Stortinget - Møte onsdag den 17. mars 1999 kl. 10

Dato: 17.03.1999

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 15

Jan Johnsen (H): Jeg har følgende spørsmål til sosialministeren:

«I forbindelse med reiser i EU-land har norske statsborgere som oppfyller trygdelovens bestemmelser, rett til behandling i det land sykdommen eller skaden måtte oppstå (referanseskjemaet E 111). I dag må man få dette skjemaet fra trygdekontoret, noe som er tungvint både for kunden og trygdekontoret.

Kan statsråden se på muligheten av at det blir utstedt et bevis en gang i året som bekrefter at innehaver har rett til den behandling E 111 omhandler?»

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Blankett E 111 blir brukt for å dokumentera retten til å få dekt utgifter til helsetenester ved akutt hjelp under mellombels opphald i anna EØS-land enn det landet som har det trygdemessige ansvaret for vedkommande. Rett til å få blankett E 111 frå Noreg har alle som er statsborgarar av eit EØS-land, og som på grunn av busetjing eller arbeid i Noreg er medlem i folketrygda og høyrer til personkrinsen som er omfatta av EØS-avtalen sine føresegner om koordinering av trygderettar innan EØS-området. Det er altså ein rett som ikkje berre gjeld norske statsborgarar.

I dei aller fleste tilfella er det det lokale trygdekontoret som skal ferda ut og attestera blankett E 111. I retningslinjene frå Rikstrygdeverket går det klårt fram at han skal ferdast ut for ein nærmare avgrensa periode på inntil eitt år. Når det gjeld tida han skal gjelda for, har Rikstrygdeverket òg gitt melding til trygdekontoret om at ein bør ferda ut blanketten for eit heilt år. Etter det eg har fått opplyst, er den etablerte praksisen i trygdeetaten fylgjeleg at blanketten normalt blir gjeven for eitt år om gongen. Det kan vera spesielle forhold som gjer at trygdekontoret ikkje skriv ut blanketten for eit heilt år. For eksempel vil det vera tilfellet dersom trygdekontoret har opplysningar som tilseier at medlemskapen i folketrygda vil opphøyra tidlegare.

Blankett E 111 er felles for heile EØS-området og avtalerettsleg bindande for alle medlemslanda. Det finst ikkje noko anna felles trygdebevis som blir godteke som dokumentasjon på retten til slike helsetenester det her er snakk om, under opphald i alle dei andre EØS-landa. I Norden har ein blitt einig om at blanketten ikkje trengst. Tilsvarande gjeld i Storbritannia, men her må ein visa pass i staden.

Både for publikum og trygdeetaten er det viktig at ordninga med blankett E 111 fungerer effektivt og smidig. Det er viktig at ein kan skaffa seg attesten på kort tid. Rikstrygdeverket har derfor gitt beskjed om at den enkelte brukar etter eige val kan be om blanketten anten over telefon, pr. brev eller ved personleg frammøte på trygdekontoret. Det er òg lagt til grunn at attesten som utgangspunkt alltid skal gjevast den same dagen som trygdekontoret mottek førespurnaden. Rikstrygdeverket har òg vurdert ei ordning med automatisk utsending av attesten ved inngangen av kalenderåret, men førebels har ein kome til at dette korkje er betre, meir praktisk eller rekningssvarande.

Etter dei signala eg har fått, blir Rikstrygdeverket sine retningslinjer for utskriving av blanketten fylgt på ein tilfredsstillande måte.

Jan Johnsen (H): Jeg takker statsråden for svaret – som jeg selvfølgelig ikke er fornøyd med.

Jeg forstår at statsråden har fått opplysninger om at slik må det være, men jeg kan si til statsråden at når det gjelder Stavanger trygdekontor, ser de fram til en hverdag som er annerledes enn det den er i dag. I visse deler av året står det nemlig store køer for å få dette skjemaet. Og det må i dagens verden eventuelt gå an å få et plastkort som det jeg har i neven her, som man kan ha sammen med alle de andre kortene man har, og som forteller hvilke rettigheter man har. Det har man bl.a. innenfor skadeforsikring og reiseforsikring, og det må kunne gå an å få det samme også fra trygdekontoret på dette området.

Vil statsråden se på muligheten av å få en mer fleksibel ordning for dette som kan tilfredsstille både kunde og trygdekontor, når begge parter er opptatt av å få en annen ordning enn den vi har i dag?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Eg har gjeve mitt svar ut frå dei opplysningane som eg har fått frå Rikstrygdeverket om korleis det regelverket som vi har i dag, fungerer, og òg då med den konklusjonen at retningslinjene blir fylgde på ein tilfredsstillande måte.

Eg høyrer det representanten Jan Johnsen framfører, og det eksemplet han brukar, og eg er heilt einig i det som han peikar på her, at det er ikkje på dette området tilsette på trygdekontoret skal bruka store delar av si tid. Så eg tar dei signala som representanten Johnsen har kome med, og vil syta for ei grundigare undersøking av kor mykje tid trygdekontora må bruka på dette spørsmålet.

Jan Johnsen (H): Jeg takker for svaret som statsråden gav, som jeg syns var veldig tilfredsstillende.

Jeg forstår at statsråden har skjønt poenget som jeg kom med, nemlig å få til en lettere og smidigere ordning både for kunde og trygdekontor. Og jeg kan opplyse statsråden om at representanten Jan Johnsen gjerne skal gå inn i en gruppe som kan være med og se på dette, hvis det kunne lette arbeidet, uten å ta fem øre for det. Jeg tror nok vi skal komme fram til en ordning hvis vi bare får mulighet til å se på det, og jeg går da ut fra at statsråden setter ned en gruppe eller vil be noen se på dette, slik at vi for neste år får en litt mer profesjonell ordning enn det vi har i dag.

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa : Representanten Jan Johnsen har før tatt opp spørsmål ut frå ei haldning som går på å forbetra tilbod, tiltak og regelverk som vi har i dag, både for brukarane og for dei som skal forvalta dette regelverket. Eg takkar for tilbodet om ein dugnadsinnsats når det gjeld denne saka. Lat meg ikkje på dette tidspunkt forskottera noka anna løysing enn den som er i dag, men lat meg understreka at eg skal gå nøyare gjennom den praksis som er i dag, ut frå det eksemplet som Jan Johnsen framførte her.