Stortinget - Møte onsdag den 8. mars 2000 kl. 10

Dato: 08.03.2000

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 2

Gunnar Kvassheim (V): «I forbindelse med adopsjon må de involverte foreldre forholde seg til en rekke ulike instanser og fylle ut et stort antall skjemaer. Dette oppleves som meget arbeidskrevende og belastende. Regjeringen har satt i gang et bredt anlagt arbeid for å få «Et enklere Norge».

Vil statsråden medvirke til at det blir en gjennomgang av rutinene i forbindelse med adopsjon med sikte på å få til en forenkling?»

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Målet med ein adopsjon er som kjent ikkje å finna born til foreldre, men å gi born som treng det, gode foreldre. Det følgjer både av Barnekonvensjonen til FN, av Haagkonvensjonen om vern av born og samarbeid ved internasjonale adopsjonar og dessutan av vår eiga adopsjonslov at adopsjonsløyve kan ein berre gi når det er truleg at adopsjonen vil bli til beste for barnet. Adopsjonsstyresmaktene må difor sikra seg, så langt det er mogleg, at adoptivsøkjarane har dei føresetnadene og eigenskapane som skal til for å kunna gi barnet ein trygg og god oppvekst.

Dei retningslinene som gjeld for handsaming av søknader om adopsjon, er utforma av omsyn til barnet. I dette ligg det at det må stillast krav til adoptivsøkjarane.

Dei som ynskjer å adoptera, må venda seg til kommunen der dei bur. Kommunen utgreier søkjarane og skriv ei grunna tilråding om adopsjon. Søkjarane må kunna dokumentera at dei har god helse, god vandel og trygg økonomi. Det er såleis naudsynt med legeattest, uttømmande politiattest, vigselsattest og likningsattest. I tillegg kjem fødsels- eller dåpsattest, eigenerklæring om helse og ei erklæring frå den adopsjonsorganisasjonen som skal formidla adopsjonen.

Sosialrapporten frå kommunen er viktig. Når det gjeld adopsjon av norske born, veit ein kven barnet som skal plasserast, er. Dette gjer det lettare å finna dei beste foreldra til barnet. Ved adopsjon av born frå utlandet veit ein på førehand vanlegvis ikkje kven barnet er. Det er difor viktig at dei opplysningane som opphavslandet til borna får, gir eit grundig inntrykk av søkjarane, slik at landet får eit best mogleg grunnlag når dei skal finna nye foreldre til borna sine.

Eg ser at einskilde spørsmål i sosialrapporten kan opplevast som noko inngåande og vanskelege for nokre søkjarar å svara på. Det eg har større problem med å forstå, er dersom søkjarane meiner det er utidig at adopsjonsstyresmaktene i Noreg og opphavslanda til borna krev denne dokumentasjonen.

Når dette er sagt, vil eg seia at eg har lenge sett at det er naudsynt med ein større gjennomgang og revidering av dei skjema som gjeld ved handsaming av søknad om adopsjon. Dette vart ytterlegare aktualisert som følgje av at Stortinget våren 1999 vedtok ei rekkje endringar i adopsjonslova.

Eg ser at nokre skjema kan gjerast enklare og betre. Av di mykje er felles ved innanlands- og utanlandsadopsjon, kan det òg vera gagnleg med like skjema der dette er mogleg. Eg meiner at dette vil kunna vera ei god hjelp når det gjeld å letta rutinane ved adopsjon.

Regjeringa har sett i gang eit breitt arbeid for å få eit enklare Noreg. Eg er glad for å kunna seia at eitt av prosjekta der nettopp er å sjå om ein kan forenkla dei skjema som gjeld ved adopsjon. Dette samarbeidsprosjektet med Statens ungdoms- og adopsjonskontor er godt i gang og vil venteleg vera avslutta innan sommaren 2000.

Gunnar Kvassheim (V): Jeg er enig med statsråden i at de overordnede hensyn som skal ivaretas i forbindelse med adopsjon, hele veien må stå i fokus i forbindelse med behandlingen av adopsjonssaker. Men jeg er også glad for, som det går fram av det positive svaret, at en er i gang med å gå gjennom de skjemaene som brukes i forbindelse med adopsjon med sikte på å få til en forenkling, og at en allerede nå konkret ser at det her er et forenklingspotensial.

Etter at det ble kjent at jeg skulle ta opp dette spørsmålet i spørretimen, har jeg fått en rekke henvendelser fra foreldre som sier at de har forståelse for at det er overordnede hensyn som skal ivaretas, men samtidig – ut fra sine erfaringer – peker på mulighetene for forenkling, slik at dette blir enklere å forholde seg til og mindre tidkrevende å gå gjennom.

Mitt tilleggsspørsmål til statsråden er om man i forbindelse med denne gjennomgangen kan tenke seg å forsøke å involvere adopsjonsorganisasjonene med sikte på å få en brukerorientering.

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: På det kan eg svara ja, vi har alt sendt brev til alle adopsjonsorganisasjonane og bedt dei koma med innspel med sikte på forenkling. Førebels har vi ikkje fått veldig mange svar, men eg vonar at dei som er medlemer der, og som er aktive, vil påverka organisasjonane til å koma med forslag til oss. Eg kan òg gjerne ta kontakt med dei igjen og utfordra dei for å spørja om dei vil koma med forslag til forenklingar. Arbeidet er i alle fall godt i gang, og eg vonar at vi får resultat i løpet av sommaren 2000.

Presidenten: Spørsmål 3 vil bli svara på seinare.