Presidenten: På grunn av det høge talet spørsmål som skal svarast på, finn presidenten å måtte meddele at han med heimel i forretningsordenens § 53 nr. 3 siste ledd har bestemt at det berre vil bli gitt høve til eitt tilleggsspørsmål etter at hovudspørsmålet er svara på. Dette blir sett på som nødvendig for at dagens kart skal kunne ferdigbehandlast innafor den tida som er fastsett for føremiddagens møte.
Vidare vil presidenten meddele at det blir nokre endringar i den oppsette spørsmålslista, og viser i den samanhengen til den oversikta som er omdelt på representantane sine plassar i salen.
Presidenten gjer framlegg om at dei føreslåtte endringane i dagens spørjetime blir godkjende. – Presidenten ser det som vedteke.
Endringane var desse:
Spørsmål 2, frå representanten Unn Aarrestad til kulturministeren, er trekt tilbake.
Spørsmål 16, frå representanten Jan Johnsen til samferdselsministeren, vil bli tatt opp av representanten Bent Høie.
Spørsmål 17, frå representanten Inge Myrvoll til samferdselsministeren, vil bli tatt opp av representanten Rolf Reikvam.
Spørsmål 20, frå representanten Øivind Skjerve til kyrkje-, utdannings- og forskingsministeren, vil bli svara på av kommunal- og regionalministeren som rette vedkomande. Etter oppmoding frå kommunal- og regionalministeren blir dette spørsmålet flytta og svara på etter spørsmål 10, som skal svarast på av same statsråd. Spørsmålet vil bli tatt opp av representanten Rolf Reikvam.
Spørsmål 41, frå representanten Siri Frost Sterri til utviklings- og menneskerettsministeren, vil bli svara på av utanriksministeren på vegner av utviklings- og menneskerettsministeren, som er bortreist.