Spørsmål 21
May Britt Vihovde (V): Eg har lyst til å stilla følgjande
spørsmål til samferdsleministeren:
«NSB BA har gitt uttrykk for at dei
har for mange reisande i rushtida, og vil difor auka prisane for å få færre reisande
på denne tida av døgnet. Statsråden har
avvist eit slikt forslag.
Er statsråden overtydd om at NSB BA
har ei klår oppfatning av at NSB BA i lokaltransporten
nettopp skal avlasta auka biltransport, og kva vil statsråden
gjera for å forvissa seg om ei slik forståing
i organisasjonen?»
Statsråd Terje Moe Gustavsen: NSB har opplyst at det er foretatt vurderinger
av ulike priser over døgnet. Jeg har imidlertid ingen indikasjoner
på at dette innebærer noen endring i NSBs forståelse
av sin rolle, som bl.a. er å være et godt transportalternativ
i lokaltrafikken.
Dette vil fra departementets side bli fulgt
videre opp i de pågående forhandlinger med NSB
om kjøp av transporttjenester.
May Britt Vihovde (V): Det var vel mange av oss som reagerte med
vantru då me såg på nyheitene at NSB hadde
vurdert å leggja på prisen sin i rushtida.
Eg vil ha meir klårleik frå statsråden
om han no har gitt så klåre signal til NSB BA
at dei aldri kjem opp igjen med slike forslag. For eg veit at dei
har kome med tilsvarande forslag til tidlegare samferdsleminister
Odd Einar Dørum, og eg trur det var eit ganske høgt
støynivå i departementskontora den gongen. Så går
det to år, og så kjem dei opp igjen med dei same
signala. Då vil eg ha ei forvissing om at dei skjønar
at dei skal driva med kollektivtransport, dei skal nettopp vera
der og ta unna i rushtida, stilla opp i rushtida, for å redusera
bilbruken. Dei skal vera eit godt tilbod til kundane sine.
Statsråd Terje Moe Gustavsen: Som det framgår av spørrerens
spørsmål, var det slik at jeg umiddelbart gav klart
uttrykk for at det å legge på prisen i rushtiden
ikke er noen aktuell politikk.
Når det gjelder spørsmålet
om evig framtid, skal man være noe varsom. I den situasjonen
som NSB er i nå, og i den nærmeste tid er det
uaktuell politikk. Jeg er i rimelig sikker på at NSB har
fått dette veldig klart, ikke minst etter den runden som
nettopp har vært. Men som jeg sa i mitt hovedsvar: Vi vil
også følge opp dette videre i forhandlingene om
kjøp av transporttjenester.