Stortinget - Møte onsdag den 20. oktober 1999 kl. 10

Dato: 20.10.1999

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 21

Steinar Bastesen (TF): Jeg har et spørsmål til sosialministeren:

«Ved barns sykdom har hver forelder rett til 10 omsorgsdager. I mange tilfeller er det av praktiske og økonomiske årsaker umulig for den ene å ta ut sine 10 dager, for eksempel fiskere og nordsjøarbeidere. I praksis vil dette si at mange barn mister retten til halvparten av disse omsorgsdagene.

Vil statsråden vurdere om det, i tilfeller som nevnt ovenfor, kan åpnes for rett til overføring av omsorgsdager fra en forelder til den andre?»

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Etter gjeldande reglar har ein arbeidstakar som har omsorg for barn, rett til omsorgspengar frå arbeidsgjevaren dersom han eller ho er borte frå arbeidet på grunn av nødvendig tilsyn med og pleie av eit sjukt barn i heimen eller i helseinstitusjon, eller fordi den som har det daglege barnetilsynet, er sjuk. Denne retten gjeld til og med det kalenderåret barnet fyller 12 år. For eit kronisk sjukt eller funksjonshemma barn gjeld retten til og med det året barnet fyller 18 år. Arbeidstakaren har rett til omsorgspengar i opptil 10 stønadsdagar for kvart kalenderår. Om han eller ho har omsorg for meir enn to barn, blir det gitt omsorgspengar i opptil 15 stønadsdagar. Dersom arbeidstakaren har eit kronisk sjukt eller funksjonshemma barn, kan han eller ho ha rett til omsorgspengar i opptil 20 stønadsdagar. Når arbeidstakaren er aleine om omsorga, blir talet på stønadsdagar auka til det doble, dvs. 20, 30 eller 40. Arbeidstakaren blir rekna for å ha aleineomsorg for eit barn òg i tilfelle der den andre av foreldra over lang tid ikkje kan ha tilsyn med barnet fordi han eller ho er funksjonshemma, innlagd i helseinstitusjon e.l. Når ein arbeidsgjevar har betalt omsorgspengar til arbeidstakaren i meir enn 10 stønadsdagar i eit kalenderår, kan arbeidsgjevaren krevja å få refusjon frå trygda for det talet på stønadsdagar som overstig 10.

Mange arbeidstakarar har ein slik arbeidssituasjon at det er praktisk vanskeleg og for nokon umogleg å gjera bruk av retten til fri med omsorgspengar frå arbeidsgjevaren. For den enkelte arbeidstakaren ville det nok vera praktisk om den andre av foreldra i slike tilfelle kunne få utvida rettar. I praksis ville dette bety at vedkomande fekk rettar som einsleg forsørgjar. Men når folketrygdlova berre i særlege tilfelle opnar for ei slik jamstilling, er det med bakgrunn i at det ved ei slik vurdering er fleire omsyn å ta. Ei utviding av personkretsen som har rett til omsorgspengar som einsleg forsørgjar, ville bl.a. fått konsekvensar for arbeidsgjevarane til den aktuelle persongruppa i form av produksjonstap mv. på grunn av auka fråvær. Ei slik ordning ville òg fått økonomiske konsekvensar for folketrygda, då arbeidsgjevaren, som tidlegare nemnt, kan få refusjon for talet på stønadsdagar som overstig 10. Sist, men ikkje minst la meg òg peika å at det ville vore praktisk vanskeleg å avgrensa dei tilfella som skulle få slike utvida rettar. I samband med auken av talet på stønadsdagar for einslege forsørgjarar så langt tilbake som i 1978 føreslo Kommunal- og arbeidsdepartementet at ein burde sjå på faktiske forhold meir enn formelle, og at regelen f.eks. burde omfatta forsørgjar med ektefelle til sjøs, forsørgjar med vekependlande eller reisande ektefelle, eller fiskar med lange fråvær. Sosialdepartementet meinte at det ville vera store vanskar med å avgrensa stønadsretten om ein skulle leggja ei slik vid forståing til grunn. Så kom ein altså til at i særlege tilfelle burde ein gje stønad sjølv om forsørgjarane var to om omsorga, i dei tilfella som eg har gjort greie for innleiingsvis. Det er problematisk å gje særrettar til bestemte yrkesgrupper. Eg vil likevel no sjå nærare på dei reglane som gjeld i dag

I spørsmålet blir bl.a. fiskarar nemnt. Lat meg gjera merksam på at mange fiskarar blir rekna som sjølvstendig næringsdrivande. Sjølvstendig næringsdrivande har i dag ikkje rett til omsorgspengar. Ei utviding for fiskarar måtte derfor òg få konsekvensar for andre næringsdrivande.

Steinar Bastesen (TF): Jeg takker statsråden for svaret.

Selv om det ikke var så veldig optimistisk og fullt av mange problemer, var det en viss antydning til forståelse for problemet. Det er klart at det hun skisserte med hensyn til avgrensning, kan være et problem. Men jeg begriper ikke at det skal være et så stort problem, fiskerne er tross alt registrert i trygderegistret på blad B, så det er ikke noe problem å finne ut hvem de er. Nordsjøarbeidere og folk som arbeider borte, skulle det heller ikke være vanskelig å finne i systemet, så jeg begriper ikke at det skal være så vanskelig å finne ut av dette og kunne få til en ordning. Det er umulig å passe unger når man ligger oppe ved Svalbard og tråler reker eller man jobber om bord på en plattform. Jeg håper at statsråden ikke bruker altfor mange år på å vurdere om man skal få til en ordning. Jeg ser fram til at dette kan skje fort.

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Eg meiner at representanten Bastesen har all grunn til å sjå med optimisme på det svaret som han fekk i dag. For meg er det nødvendig å peika på motførestellingane her i forhold til ei utviding. Men trass i det ynskjer eg altså – ut frå dagens yrkesliv og dei praktiske vanskar som det her kan vera for den enkelte familie i forhold til eit sjukt barn – å sjå nærare på reglane vi har i dag. I det ligg det òg at eg er utolmodig etter å sjå nærare på ordninga og koma med ei vurdering.

Steinar Bastesen (TF): Jeg takker igjen for svaret, og jeg føler at vi har en dialog på gang.

Jeg vil bare at statsråden skal ha med seg dette på veien med hensyn til det hun sa om at fiskerne er selvstendig næringsdrivende: Det er rett at fiskerne karakteriseres som selvstendig næringsdrivende, men vi betaler inn noe som heter produktavgift, som skal tilsvare arbeidsgiveravgift. I tillegg betaler hver enkelt fisker trygdeavgift på lik linje med alle andre skattebetalere, og derfor får vi også sykepenger fra første dag, så i trygdesammenheng blir vi betraktet som vanlige lønnstakere. Slik sett blir det ikke helt rett når vi skal sammenlignes med selvstendig næringsdrivende. Det eneste vi ikke har, som andre folk har, er vanlig arbeidsledighetstrygd, men trygdemessig er vi på lik linje med vanlige lønnstakere. Så det er ikke noe poeng for å motsette seg en ordning.

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Lat meg berre streka under at det her er ulike forhold som må avvegast. Det er både praktiske og økonomiske forhold, og det er omsynet til andre grupper.

Men eg fekk eit spørsmål om eg vil vurdera om det kan åpnast for rett til overføring av omsorgsdagar. Eg veit at dette er noko som ikkje minst fiskarkvinnene sin organisasjon har vore oppteken av, og eg skal syta for at denne vurderinga får ei rask behandling. Det er eit vanskeleg, men viktig spørsmål representanten Bastesen her har teke opp.