Presidenten: Dette spørsmålet,
fra Marit Nybakk til barne- og familieministeren, vil bli besvart
av kultur- og kirkeministeren på vegne av barne- og familieministeren.
Marit Nybakk (A): Jeg har tillatt meg å stille følgende
spørsmål til barne- og familieministeren:
«I enkelte bydeler i Oslo
fjernes nå flerspråklige assistenter fra barnehager
av økonomiske grunner. Dette vanskeliggjør bl.a.
kontakt med foreldre som ikke behersker norsk.
Vil statsråden bidra til at det fortsatt
blir flerspråklige assistenter i flerkulturelle barnehager?»
Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Eg vil svara på dette spørsmålet
på vegner av barne- og familieministeren.
Fyrst vil eg understreka kor viktig det er
med eit kvalitativt godt barnehagetilbod som ikkje ekskluderer noko barn
på grunn av pris, låg utbygging eller
andre faktorar. Dette gjeld også for
born med minoritetsspråkleg bakgrunn. Eg finn det difor
svært urovekkjande dersom det er slik at tilbodet til born
med minoritetsspråkleg bakgrunn blir bygt ned i enkelte
bydelar av økonomiske årsaker.
Kommunane har valt ulike løysingar
i organiseringa av tilbodet til born med minoritetsspråkleg
bakgrunn. Staten bidreg med eit eige tilskot som dekkjer
ein del av dei kostnadene barnehagane har når det er tilsett
ein tospråkleg assistent. Alle godkjende barnehagar
som har tilsett tospråklege assistentar, har rett til dette
tilskotet, og vi brukar om lag 80 mill. kr årleg til føremålet.
Den tospråklege assistenten skal arbeide for at borna forstår og
kan gjera seg forstått, og skal vidare bidra til kulturformidling
og integrering i fellesskapet i barnehagen. Det er ikkje
gjort noka endring i denne tilskotsordninga
som skulle tilseia at barnehagane eller kommunane har
fått forverra økonomi.
Dersom det er slik at økonomiske forhold
gjer det nødvendig å redusera talet på tospråklege
assistentar i barnehagane i Oslo, må dette koma av den
kommunale medfinansieringa av slike tilbod. Barne- og familiedepartementet
har vore i kontakt med fylkesmannen i Oslo og Akershus
og Oslo kommune sentralt for å bli
orientert om problemstillinga. Ingen stader var dei kjende med at dårleg økonomi
fører til reduksjon i talet på tospråklege assistentar.
Det er stor merksemd rundt situasjonen for
dei minoritetsspråklege i Noreg i dag. Eit godt
tilrettelagt barnehagetilbod kan representera ein god start for
desse borna, og vi bør ta oss råd til å dekkja
dei ekstra kostnadene det kan føra med seg.
Vi har over fleire år fokusert på utforminga
av barnehagetilbodet til minoritetsspråklege born. Forsøket
med gratis korttidstilbod til alle fire- og
femåringar i bydel Gamle Oslo er vårt
største prosjekt, og ei evaluering
som kjem i desse dagar, tyder på at dette forsøket
har vore vellykka. Vi arbeider no intenst med å vurdera
korleis erfaringane frå dette forsøket skal følgjast
opp. Elles vil barne- og familieministeren følgja
med på utviklinga i Oslo når det gjeld
tospråklege assistentar i barnehagane.
Marit Nybakk (A): Jeg vil takke for et svar som også viser
at Regjeringen engasjerer seg i barnehager der det er flerkulturelle
barn. Jeg vil også be om at det tas et helt konkret
initiativ i de bydelene hvor disse flerspråklige assistentene
trues med oppsigelse eller med å bli fjernet, for
at det ikke skal skje, med utgangspunkt i at det finnes en
statlig tilskuddsordning for disse assistentene. Jeg skal personlig
orientere statsråden etterpå om hvilke bydeler dette dreier
seg om.
Jeg vil også understreke
at kommunikasjon mellom foreldre med minoritetsspråklig
bakgrunn på den ene siden og barnehage og skole på den
andre siden er uhyre viktig. Det er en vesentlig del av
den langsiktige integreringspolitikken man har i storbyer som Oslo,
med store konsentrasjoner av denne typen minoritetsspråklige
barn, hvor enkelte skoler og barnehager har en veldig stor andel
av minoritetsspråklige barn. Jeg vil altså be
om at statsråden og Regjeringen tar et slikt initiativ.
Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Det skal eg sjølvsagt vidareformidla
til barne- og familieministeren.
Eg vil òg understreka at det har vore
eit ganske hardt arbeid å få tak i alle
borna til prosjektet vi har hatt i indre Oslo. For å få borna
til gratistilboda i barnehagane måtte ein faktisk gå til
heimane og banka på kvar einaste dør. Det seier
litt om at kontakten mellom foreldre og barnehage,
som òg representanten Nybakk minner om, er svært
viktig for at foreldra skal sjå kva
ressursar dei går glipp av dersom dei ikkje brukar
det tilbodet som blir lagt til rette for dei.
Marit Nybakk (A): Det er ikke minst viktig når
det gjelder kommunikasjon med barnas mødre. Og i lys av den
aktuelle debatten som nå pågår, bl.a.
om tvangsekteskap og kulturproblematikk, altså kulturkollisjoner,
hvor vi også opplever undertrykking av unge jenter,
er det enda viktigere å få den kontakten
med mødrene på et tidlig tidspunkt, på barnehagestadiet.
Nå er dette med befolkningsandel av
minoritetsgrupper også et viktig kriterium i
forhold til inntektssystemet – eller det bør
det være. Så jeg vil oppfordre
statsråden og Regjeringen til å se på inntektssystemet
i forhold til å legge inn kriterier som bedrer forholdene
for minoritetsspråklige barn.
Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Eg skal òg ta med meg det innspelet,
som vel går til kommunalministeren og ikkje til
barne- og familieministeren.
Totalt sett er dette ei viktig oppgåve
for Regjeringa. Regjeringa jobbar òg med planar om å vidareutvikla
dette prøveprosjektet i Gamle Oslo, fordi vi har sett at
det har vore vellykka.
Presidenten: Da går vi tilbake til spørsmål
6.