Stortinget - Møte onsdag den 27. mai 1998

Dato: 27.05.1998

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 24

Kjellaug Nakkim (H): Jeg vil få stille følgende spørsmål til sosialministeren:

Stortinget har flere ganger fattet vedtak om at Regjeringen må sørge for riktig praktisering av samordningsloven, sist i forbindelse med Innst.S.nr.66 (1996-1997). Det ble da forutsatt at Regjeringen skulle følge opp saken og komme tilbake til Stortinget med lovforslag innen rimelig tid.

Når vil feil praktisering av samordningsloven for etterlattepensjoner og egenopptjente pensjoner fra henholdsvis folketrygden og Statens Pensjonskasse bli rettet opp?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Samordningslova blir praktisert i samsvar med dei lovreglane som vart vedtatt av Stortinget i 1989. Lovtolkinga vart stadfesta av Høgsterett i den såkalla Lassung-saka i 1994.

Samordningslova blir såleis ikkje feil praktisert, men lova gir i ein del tilfelle lite heldige resultat - såkalla negativ effekt. Rett praktisering av samordningslova fører til at ein i visse tilfelle ikkje får nokon fordel av å ha tent opp poeng i folketrygda.

Samordningslova knyter saman regelverk som byggjer på svært ulike prinsipp. I visse tilfelle kan derfor samordningslova føra til resultat som ikkje var tilsikta. Det gjeld særleg for ein attlevande ektefelle som får tilleggspensjon i folketrygda utrekna på grunnlag av både si eiga opptening og oppteninga til den avdøde ektefellen.

Før 1989 vart tilleggspensjon frå folketrygda til ein attlevande ektefelle stort sett samordna fullt ut, sjølv om tilleggspensjonen var opptent av begge ektefellane - såkalla kombinert tilleggspensjon. Ved lovendringa av 16. juni 1989 vart samordninga gjort mindre streng. Dersom det er den attlevande som har tent opp tenestepensjonen, skal denne pensjonen samordnast berre med den tilleggspensjonen vedkomande sjølv har tent opp. Dersom den attlevande får attlevandepensjon frå tenestepensjonsordninga, skal denne pensjonen berre samordnast med 55 % av den tilleggspensjonen som den avdøde hadde tent opp i folketrygda. Desse etter måten gunstige samordningsreglane inneber at det i ein del tilfelle kan vera ein fordel å ha låg opptening i folketrygda.

I Innst.S.nr.66 (1996-1997) vart eit forslag frå stortingsrepresentant John I Alvheim om å syta for rett praktisering av samordningslova slik at ingen taper på å ha tent opp pensjonspoeng i folketrygda, sendt over til den dåverande regjeringa for vurdering og oppfølging i samband med arbeidet med Samordningsutvalet si innstilling og lovforslag i den samanhengen.

Det har vist seg svært vanskeleg å finna ei rimeleg løysing på problemet utan å komplisera samordningssystemet endå meir. Samordningsutvalet føreslo derfor at ein berre måtte akseptera situasjonen. Dei fleste høyringsinstansane var einige i dette, mellom dei alle arbeidstakarorganisasjonane, trygdeetaten og pensjonskassene. Ein del pensjonistorganisasjonar meiner derimot at alle skal få godtgjort for å ha tent opp pensjonspoeng i folketrygda.

Sentrumsregjeringa har som kjent berre vore i arbeid i sju månader. Departementet har i lag med andre departement og pensjonsekspertar arbeidd med ulike løysingar i fleire år - både før og etter nemnde innstilling frå Stortinget

Eg tar sikte på å leggja fram mi tilråding i denne saka for Stortinget til hausten.

Kjellaug Nakkim (H): Jeg takker statsråden for svaret.

Jeg synes det er positivt at statsråden tar sikte på å legge fram dette til høsten. Men det har jo også vært lovet av tidligere statsråder i det samme departement at man skulle komme tilbake med dette senere. Antakeligvis skyldes dette kompleksiteten i saken.

Når det gjelder det statsråden sa om at man ikke har praktisert samordningsloven feil, men at det er noen som kommer dårligere ut, har Stortinget egentlig ikke akseptert at man ikke har praktisert samordningsloven feil, for etter rettssaken i 1989 og endring av lovverket både i 1989 og 1992 er det fremdeles en restgruppe igjen, og man sier at dette kan medføre at andre grupper også vil komme med sine krav, og Samordningsutvalget har da sett negativt på dette.

Men som sagt: Stortinget har egentlig ikke akseptert det, og jeg vil derfor bare minne statsråden på hva stortingsflertallet, som også innbefattet Senterpartiet, sa den gangen.

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Det er greitt å få ei påminning om kva tidlegare regjeringar har lovt. Eg for min del skal prøva å gjera mitt for at dei lovnadene eg gjev, blir innfridde. Det er rett som representanten Kjellaug Nakkim seier, at Stortinget har bedt om å få tilbake ei sak om dette, og det må dei få. Det tar eg sikte på skal skje til hausten. Eg er òg glad for at ho har forståing for kompleksiteten i saka. Det er nok ikkje for ingenting at Samordningsutvalet sjølv innleier forordet i innstillinga si med fylgjande setning:

Samordningsloven inneholder det mest kompliserte og vanskeligst tilgjengelige regelverket vi har i vårt rettssystem.

Kjellaug Nakkim (H): Jeg takker statsråden for svaret.

Det som er problemet, er den lille restgruppen av enker som er igjen, som nå får for høyt samordningsfradrag, men som forhåpentligvis ikke vil få det når statsråden legger fram sitt forslag til høsten. Det som er problemet, er dette med den såkalte negative effekt. Det er forhold som medlemmene i pensjonsordningen ikke kan forstå, noe som også Samordningsutvalget sier det er vanskelig å argumentere mot. Riktignok kommer de til en annen konklusjon senere. Det hele Stortinget egentlig var enig om da vi behandlet Dok.nr.8:66 (1995-1996), var at man ikke skulle undergrave tilliten til folketrygden ved at man tillot slike negative effekter - i hvert fall ikke for den gruppen man her snakker om. Jeg håper at statsråden kommer positivt tilbake.

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Eg tar med meg representanten Nakkim sine råd i det vidare arbeidet. Som eg sa i mitt fyrste svar, har departementet i lag med andre departement og pensjonsekspertar arbeidt med ulike løysingar i fleire år, både før og etter nemnde innstilling frå Stortinget. Problemet ser ut til å vera at det er vanskeleg å finna ei god løysing innanfor gjeldande bruttosystem i offentleg sektor. No skal ikkje eg forskottera kva som vil koma når det gjeld denne saka i haust, men la meg nemna eitt område: Eg har merka meg at ein gjennom samordninga i visse tilfelle kan tapa på å ha omsorgspoeng i folketrygda. Det er eit område som eg veit at vi alle kan vera einige om. Det er lite ynskjeleg, og vi må i alle fall kunna få gjort noko med det.