Stortinget - Møte onsdag den 23. oktober 2002 kl. 10

Dato: 23.10.2002

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 2

Magnar Lund Bergo (SV): Jeg ønsker å stille følgende spørsmål til kirke- og kulturministeren:

«Som en av Europas eldste utdannelses- og forskningsinstitusjoner og forløper til våre universiteter, og som en uatskillelig del av det nasjonale kulturminnet Kongsberg Sølvverk, er Bergseminaret på Kongsberg en bygning av stor historisk og antikvarisk verdi.

Når Forsvarsdepartementet nå skal avhende sine eiendommer, vil statsråden sørge for at bygningen overdras og forblir i statlig eie, slik at Norsk Bergverksmuseum kan forvalte og formidle arven videre som et levende kulturminne?»

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Bergseminarbygningen på Kongsberg er eit kulturminne av stor symbolsk, kulturhistorisk og antikvarisk verdi, som òg spørjaren understreka. Når Forsvaret no ikkje lenger har bruk for eigedomen, ser eg det som veldig viktig at han forblir i statleg eige, og om mogleg blir brukt til kulturformål.

Kultur- og kyrkjedepartementet fekk 16. september i år brev frå Avhendingsprosjektet i Forsvarsbygg om avhending av Bergseminaret på Kongsberg. Forsvarsbygg legg opp til å avhenda Bergseminaret til takst, og det er seinare gjort framlegg om ein takst på rundt 7 mill. kr. Kultur- og kyrkjedepartementet svarte Forsvarsbygg innan fristen gjekk ut 7. oktober i år. I svarbrevet viste departementet til at Bergseminaret er ein kulturpolitisk viktig bygning som bør bli verande i statens eige. Dette kan blir gjennomført ved at Forsvarsdepartementet overfører Bergseminaret til Kultur- og kyrkjedepartementet, som stiller seminarbygningen til disposisjon for Norsk Bergverksmuseum. Museet forvaltar i dag det statseigde kulturminnet Kongsberg Sølvverk. Kultur- og kyrkjedepartementet har tidlegare fått melding om at avhending av Bergseminaret ville skje vederlagsfritt. Det er difor korkje i budsjettet for 2002 eller i budsjettet for 2003 lagt inn midlar for kjøp av bygningen.

Kultur- og kyrkjedepartementet har alt vore i kontakt med Forsvarsbygg for vidare oppfølging av saka. Riksantikvaren, Norsk Bergverksmuseum og Kongsberg kommune vil òg bli kopla inn. Sjølv vil eg ta kontakt med forsvarsministeren for å drøfta spørsmålet om avhending med henne.

Magnar Lund Bergo (SV): Statsråden sier at dette er et viktig kulturminne, og at det er riktig at Norsk Bergverksmuseum skal ha bygningene. Jeg tar det for gitt at departementet, som vi her på Stortinget, har blitt varslet om at fristen for avhendelse var 7. oktober. Hvorfor har departementet somlet på denne måten og ikke søkt Forsvarsdepartementet om avhending av eiendommen innen fristen 7. oktober?

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Som eg sa i mitt svar til representanten, har vi faktisk sendt eit svarbrev som viser til at departementet òg meiner at dette er ein viktig bygning. I og med at det der var noko andre premissar i forhold til vår oppfatning av avhendingskrav, må vi ha ein ny runde. Men eg håpar at vi skal klara å koma ut av dette på ein måte som gjer at vi får bevart bygningen til det føremålet som òg representanten ynskjer at ein skal bevara han til.

Magnar Lund Bergo (SV): Det jeg og flere frykter, og som vi ikke føler oss trygge på, er at denne bygningen havner på det åpne markedet og blir solgt til høystbydende. Ingen av oss har lyst til å se pizzareklame på utsiden av den typen bygg.

Vi vet at Norsk Bergverksmuseum har behov både for større plass, lager og formidlingslokaler, noe som de ikke har i dag. Alternativet til dette er et nytt bygg, som de selv anslår vil ha en kostnad på 10–20 mill. kr. Er det da noen grunn til å la Norsk Bergverksmuseum og andre nå gå i uvisse om hva som faktisk skal skje? Kan kulturministeren her garantere at denne bygningen vil bli overdratt? Og vil Kulturdepartementet vedkjenne seg og påta seg forvaltningsansvar for denne kulturhistorisk svært viktige bygningen videre?

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Som eg prøvde å svara i mitt førre innlegg, var nokre av føresetnadene for å avhenda bygningen endra, og dei midlane som då vart kravde frå oss, er ikkje på budsjettet for 2002 og heller ikkje for 2003. Difor må vi gå nokre nye rundar.

Eg har den same målsetjinga i forhold til denne bygningen, og eg håpar vi skal lukkast med den prosessen som vi no er inne i. Det er i alle fall mi målsetjing.