Stortinget - Møte onsdag den 17. april 2002 kl. 10

Dato: 17.04.2002

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 3

Fra representanten Magnhild Meltveit Kleppa til finansministeren:

«Ved Stavanger lufthavn, Sola, var det ikkje tollarar til stades i heile påska. Heller ikkje ved danskeferja i Egersund vart det utført kontrollar. Sør-Rogaland Tollerforening melder om redusert budsjett og dermed redusert høve til kontroll med t.d. tilgangen på narkotika. I mange kommunar er det ein forsterka innsats for å redusera dei enorme samfunnsproblema som følgjer av narkotikamisbruk.

Vil statsråden ta initiativ til å sikra større høve til kontroll med tilgangen av narkotika?»