Stortinget - Møte onsdag den 2. juni 1999 kl. 10

Dato: 02.06.1999

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 11

Karita Bekkemellem Orheim (A): Jeg vil få stille følgende spørsmål til barne- og familieministeren:

«I forbindelse med innføringen av kontantstøtten uttrykte vi vår bekymring for at barn med spesielle behov ville velge bort barnehageplassen sin. På barnehagekonferansen til Norsk Lærerlag etter påske ble problemstillingen reist, og det var stor bekymring for denne gruppen blant barnehagepersonalet. Dette skrev også Norsk Førskolelærerblad nr. 10/99.

Ser statsråden at dette er et problem, og hvilke tiltak vil hun sette i verk for å sikre denne gruppen barn et trygt og godt omsorgstilbud?»

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Utfordringane som er knytte til spørsmålet representanten Bekkemellem Orheim stiller, vart omtalt i proposisjonen om kontantstøtte. I kapitlet om barnehagen si rolle for born med særskilde behov, er m.a. høyringsinstansane sine syn når det gjeld desse borna, omtalt.

I proposisjonen la Regjeringa til grunn at valfridomen skal gjelda alle familiar, også dei familiar som har born med særskilde behov. Vi la også vekt på høve til å velja ein kombinasjon av barnehage og kontantstøtte. Eg trur ein slik kombinasjon kan passa godt for mange, også for familiar som har born med særskilde behov.

Ordninga med kontantstøtte skal evaluerast av Forskningsrådet. I oppdraget deira er det m.a. lagt vekt på at evalueringa må omfatta korleis kontantstøtta verkar nettopp for born med særskilde behov. Dersom denne evalueringa skulle visa at desse borna ikkje får den naudsynte omsorga og stimuleringa dei treng, eller at talet på born med særskilde behov i barnehagane skulle gå sterkt ned, må vi sjølvsagt vurdera kva for tiltak og eventuelle endringar vi må setta i verk. Eg vil vurdera desse spørsmåla etter kvart som resultata frå evalueringa ligg føre.

Førebels har ein del uttrykt uro, men til no har vi i departementet ikkje fått konkrete opplysningar om at dei borna det her er snakk om, har slutta i barnehagane. Eg har den tiltrua til foreldra at dei sjølve kan ta stilling til kva som er best for borna deira.

Vidare vonar eg at foreldra lyttar til dei råda dei får, t.d. frå helsestasjonane eller barnehagane. Eg vonar òg at barnevernet framleis samarbeider med foreldra om gode løysingar til beste for borna, slik dei gjorde før kontantstøtta vart innført.

Karita Bekkemellem Orheim (A): Jeg vil takke statsråden for svaret. Først vil jeg si at det finnes konkrete eksempler på at denne situasjonen har oppstått, og det er nok å vise til oppslaget i Norsk Førskolelærerblad nr. 10/99.

Jeg aksepterer også det politiske valget som Regjeringen har gjort når de har prioritert sin ordning, men jeg synes ikke det er akseptabelt at en gruppe barn som har det vanskelig nok i utgangspunktet, ikke skal få et godt nok tilbud. Jeg er opptatt av at disse barna skal få trygge og gode omsorgstilbud. Jeg regner også med at barne- og familieministeren er enig med meg i den betydningen barnehagene har i barnevernstjenestens arbeid for de mest utsatte barna og deres familier.

Når det gjelder å avdekke omsorgssvikt og sette inn tiltak, som er spesielt omtalt i barnevernsloven, er det ingen tvil om barnehagenes betydning. Beklageligvis er det flere eksempler rundt om i landet på at foreldrene til vanskeligstilte barn trekker ut barna av barnehagene og heller vil ha kontantstøtte, og det vil ta minst ett år fra tvangsvedtak er klart til disse barna kan plasseres i en barnehage.

Helt til slutt: Vi har tiltro til foreldrene, men det er ikke bestandig at alle foreldre gjør de riktige valgene for sine barn.

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: I departementet er vi ikkje kjende med fleire tilfelle rundt omkring i landet. Eg har lese det som stod i Norsk førskolelærerblad som representanten refererte til. Vi veit òg at mange av dei som jobbar i barnehage, har veldig sterke synspunkt på kontantstøtta og er flinke til å marknadsføra eventuelle uheldige konsekvensar av ho.

Det som for meg er viktig å streka under, er at barnevernet ikkje har fått endra arbeidsvilkår etter at kontantstøtta vart innført. Barnevernet skal vera ein aktiv deltakar og gi desse borna gode oppvekstvilkår, og òg legga til rette for dei ordningane som er best for borna. Eg er ganske sikker på at barnevernet i samarbeid med foreldra skal kunna finna fram til gode løysingar. Dersom vi er nøydde til å endra noko på kriteria for at barnevernet på ein lettare måte skal kunna gripa inn, ja, så er eg gjerne villig til å gå inn i ein slik dialog. Men ein fremmar ikkje endringsforslag ut frå eit eksempel med to born. Her må vi veta om dette er eit stort problem, og det vil vi få greie på når forskingsrapporten kjem.