Stortinget - Møte onsdag den 27. februar 2002 kl. 10

Dato: 27.02.2002

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 4

Gunnar Halvorsen (A): Jeg har følgende spørsmål til kultur- og kirkeministeren:

«Det er et stort antall lisensbetalere som ikke får inn NRK2 fra de bakkebaserte senderne. Dette føles urettferdig, da alle betaler den samme NRK-lisensen.

Vil statsråden arbeide for videre utbygging av bakkebaserte sendere for NRK2, eller differensiere NRK-lisensen?»

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Dette er eit spørsmål som har vore oppe fleire gonger i dei seinare åra. Eg har òg observert at representanten Halvorsen har stilt det same spørsmålet før, og då til ein annan kulturminister.

Eg vil fyrst streka under at eg har stor forståing for at det kan synast urettferdig at sjåarar nokre stader i landet må betala full kringkastingsavgift, sjølv om dei ikkje kan ta inn sendingane frå NRK2.

Utgangspunktet er likevel at kringkastingsavgifta ikkje er betaling for ei teneste, men ei avgift som må betalast av alle som har fjernsynsapparat. Avgiftsplikta gjeld uavhengig av kva for kanalar sjåaren kan ta inn, eller ynskjer å ta inn. Til og med dei som ikkje får inn NRK1, men har fjernsyn, er nøydde til å betala denne avgifta.

Utbygginga av NRK2 har dessutan skjedd i samsvar med Stortinget sine føresetnader om at NRK2 fyrst og fremst skal vera ein satellittkanal med ei viss tilleggsdekning frå bakkesendarar. Dekningsgraden skal vera så nær opp til 80 pst. som mogleg. NRK opplyser at dekninga no ligg på 86 pst. Stortinget la til grunn at ei full utbygging ikkje var forsvarleg, korkje av økonomiske eller frekvensmessige grunnar. Årsaka var at ei full utbygging av bakkesendarar langt på veg ville gjera det umogleg å byggja ut eit digitalt bakkenett for fjernsyn.

Eg vil òg minna om at eit Dokument nr. 8-framlegg om differensiering av kringkastingsavgifta vart handsama av Stortinget i 2000. Stortinget – inklusiv representanten sitt eige parti – gjekk då mot framlegget, m.a. fordi ei ordning med differensiert lisens ville bli umogleg å praktisera.

Hausten 1999 handsama Stortinget meldinga om digitalt fjernsyn. Stortinget gjekk då inn for å leggja til rette for utbygging av eit digitalt bakkenett. Overgangen til digital distribusjon av fjernsyn vil gi eit betre tilbod til sjåarane. Det nye digitale bakkenettet skal vera landsdekkjande. Med eit slikt nett vil NRK2 vera sikra den same dekninga som NRK1. Eg vil koma nærmare inn på akkurat desse spørsmåla i den orienteringa om NRK som eg skal halda her i Stortinget i morgon.

Kjell Engebretsen hadde her overtatt presidentplassen.

Gunnar Halvorsen (A): Jeg takker for svaret.

Formelt er det slik at den som har et TV-apparat, skal betale lisens, og han har ikke krav på noen motytelse. Men ut fra folks vanlige forståelse og rettsoppfatning føles det urettferdig når man får en lisensregning fra NRK der noen får mer for pengene enn andre.

Dersom statsråden mener at dette er forskjellsbehandling, vil det da bli utredet en differensiert lisens på et senere tidspunkt? Og er det mulig/ønskelig å styre NRK slik at f.eks. filmer og viktige sportsarrangementer blir sendt på NRK1, slik at vi unngår det som skjedde under OL, da 200 000 mennesker ble snytt for skiskytterjentenes innspurt?

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: – Eller at ein del av dei som såg på Barne-TV, vart snytt for Barne-TV fordi ein sende sportssendingar i staden. Her er det fleire grupper å ta omsyn til.

Eg trur rett og slett det er bakstreversk å byggja ut dette nettet vidare no. Vi må heller tenkja framover, og då er det digitale nettet framtida.

Eg vil òg minna representanten om det eg sa i det førre svaret mitt, at dette vart handsama etter eit Dokument nr. 8-forslag i Stortinget for ikkje lang tid tilbake, i 2000, og då gjekk representanten sitt eige parti mot ei slik differensiering. Eg meiner det vil vera å bruka ressursar på ein unødvendig måte å utgreia det vidare. Men det å satsa på eit digitalt bakkenett, som gir dei same tilhøva både til NRK1 og til NRK2, vil vera framtidsretta. Det vil eg som sagt koma meir inn på i morgon.

Gunnar Halvorsen (A): Jeg takker for tilleggssvaret.

Jeg er veldig enig i at det er ikke fornuftig å satse på det gamle, utbygde analoge nettet. Men jeg har stor tro på det digitale bakkenettet. Det samme gir statsråden uttrykk for. Kan statsråden gi noen positive signaler om når det digitale nettet vil være på lufta, slik at de som venter på NRK2, i alle fall kan få en dato?

Det er ikke bare NRK2 som har dårlig dekning. Viktige radiokanaler, som f.eks. «Alltid nyheter», får man heller ikke inn over hele landet. Mener statsråden at staten må spille en viktig rolle i utbyggingen av dette landsomfattende digitale nettet? Og vil hun støtte opp om det positive som etter min mening nå skjer mellom NRK og TV 2 i forhold til det digitale bakkebaserte nettet?

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Eg trur ikkje eg skal gi meg ut på å svara veldig konkret på desse tilleggsspørsmåla. Som eg har nemnt i begge dei tidlegare svara mine, vil eg halda ei utgreiing i morgon der eg kjem inn på dette – eg ser at representanten ynskjer at eg skal gå lenger i svaret – og òg med konkrete forslag. Å gi ein dato i dag trur eg ikkje representanten eigentleg meiner at eg skal – for det går ikkje an. Dette skal sjølvsagt òg handsamast i Stortinget – i tur og orden.

Til det representanten spurde om i sitt førre tilleggsspørsmål: Eg trur ikkje det er rett av ein statsråd å dirigera NRK – kva for eit program dei skal senda i kva for ein kanal. Sjølvsagt kan ein gjera det, men det vil ikkje vera rett. Men eg har stor tru på framtida i forhold til det digitale nettet. Og dersom ein kan få tilslutning frå Stortinget til å byggja det ut, vil alle desse problema vera løyste, og eg slepp kanskje å svara på det same spørsmålet for femte eller sjette gongen i Stortinget.