Stortinget - Møte onsdag den 3. juni 1998

Dato: 03.06.1998

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 23

Petter Løvik (H): Eg tillèt meg å stille følgjande spørsmål til kyrkje-, utdannings- og forskingsministeren:

AF-streiken gjer det umuleg å gjennomføre eksamen ved ei rekkje vidaregåande skular. Dette rammar først og fremst privatistane, som ikkje har standpunktkarakterar å falle tilbake på. Mange av disse privatistane vil kunne tape eit heilt år på grunn av streiken.

Vil statsråden ta initiativ til å få arrangert ekstra eksamen for dei privatistane det gjeld?

Statsråd Jon Lilletun: Den pågåande AF-streiken går ut over eksamensavviklinga ved fleire av dei 31 vidaregåande skulane som det så langt gjeld. Det er rett, som representanten Løvik seier, at streiken vil ramme privatistane sterkare enn elevane, sidan privatistane ikkje har standpunktkarakterar å falle tilbake på. Departementet sende før pinse ut melding om korleis saka kan ordnast for elevane.

Så langt eg er orientert, gjekk sentralgjeven eksamen for privatistar dei to fyrste streikedagane som planlagt i alle fylkeskommunar, med unntak av Møre og Romsdal. Der vart om lag 50 privatistar hindra. I går vart 16 privatistar ramma i Møre og Romsdal og ei handfull privatistar andre stader i landet. I alt omfattar dette eksamen i om lag 20 ulike fag.

Eg kan her kome med ei tilleggsopplysning: I dag har fylkesrådmannen i Møre og Romsdal brukt helikopter for å kunne avvikle eksamen ved fleire skular enn ved skulen på staden der administrasjonen ligg - eit eksempel på ein kreativ måte å hjelpe unge menneske på utan å gå på tvers av lovverket.

Det er fylkeskommunane som er ansvarlege for eksamensgjennomføringa, og som er arbeidsgjevar for dei som er i streik. Eg har allereie oppfordra fylkeskommunane til å setje i verk alle lovlege tiltak for å redusere konsekvensane for privatistane. Dersom vi saman skal lukkast i å hjelpe privatistane, må fylkeskommunane på si side gjere alt dei kan innanfor lovas rammer for at planlagde eksamenar vert gjennomførte.

Eg for min del vil gjere det som frå vår side er mogleg. Det vi m.a må vurdere, er om Eksamenssekretariatet maktar å få fram alternative eksamensoppgåver til bruk så snart streiken er over, og om vi kan avvike frå dei prosedyrar og fristar som gjeld opptak til høgare utdanning. Eg må streke under at eg ikkje har dei konkrete svara på dette i dag. Det eg derimot kan seie, er at Eksamenssekretariatet ikkje maktar å få fram nye oppgåvesett til alle dei over 100 eksamensfaga det etter planen skal avviklast eksamen i dei næraste dagane. Det er derfor naudsynt at fylkeskommunane gjer det som er mogleg for at privatistane kan få avlagt eksamen i dagane framover. Eg fylgjer elles utviklinga frå dag til dag.

Petter Løvik (H): Eg vil takke statsråden for svaret.

Det er rett at det er fylkeskommunen som er ansvarleg for eksamensgjennomføringa, og eg er glad for at statsråden har oppmoda dei om å sette i verk alle lovlege tiltak for å redusere konsekvensane i dagane framover - med eller utan helikopter.

Likevel er eg litt skuffa over at statsråden ikkje kan garantere ekstra eksamen for dei privatistane som no blir hardt ramma. Det har svært store konsekvensar for mange av desse, som vil stå utan ein eksamen etter eit år med til dels hardt arbeid. Kva tid vil statsråden kunne gi ei klar melding om om desse får eksamen? Det er trass i alt betre å få eit svar enn ikkje å få noko. Vil statsråden, slik eg etterlyste i spørsmålet mitt, ta eit klart initiativ slik at alle desse kan føle at dei får ein garantert rett til ein eksamen i løpet av sommaren?

Statsråd Jon Lilletun: Initiativ er alt teke, som eg sa i det fyrste svaret mitt. Og situasjonen vert vurdert heile tida.

Klarer ein å gjennomføre eksamen i fylkeskommunane så godt som ein fram til i dag har gjort, er sjansane store for at vi skal kunne klare å hjelpe alle, dersom streiken ikkje varer for lenge. Men grunnen til at eg ikkje kan stå her og garantere, er jo at det ikkje er statsråden som bestemmer kor lenge streiken skal vare. Og ut frå det ville det vere meiningslaust av meg å gje ein garanti. Men det eg kan garantere, er at alt som står i vår makt, skal gjerast for at flest mogleg skal verte hjelpte - likeins med å leggje inntaket til rette. I samarbeid med høgskulane og universiteta vil vi strekkje oss så langt det er mogleg for at ikkje konsekvensane skal verte for store for mange som til og med har lånt mykje pengar for å kome dit dei er i dag.