Stortinget - Møte onsdag den 8. mars 2000 kl. 10

Dato: 08.03.2000

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 25

Aud Gaundal (A): Jeg vil gjerne stille følgende spørsmål til sosialministeren:

«Da Stortinget behandlet Handlingsplan for eldreomsorgen (1996-97), ble det ikke diskutert om en eller flere kommuner kunne satse på tilbud og tjenesteyting i utlandet. I Leksvik kommune har det vært drøftet et interkommunalt samarbeid om tiltak i Syden. Boligene er tenkt som gjennomgangsleiligheter for opphold på 3-12 uker, og de eldre må selv bekoste reise og opphold.

Mener statsråden at det er riktig å bygge slike boliger i Syden som en del av handlingsplanen?»

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Det er rett som representanten Gaundal peiker på: Tilbod i utlandet vart ikkje drøfta i samband med eldremeldinga. Fyrst i seinare tid har nokre kommunar starta planlegging av slike prosjekt.

På førespurnad har Husbanken for om lag eit år sidan uttala at investeringstilskot kan ytast til prosjekt også i utlandet dersom dei vanlege vilkåra ligg føre. Kommunal- og regionaldepartementet sende i samråd med Sosial- og helsedepartementet 17. november 1999 eit brev til Husbanken der nokre av vilkåra vart presiserte. Sidan norsk helse- og sosiallovgjeving ikkje gjeld i utlandet, må den aktuelle kommunen syta for at dei personane det gjeld, gjennom avtale vert sikra naudsynte tenester og rettar. Det same gjeld etablering av det faglege tilsynet. Ut frå dette er det lite aktuelt at pleietrengande får eit varig tilbod i utlandet.

Etablering av tiltak utafor Noreg reiser fleire rettslege spørsmål som førebels ikkje er godt nok avklarte. Sosial- og helsedepartementet har ut frå dette skriftleg teke opp med Justisdepartementet si lovavdeling nokre av dei spørsmåla som treng nærare avklaring.

Ved at det alt er opna for at investeringstilskot kan nyttast slik, inneber det at det kan vera aktuelt at ein kommune etablerer eit tilbod i utlandet som ein del av eldreplanen. For at det skal vera forsvarleg, må kommunen i kvart tilfelle dokumentera behovet for ei etablering og også kunna forsvara prioriteringa i forhold til kommunen si totale planlegging.

Det er her stor skilnad mellom tilfelle som gjeld personar som er sterkt pleietrengande, og der ein har mindre hjelpebehov og av den grunn er meir i stand til å velja eit alternativt tilbod i utlandet. Kommunen har eit særleg ansvar for å vurdera slike omsyn. Det same har fylkesmannen og fylkeslegen som til vanleg skal gje tilråding til Husbanken på søknader om tilskot. Handlingsplanen vart vedteken for å sikra eit betre tilbod til dei eldste og mest pleietrengande.

Eg er positiv til at vi kan leggja til rette for fleksible løysingar som kan gje tidsavgrensa omsorgstilbod i land med klima og andre forhold som kan gje helse- og trivselseffekt. Samstundes er eg svært oppteken av at eventuelle prosjekt må planleggjast nøye, og at regelverk og avtalar som har verknad for dei personane det gjeld, er klårlagde.

Regjeringa vil i mai leggja fram ei stortingsmelding som inneheld ein gjennomgang av eldreplanens to fyrste år. Der vil denne problemstillinga bli nærare drøfta.

Aud Gaundal (A): Jeg takker statsråden for et svar som jeg for så vidt er godt fornøyd med, og understreker det også statsråden sier, nemlig at handlingsplanen ble vedtatt for å sikre et bedre tilbud til de eldste og mest pleietrengende. Det er vel min følelse i den sammenhengen at det kanskje ikke er de eldste eldre som er med på å planlegge tilbud i utlandet, men at det er godt funksjonsfriske, som ser for seg en frisk alderdom med mulighet til å reise til Syden.

Eldresatsingen skulle jo gjøre det lettere å få et godt tilbud uavhengig av hvilken kommune man bor i. Den skulle komme de eldre konkret til gode. Mitt tilleggsspørsmål er: Kan vi risikere at enkelte kommuner for så vidt har eksklusive tilbud til sine eldre, mens det i andre kommuner blir vanskelig, selv om man er sterkt pleietrengende, å komme inn på sykehjemmet?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Utgangspunktet for eldreplanen var å sikra ei meir likeverdig eldreomsorg landet over. Det er mitt bestemte inntrykk at det òg er det som er erfaringa frå dei to fyrste åra. Eg legg altså fram ei eiga stortingsmelding i løpet av våren for å belysa det ytterlegare. Samtidig vil det vera slik at prioriteringane i den enkelte kommunen vil vera forskjellige. Det kan bety at det framleis kan vera lokale variasjonar, men i forhold til eldreplanen og dei midlane som kommunane der får del i, er det altså visse kriterium som skal sikra at det er dei eldste eldre og dei som er mest pleietrengande, som her skal få eit betre tilbod.