Gunhild Øyangen (A): Jeg vil stille følgende spørsmål
til sosialministeren:
«I Dagsavisen 20. januar 1999 presenteres
rystende rapporter fra fylkeslegen i Oslo om tilstanden ved 15 av byens
55 sykehjem. Tilsynsrapportene dokumenterer 35 brudd på gjeldende
lover og forskrifter, blant annet som en følge av lav bemanning
og for mange ufaglærte. Jagland-regjeringen la fram «Handlingsplan
for helse- og omsorgspersonell», som den sittende regjering
kuttet om lag 20 mill. kroner i da den overtok.
Vil statsråden redegjøre
for framdriften i arbeidet med handlingsplanen?»
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Rapporten frå fylkeslegen i Oslo gir
all grunn til uro. Eg har òg forstått at Oslo
kommune tar denne rapporten på alvor og fylgjer opp.
Regjeringa vil føra vidare og auka
innsatsen for å betra tilgangen på kvalifisert
personell i helse- og omsorgssektoren. Dagens situasjon er eit resultat
av tidlegare års forsømingar når det
m.a. gjeld utdanningskapasiteten, og særleg gjeld dette
på universitets- og høgskulenivå. Det manglar òg
planar i mange kommunar for korleis ein skal dekkja framtidige behov
for helse- og sosialpersonell. For å få best mogleg
oversikt har departementet bedt kommunane klargjera personellbehovet
sitt dei nærmaste åra. Staten sine regionalrepresentantar
i fylka vil i resten av handlingsplanperioden 1999-2001 samarbeida
med kommunane, med fylkeskommunane og med høgskulane om
konkrete kvalifiserings- og rekrutteringstiltak i det einskilde
fylke. Ein vil særleg prioritera kvalifisering av ufaglærte,
m.a. ved å stimulera flest mogleg til å gå opp til
fagprøve i omsorgsarbeidarfaget, og til etter- og vidareutdanning
av hjelpepleiarar og andre med helse- og sosialfag frå vidaregåande
opplæring.
Det er rett som representanten Øyangen viser
til, at Jagland-regjeringa la fram Handlingsplan for helse- og omsorgspersonell
i 1997, med ei økonomisk ramme på 110 mill. kr
i budsjettforslaget for 1998. Forslaget vart ført vidare
i sentrumsregjeringa sitt budsjettforslag for 1998, men vart redusert
med 19 mill. kr ved Stortingets behandling.
I budsjettet for 1999 har Regjeringa laga ei
samla framstilling av løyvingar til personell- og kompetanseføremål
i heile helse- og sosialsektoren. Dette gjeld både dei
nye tiltaka som kom med handlingsplanen i høve til 1998-budsjettet,
og andre tiltak på Sosial- og helsedepartementet sitt budsjett.
Oversikta viser at departementet løyvde om lag 286 mill. kr
til personell- og kompetanseføremål i 1998. Regjeringa
gjorde framlegg om å auka denne ramma til om lag 324 mill. kr
i 1999, og fekk Stortinget sin tilslutnad til det. Auken vil særleg
koma i samband med opptrappingsplanen for psykisk helse og førebuingane
til fastlegeordninga.
I tillegg til desse midlane vil kommunane òg
kunne bruka av skjønnsmidlane innanfor eldresatsinga og
av løyvingane til psykisk helsevern til kvalifisering av
personell. Den samla satsinga frå departementet for å styrkja tilgangen
på kvalifisert personell er såleis, med Stortinget si
støtte, monaleg auka, og ytterlegare auke i opptaket til helse-
og sosialfagstudia ved universitet og høgskular vil bli
vurdert.
La meg til slutt understreka at personellsituasjonen
i sjukeheimane er ikkje berre avhengig av tilgang på fagpersonell.
Arbeidsmiljøet har òg mykje å seia for
om personellet trivst og blir verande i denne sektoren. Eg veit
at Oslo kommune i sitt arbeid no, og òg andre kommunar, er
opptekne av det. Sjølve følgjer vi opp i departementet med
sikte på kartlegging av faktorar som skapar eit godt og
stabilt arbeidsmiljø i sjukeheimane. Personell som trivst
i arbeidet sitt, er avgjerande viktig for kvaliteten i eldreomsorga.
Gunhild Øyangen (A): Jeg takker statsråden for svaret.
Situasjonen var at det var litt vanskelig å forstå denne oppstillingen
ved årets budsjett og sammenligne med den opprinnelige
handlingsplanen. Det var mye av begrunnelsen for mitt spørsmål,
fordi veldig mange tiltak av ulike slag var satt sammen. Realiteten
var jo at regjeringen Bondevik foretok et betydelige kutt i første
omgang, og jeg ville gjerne vite hvordan vi skulle forholde oss
til det som var lagt fram, for å få et bedre sammenligningsgrunnlag.
Nå har jeg fått en redegjørelse.
Jeg skjønner at sosialministeren også er opptatt
av disse meget viktig sakene. Jeg har lyst til å spørre
om sosialministeren mener at de tiltak som Regjeringen har lagt
opp til, er tilstrekkelig for å sikre en verdig eldreomsorg
for framtiden i samsvar med lover og forskrifter. Og til slutt:
Når vil Stortinget få seg forelagt en evaluering
av den opprinnelige handlingsplanen?
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Eg er glad for at representanten Øyangen rettar
søkjelyset mot ei sak som gjeld svært mange, nemleg
ei meir verdig eldreomsorg.
Eg kan nok ikkje svara på eit så omfattande
og vanskeleg spørsmål som representanten Øyangen
her stiller, på eitt minutt. Eg trur eg skal avgrensa meg
til å seia at eg er veldig fornøgd med at vi har
fått gjennomslag for vår satsing så langt.
Men det er ingen garanti for framtida. Det er tvert imot slik at
vi er nøydde til å følgja nøye med
i både korleis handlingsplanen for ei betre eldreomsorg
og handlingsplanen for eit betre helsepersonell blir ivaretatt i
kommunane, og kva tilsynsrapportane seier. Vi har òg sett
i gang eit arbeid i departementet for å sikra aldersdemente
sine rettar betre enn i dag.