Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Eg skal få stilla følgjande
spørsmål til samferdselsministeren:
«Ryfylke er eit område i
Rogaland der auka busetnad kan avlasta pressområdet Nord-Jæren.
Tryggleik og stabilitet når det gjeld kommunikasjonar,
er ein føresetnad både for innbyggjarar og næringsliv.
I øykommunen Finnøy vil varsla fjerning av ei
av tre ferjer gi eit dramatisk dårlegare rutetilbod. Føreslegen
reduksjon av hurtigbåttilbodet i Ryfylke har medført
stor uro.
Vil statsråden ta initiativ for å sikra
midlar og samarbeidsformer som gir innbyggjarane tryggleik i forhold
til båt og ferje?»
Statsråd Terje Moe Gustavsen: Den varslede fjerningen av én av
tre ferjer i Finnøysambandet har sin bakgrunn i uenighet
mellom staten og fylkeskommunen om fylkeskommunal betaling for riksvegferjers
anløp av fylkesvegkaier.
Finnøysambandet er et såkalt
blandet samband, der riksvegferjene betjener både riksveg-
og fylkesvegkaier. Saken gjelder nærmere bestemt at fylkeskommunen gjennom
flere år har betalt mindre for anløp av fylkesvegkai
enn det de generelle retningslinjene for slik betaling fra 1989
tilsier. Dette er retningslinjer som alle fylkeskommuner i lignende
situasjon som Rogaland må innrette seg etter. Statens vegvesen
har etter at det i 1998-99 gjennomgikk beregning av betaling i henhold
til retningslinjene, tatt opp spørsmålet om riktig
betaling med fylkeskommunen. Dette har ikke lykkes. Vegvesenet har
deretter varslet at ferjetilbudet i Finnøysambandet ville
bli redusert fra 1. april 2000 om ikke fylkeskommunen økte
sin betaling. Av praktiske årsaker har departementet pålagt
Statens vegvesen å videreføre tilbudet i Finnøysambandet
til 1. juli uten økning i den fylkeskommunale betalingen.
Etter den tid må imidlertid de generelle retningslinjene
for betaling til Statens vegvesen for riksvegferjers anløp
av fylkesvegkai legges til grunn i Finnøysambandet. Dersom
ikke fylkeskommunen da øker sin betaling, vil det måtte
gjennomføres rutereduksjoner i fylkesferjedriften
i Finnøysambandet.
Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Eg vil takka for svaret og gje uttrykk for
forståing for at det her må vera felles retningslinjer
frå fylke til fylke.
Mitt spørsmål galdt både
ferje- og hurtigbåttilbodet, der det òg er ei
dramatisk endring.
Høgare oljepris enn det som var føresetnaden
då statsbudsjettet for i år vart lagt fram, eit
lønsoppgjer som inneber auka kostnader for fylkeskommunane
samt ein varsla gjennomgang av sjukehusøkonomien frå Regjeringa
si side – alt dette er faktorar som har mykje å seia
for fylkeskommunane sin økonomi, og som gjer at dei går nøye
gjennom kva som er lovpålagde oppgåver og kva som
ikkje er det.
Vil Regjeringa i revidert budsjett og i Nasjonal
transportplan sjå på kva som kan gjerast for å sikra
gode kommunikasjonar både på kort og på lengre
sikt?
Statsråd Terje Moe Gustavsen: Jeg er glad for at vi har en felles forståelse
av de vilkår fylkesvegsambandene må være
underlagt.
Når det gjelder spørsmål
knyttet til revidert nasjonalbudsjett, er det vanskelig for meg å komme
inn på konkrete forhold i så måte. Men
vi er selvsagt vel kjent med den kostnadsøkningen som har
skjedd med hensyn til båt- og ferjetrafikk, bl.a. av de årsaker
som representanten Meltveit Kleppa viste til.
Jeg vil for øvrig også vise
til det svar som jeg avgav i spørretimen for en uke siden
vedrørende ferjenes økonomi, nemlig at vi vil
vurdere situasjonen med det aller første.
Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Eg takkar for den stadfestinga eg her fekk,
i forhold til kva som vil bli vurdert i revidert budsjett.
Lat meg peika på at Rogaland er eit
ferjefylke, der øyar og fjordar gjer befolkninga i fleire
kommunar avhengig av båt og ferje. Og Ryfylke er ein av
fleire regionar der det er eit sterkt engasjement for auka busetjing
og eit meir variert næringsliv. Ungdom kan der få byggjeklare
tomter – til og med barnehageplass. Det er ei sterk satsing
bl.a. på havbruk, som jo er ei næring med eit
stort potensial for fleire arbeidsplassar.
Gode kommunikasjonar er heilt avgjerande for
den framtidstrua og den optimismen som har vore gjeldande, og som
framleis skal vera det. Eg vil be samferdselsministeren medverka
til det.
Statsråd Terje Moe Gustavsen: Foruten at Rogaland er et ferjefylke, er det
også et fylke som har stor vekst og stort vekstpotensial,
ikke minst for nye deler av næringslivet.
Jeg er aldeles enig i at en næringsvekst
i distriktene er sterkt avhengig av gode kommunikasjoner. Det vil
vi ha med oss i forhold til revidert nasjonalbudsjett, men ikke minst
vil vi ha det med oss når vi legger fram Nasjonal transportplan.