Stortinget - Møte tirsdag den 1. juni 1999 kl. 10

Dato: 01.06.1999

Dokumenter: (Innst. S. nr. 195 (1998-99), jf. St.meld. nr. 3 (1998-99))

Sak nr. 4

Innstilling frå finanskomiteen om statsrekneskapen medrekna folketrygda for 1998

Talere

Votering i sak nr. 4

Lars Gunnar Lie (KrF) (leiar i komiteen og ordførar for saka): St.meld. nr. 3 om statsrekneskapen medrekna folketrygda for 1998 har etter handsaming i finanskomiteen fått ei tilråding som ein samla komite står bak. Og debatten i dag vil ikkje verta omfattande. Hovudgrunngjevinga for det er at Stortinget seinare, på grunnlag av innstilling frå kontroll- og konstitusjonskomiteen til dokument frå Riksrevisjonen, får høve til å debattera dei kontrollmessige og konstitusjonelle sidene ved rekneskapen.

Eg gjer merksam på at i vedlegg til innstillinga er det teke med brev frå finansministeren datert 21. mai 1999 der det er gjeve korreksjon og utfyllande merknader til to område i statsrekneskapen.

Dei samla inntektene i statsrekneskapen for 1998 var 471,3 milliardar kr, medan utgiftene var på 443,7 milliardar kr, noko som fortel at norsk økonomi er solid. Nettoinntektene i statsbudsjettet frå petroleumsverksemda var på 45 milliardar kr. Og dei store avvika i høve til vedteke budsjett skuldast m.a. dei store endringane i oljeprisen, noko som vert illustrert ved at netto oljeinntekter har gått ned med 41,8 milliardar kr frå 1997 til 1998.

Meldinga gjev også eit oversyn over inntekter og utgifter til Statens petroleumsfond, som ved utgangen av 1998 hadde ein kapital på 164,6 milliardar kr, og samla overskot for 1998 var på 34,2 milliardar kr. La meg her leggja til at ein har grunn til å vera nøgd med den måten Noregs Bank forvaltar Statens petroleumsfond på.

Det er også i meldinga gjort greie for utviklinga i folketrygda for 1998, om avgiftsauken i sjukepengar og uførepensjon, om medisinsk rehabilitering og endringa i talet på alderspensjonistar. Nokre få område har fått eigen omtale, m.a. satsingsområda som det er brei politisk semje om når det gjeld helse og eldre.

Med dette vil eg tilrå innstillinga frå finanskomiteen.

Oddbjørg Ausdal Starrfelt hadde her teke over presidentplassen.

Presidenten: Fleire har ikkje bede om ordet til sak nr. 4.

(Votering, sjå side 3545)

Votering i sak nr. 4

Komiteen hadde innstillet:

St.meld. nr. 3 (1998-99) – Statsrekneskapen medrekna folketrygda 1998 – vert å leggje ved protokollen.

Votering:Komiteens innstilling bifaltes enstemmig.