Stortinget - Møte tirsdag den 11. april 2000 kl. 10

Dato: 11.04.2000

Sak nr. 9

Forslag fra stortingsrepresentant Kenneth Svendsen på vegne av Fremskrittspartiet og Høyre oversendt fra Odelstingets møte 7. mars 2000
(Jf. Innst. O. nr. 53):
«Stortinget ber Regjeringen legge frem lovforslag om at rederibeskattede selskaper med inntektsutjevnende virkning skal kunne yte konsernbidrag seg imellom innenfor rammene av årets netto finansinntekt og inntektstillegget for høy egenkapital.»

Talere

Votering i sak nr. 9

Ingebrigt S. Sørfonn (KrF): Eg bed om ordet for å minna om den presiseringa som eg gav med omsyn til dette temaet under Odelstinget si handsaming av Innst. O. nr. 53, den 7. mars.

Finansdepartementet har tolka skattelova § 8-18 fjerde ledd bokstav a slik at konsernbidrag mellom selskap innanfor rederiskatteordninga ikkje skal ha inntektsutjamnande verknad.

I samband med finanskomiteen si handsaming av Ot.prp. nr. 21 for 1999-2000 dukka så spørsmålet opp om dei endringane i rederiskattereglane som er innførte med verknad frå og med inneverande inntektsår, bør føra til ei endring av den nemnde praksisen.

I brev av 10. februar i år til Høgre si stortingsgruppe skreiv dåverande finansminister m.a. at det på bakgrunn av dei vedtekne endringane i rederiskattereglane kan vera materielle grunnar for å vurdera eit avgrensa høve til å yta konsernbidrag med inntektsutjamnande verknad mellom selskap innanfor rederiskatteordninga. Finansministeren skreiv vidare at han ville koma attende til dette i samband med skatteopplegget for 2001.

I presiseringa mi den 7. mars sa eg at i og med at dei endringane som har ført til ein slik konklusjon – som dåverande finansminister hadde – gjeld frå og med inntektsåret 2000, er det rimeleg at det i den varsla vurderinga vert sett på om òg eit eventuelt høve til å yta konsernbidrag med inntektsutjamnande verknad mellom selskap innanfor rederiskatteordninga bør gjelda frå same tidspunkt – altså frå og med 2001.

Eg går ut frå at òg den nye finansministeren har teke inn dette elementet i samband med framlegg til skatteopplegget for 2001. Ikkje minst er det viktig at eventuelle endringar vert gjorde med verknad frå og med inntektsåret 2000.

Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 9.

(Votering, se side 2733)

Votering i sak nr. 9

Presidenten: Det voteres over forslag fra stortingsrepresentant Kenneth Svendsen på vegne av Fremskrittspartiet og Høyre oversendt fra Odelstingets møte 7. mars 2000:

«Stortinget ber Regjeringen legge frem lovforslag om at rederibeskattede selskaper med inntektsutjevnende virkning skal kunne yte konsernbidrag seg imellom innenfor rammene av årets netto finansinntekt og inntektstillegget for høy egenkapital.»

Votering:Forslaget fra Fremskrittspartiet og Høyre ble med 67 mot 31 stemmer ikke bifalt.(Voteringsutskrift kl. 12.11.18)