Stortinget - Møte onsdag den 3. mars 1999 kl. 10

Dato: 03.03.1999

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 3

Karita Bekkemellem Orheim (A): Jeg vil få stille følgende spørsmål til barne- og familieministeren:

«Statsråden har flere ganger uttalt at ved innføring av kontantstøtteordningen så vil det være viktig for Regjeringen at foreldrene faktisk er hjemme med barna sine når de tar ut kontantstøtte. Hvis ikke ordningen førte til mer tid mellom foreldre og barn, ville Regjeringen se på dette på nytt.

Har Regjeringen nå endret oppfatning, slik at det ikke er mer tid mellom foreldre og barn som er det avgjørende for Regjeringa i denne saka?»

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Eg er ikkje sikker på kva for ei utsegn frå mi side representanten Bekkemellem Orheim siktar til når ho spør om Regjeringa har endra oppfatning.

Eg vil fyrst få minna om at vi hadde tre hovudmål med kontantstøtta. Ho skulle medverka til at familien fekk meir tid saman til sjølv å kunna ta omsorg for eigne born, familiane skulle få større valfridom når det gjaldt omsorgsform for borna sine, og det skulle bli ein større likskap i dei statlege overføringane til barnefamiliane med og utan barnehageplass.

Det er rett at Regjeringa ynskjer at småbarnsfamiliar skal få høve til å bruka meir tid saman med eigne born som fylgje av kontantstøtta. Dette er eitt av dei spørsmåla vi også vil sjå på i evalueringa av ordninga.

Før kontantstøtta vart innført, gjorde Statistisk sentralbyrå ei spørjeundersøking av 3 500 mødre med born under skulealder, der ein spurde om planlagd yrkesdeltaking og omsorgsform etter innføringa av kontantstøtta. Blant dei yrkesaktive mødrene var det 38 pst. som rekna med å redusera yrkesarbeidet, og heile 80 pst. av desse meinte at kontantstøtta gjorde dette mogleg. Det var også 18 pst. av dei yrkesaktive mødrene som meinte at dei ville bli heimearbeidande etter innføringa av kontantstøtta, og over halvparten meinte at det var kontantstøtta som gjorde at dette var mogleg. Ut frå same undersøkinga er det heller ingen teikn til at fedrane vil auka si yrkesdeltaking. Undersøkinga tyder dermed på at foreldra vil bruka meir tid saman med borna sine.

Ei ny undersøking som skal gjerast i april i år, vil visa korleis foreldra faktisk innrettar seg så langt. Denne undersøkinga vil bli viktig i den vidare evalueringa, men endå viktigare blir den tredje oppfylgingsrunden etter at kontantstøtta har fungert ei tid. Då vil vi klarare sjå om foreldra har endra omsorgsmønster. Dersom det på sikt viser seg at foreldra ikkje brukar meir tid på barneomsorga, vil eg vurdera ein gjennomgang av regelverket. Regjeringa har som kjent ein avtale med Høgre og Framstegspartiet om kontantstøtta i denne stortingsperioden, og den har vi sjølvsagt tenkt å halda. Det inneber at vi vil drøfta eventuelle endringar i ordninga med desse to partia.

Karita Bekkemellem Orheim (A): Bakgrunnen for spørsmålet er uttalelser statsråden har kommet med til diverse aviser den siste tiden. Regjeringens hovedbegrunnelse for kontantstøtten er etter min oppfatning på vikende front. Hovedbegrunnelsen har vært å sikre småbarnsfamiliene mer tid til å være hjemme sammen med barna, og at en på den måten kunne få en mindre stresset hverdag både for ungene og for foreldrene. Vi har også hørt at dette har vært et verdiargument fra Regjeringen.

Synes virkelig barne- og familieministeren at det er riktig å bruke flere milliarder kroner på en ordning som kanskje vil vise seg å ikke gi mer tid mellom foreldre og barn? Hvis det er slik at undersøkelser fra Bodø og Akershus skulle være riktige, er det så mange som 70 pst. som fortsetter i sitt arbeid. Og da er ikke dette en ordning som gir mer tid, men der man får en gullkantet sjekk fra det offentlige til å bruke på hva man vil. Nå er det ikke mer tid og verdien av det, som er en familiepolitisk ordning, som er det viktigste for Regjeringen, men nettopp prinsippet om at en vilkårlig frihet skal gjelde.

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Det vart ikkje noko spørsmål i denne oppfylgingsrunden, men eg skal prøva å svara på det eg trur ville blitt spørsmålet.

Eg sa i svaret mitt at det er tre målsetjingar her. Den eine av desse, som er å gje foreldra og borna meir tid saman, er sjølvsagt viktig, men dei to andre er faktisk òg viktige. Det er ikkje snakk om at dette med å bruka meir tid er på vikande front. For meg er det kanskje det viktigaste. Men eg har lyst til å understreka at dei to andre målsetjingane òg er viktige i den store samanhengen.

Eg har også lyst til å seia at eg vil nok venta ei stund med å ta avgjerd om vi må endra ordninga fordi åtferda ikkje endrar seg. Eg trur at kontantstøtta må fungera ei tid for å setja seg, og for å sjå om foreldra endrar åtferdsmønster. Som eg òg sa i mitt svar: Dersom vi, ikkje no i fyrste omgangen, men etter at kontantstøtta har fungert ei tid, ser at det ikkje har gitt noko meir tid mellom born og foreldre, skal eg vera med på å diskutera kva ein skal gjera. Men eg ynskjer ikkje å seia at det skal skje til hausten, for det er for tidleg. Då har ikkje kontantstøtta fått sett seg skikkeleg enno.