Stortinget - Møte onsdag den 2. juni 1999 kl. 10

Dato: 02.06.1999

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 12

Grethe G. Fossum (A): Jeg vil få stille følgende spørsmål til barne- og familieministeren:

«Statsråden har sagt at de i aldersgruppen over 3 år har full barnehagedekning.

Hvor mange barn under 3 år står på venteliste for å få plass i barnehage, og hvordan har statsråden tenkt å få disse familienes barnehagebehov dekket innen år 2000?»

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Det er ikkje rett at eg har sagt at vi har full barnehagedekning for born over tre år. Kor representanten har høyrt eller lese det, kunne eg gjerne tenkja meg å få referert, for det har eg aldri uttalt. For born over tre år manglar det nokre tusen plassar før ein har full behovsdekning. Det tyder på at vi i løpet av kort tid kan oppnå intensjonen om full behovsdekning for denne gruppa med born.

Barne- og familiedepartementet nyttar seg ikkje einsidig av ventelister som eit mål på kor mange nye plassar som trengst før vi har full behovsdekning. Dei ventelistene som kommunane har, er usikre i forhold til den reelle etterspurnaden etter barnehageplassar. På desse ventelistene står òg born som har barnehageplass, fordi foreldra i røynda ynskjer plass for barnet i ein annan barnehage.

Når eg likevel seier at vi nærmar oss målet om full behovsdekning, er det på bakgrunn av at stadig fleire kommunar, ca. en tredjedel etter Asplan Viak, melder om full dekning eller overkapasitet, og at svært mange kommunar alt har nådd eller nærmar seg dette målet. Det inneber ikkje at eg ikkje er kjend med at behovet framleis er større enn tilbodet i mange norske kommunar. Den største udekte etterspurnaden er for born under tre år.

Eg har ei viss forståing for at kommunane er usikre på korleis innføringa av kontantstøtta vil påverka etterspurnaden etter barnehageplassar for denne aldersgruppa. Asplan Viak, Trondheim, fekk derfor i oppdrag av Barne- og familiedepartementet å vurdera korleis kontantstøtta verka inn på barnehagetilbodet i 40 norske kommunar. Tilbakemeldingane frå barnehageadministrasjonen i desse kommunane var generelt sett at det var for tidleg å seia noko om kva for konkrete verknader kontantstøtta har på behovet for barnehageplassar. I om lag 30 pst. av kommunane meinte dei at det var ein redusert etterspurnad etter barnehageplassar for born under tre år, medan det for born over tre år var lita eller inga endring. Denne undersøkinga viser m.a. at det kan vera vanskeleg så tidleg etter innføringa av kontantstøtta å slå fast kva full barnehagedekning verkeleg vil vera i den enkelte kommunen. Konkretiseringa av behovet og definisjonen av full behovsdekning varierer med fleire titals prosent frå kommune til kommune.

Grethe G. Fossum (A): Det kunne være interessant å gjøre dette til en debatt om hva full behovsdekning er. Det skal jeg ikke gi meg inn på, men jeg regner med at når Regjeringen har sagt at de vil ha full behovsdekning i år 2000, vet de hva som skal til.

Det man ikke bruker her, er en venteliste, for der er det mange usikkerhetsmomenter. Men det man vet, er at det mangler et par tusen plasser i forhold til de barna som er over tre år. Da forundrer det meg at man ikke vet hvor mange plasser det mangler for dem under tre år. Det har jeg nemlig ikke fått svar på.

Høstens budsjett blir utrolig spennende, for da foregår evalueringen, og det er det siste budsjettet før man skal bestemme hva full barnehagedekning er. I hvert fall må statsråden komme med svaret da, og vi gleder oss til å se om hun da svarer på spørsmålet om hvordan statsråden har tenkt å få disse barnefamilienes barnehagebehov dekket.

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Eg må presisera svaret mitt litt og attgjevinga av det: Eg sa ikkje eit par tusen, eg sa nokre tusen, og det kan vera meir enn eit par tusen. Det er noko med språkforvirring her i forhold til nynorsk og bokmål. Men vi manglar altså ein del, og vi manglar nokre tusen for dei som er over tre.

Grunnen til at det òg for så vidt er noko vi reknar med, og grunnen til at vi har utsett barnehagemeldinga, er at vi innhentar meir korrekt informasjon frå kommunane i forhold til det reelle behovet. Og vi reknar med at vi vil ha eit langt grundigare bakgrunnsmateriale framfor oss når vi skal legga fram barnehagemeldinga.

Det vi òg veit, er at kommunane sjølve opererer med full dekning – nokre innan år 2000, nokre innan år 2004. Det tilseier at det kjem til å bli forskjellig måloppnåing i kommunane òg innan år 2000. Det er eg ganske sikker på.

Når det gjeld budsjettet, kan vi vera spente på det alle saman. Då må det sjølvsagt – slik som òg representanten meiner – ligga pengar inne til barnehagesektoren.