som gjeld for universitet og høgskular som statlege institusjonar.

Omstilling dreier seg ofte om å leggje ned eller byggje opp fag eller kapasitet. Dette kan også innebere at verksemd kan verte flytta, eller at kapasiteten på den enkelte studiestaden kan verte endra. Dette vil kunne vere konsekvensen av dei omleggingar som no må skje ved universitet og høgskular.

Lokalisering av studium og nedbygging av verksemd er ikkje berre ei intern sak for ein institusjon. Det kan vere naudsynt å gjere overordna vurderingar både ut frå nasjonal kapasitet og ut frå regionalpolitisk synsstad. Ofte vil det oppstå spørsmål om lokale, som departement eller storting må ta stilling til. Det er òg vel kjent at Stortinget ofte har vist interesse for lokaliseringssaker. Dette er eksempel på rammer som kan verte definerte av det som i lova heiter « overordnet myndighet », og som set grenser for kva styret sjølv kan vedta. Eg er her oppteken av å finne ein ansvarleg balanse mellom overordna vurderingar og styring ut frå Noregsnettet, samstundes som det er handlingsrom for institusjonsstyret, som har det økonomiske og faglege ansvaret for drifta, og som skal planleggje verksemda.

Inge Lønning (H): Jeg takker statsråden for svaret. Jeg la med en viss interesse merke til at statsråden i det hele tatt ikke kommenterte om de presseoppslag som spørsmålet refererte til, medfører riktighet eller ikke. Det kan jo tolkes på flere måter, men det ville vært interessant om statsråden selv tolket det.

Bakgrunnen for mitt spørsmål er at universitetsloven § 4 pålegger høgskolestyrene et betydelig ansvar, ikke minst når det gjelder å se til at deres institusjon utvikles på en effektiv, hensiktsmessig og faglig og strategisk riktig måte. Min bekymring er: Hvis man i løpet av kort tid skulle oppleve at vedtak som er gjort av høgskolestyret i henhold til denne paragraf, blir overkjørt av statsråden - og statsrådens formelle myndighet til å gjøre det er ubetvilelig - hvilken presedensskapende effekt vil det få i innkjøringsfasen av en ny lov når det gjelder høgskolestyrenes fremtidige rolle?

Statsråd Jon Lilletun: Det er heilt rett at eg ikkje kommenterte dei to aktuelle sakene som spørjaren tok opp i forhold til enkelttilfelle. I Sogn og Fjordane skjedde dette etter ei samla vurdering, i samråd med næringslivet i fylket og ikkje minst i samråd med ein så godt som samla stortingsbenk frå Sogn og Fjordane. Det er vidare ein dialog med styret der, så eg trur vi skal kome til eit godt resultat for høgskulen i Sogn og Fjordane.

Når det gjeld situasjonen ved Høgskulen i Hedmark, er den saka framleis til behandling i departementet. Derfor kjem eg ikkje til å kommentere substansen i den. Eg skal ha eit møte med rektor og direktør og kanskje med representantar frå styret i neste veke, og vil i samband med det endeleg konkludere i denne saka. Derfor vil eg ikkje saksbehandle frå Stortingets talarstol.

Inge Lønning (H): Jeg har stor forståelse for det synspunkt at saksbehandling med fordel kan henlegges andre steder enn til Stortingets talerstol, og jeg registrerer med tilfredshet at det så langt i hvert fall ikke er riktig som presseoppslagene har fortalt, at statsråden har truffet en beslutning i saken.

Det som imidlertid er mitt viktige anliggende i sammenhengen, er at intensjonen med den lov vi nå har fått, som medfører et ganske vidtgående styringsansvar for styrene ved høyskolene, blir fulgt opp i praksis. Det må innebære at man fra departementets side er ekstremt tilbakeholden med å overprøve vedtak som er truffet - til dels henimot enstemmig - i høyskolestyrer og etter lang og grundig saksbehandling, simpelthen fordi effekten av det å overprøve den slags vedtak vil være at man i fremtiden ikke vil få kompetente folk til å si seg villig til å sitte i disse styrene i det hele tatt.

Statsråd Jon Lilletun: Eg har stor forståing for representanten Lønning sitt prinsipielle spørsmål. Det er ein ganske finstemd balansegang akkurat det han peiker på her. I ein innkøyringsfase vil det vere nødvendig å vise varsemd. Derfor har det òg sidan lova tredde i kraft svært sjeldan skjedd ei overprøving. Men samstundes er det opplagt at dei regionalpolitiske sidene òg må tilleggjast vekt, og det er ganske mange førespurnader frå næringsliv og frå regionale aktørar som føler at dei ikke vert høyrde. Då snakkar eg ikkje spesifikt om dei to sakene som er nemnde her, men generelt.

Det er ein vanskeleg balansegang, og den skal eg så langt som mogleg prøve å ta hand om, men det er ikkje sikkert at representanten Lønning og eg alltid vil vere samde om eg har funne balansen eller ikkje.