Stortinget - Møte torsdag den 22. november 2001 kl. 10

Dato: 22.11.2001

Dokumenter: (Innst. S. nr. 23 (2001-2002), jf. St.prp. nr. 3 (2001-2002))

Sak nr. 1

Innstilling fra sosialkomiteen om endring av bevilgningene på statsbudsjettet for 2001 for å styrke den helsemessige beredskap mot atom-, biologiske og kjemiske våpen

Talere

Votering i sak nr. 1

Magne Aarøen (KrF) (ordførar for saka): Hendinga i USA den 11. september og den etterfølgjande spreiinga av miltbrannbakteriar har vekt heile verda med omsyn til kva terroristar, same kva bakgrunn dei har og kvar dei kjem ifrå, kan utføre mot uskuldige, sivile mål.

Sjølv om helseberedskapen i Noreg må seiast å ha vore god, såg likevel regjeringa Stoltenberg det på bakgrunn av desse hendingane og trussel om mogleg attakk mot Noreg på dette området nødvendig å skunde på styrkinga av beredskapen mot ABC-våpen. Strakstiltaka som regjeringa såg nødvendige, har teke utgangspunkt i utgreiingar og vurderingar som har vore gjorde dei seinare åra. Tiltaka gjeld både kjøp og fordeling av utstyr og medisinar og kompetansefremjande tiltak.

Det rår full semje i sosialkomiteen om at det var rett å handtere dette som ei hastesak. Framlegget om å auke post 01 i kap. 797 med 62 mill. kr er difor samrøystes tilrådt frå komiteen.

Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 1.

Votering i sak nr. 1

Komiteen hadde innstillet:

I statsbudsjettet for 2001 vert gjort følgjande endring:

Kap.PostFøremålKroner
Utgifter:
797Helse- og sosialberedskap
1Driftsutgifter, kan overførast, aukast med 62 000 000
frå kr 12 000 000 til kr 74 000 000
Votering:Komiteens innstilling bifaltes enstemmig.

Presidenten: Til sak nr. 2 foreligger det ikke noe voteringstema. Se presidentens merknad før voteringen i sak nr. 3, denne side.

Før vi går til votering i sak nr. 3, vil presidenten gjøre oppmerksom på at det formelt ikke ble votert over forslaget om å fravike forretningsordenen. Presidenten finner det da riktig å be om Stortingets tilslutning til at saken nå tas opp til votering. – Det anses vedtatt.