Stortinget - Møte torsdag den 21. november 2002 kl. 10

Dato: 21.11.2002

Dokumenter: (Innst. S. nr. 30 (2002-2003), jf. St.prp. nr. 5 (2002-2003))

Sak nr. 1

Innstilling fra kommunalkomiteen om samtykke til godkjenning av EØS-komiteens beslutning om innlemmelse i EØS-avtalen av direktiv 2000/34/EF om endring av arbeidstidsdirektivet til å omfatte sektorer og virksomheter som er unntatt fra direktivet

Talere

Votering i sak nr. 1

Anita Apelthun Sæle (KrF): Direktivet som vi godkjenner i dag, har som føremål å styrkja arbeidstakarane sine rettar når det gjeld helse og sikkerheit. Direktivet omhandlar organisering av arbeids- og kviletid. Søkjelyset er retta mot at arbeidstakarane ikkje skal påføra andre eller seg sjølve skadar på grunn av at dei rett og slett er trøytte. Direktivet inneheld også rett til helseundersøking for nattarbeid og dessutan rett til fire veker betalt ferie. Og då skjønar vi at direktivet er eit minimumsdirektiv som berre i avgrensa grad har relevans for Noreg.

Det er også høve til å fråvika direktivet sine rammer gjennom forskrifter eller tariffavtalar. Fiskeriorganisasjonane var likevel svært kritiske, men i samarbeid med organisasjonane er det utarbeidd eit forslag til forskrift som opnar for eit vidt høve til å inngå tariffavtale. Det har dempa kritikken mykje. Ein samla komite understrekar likevel at unntaksføresegnene må opna for naudsynt dispensasjonshøve som varetek interessene til heile fiskerinæringa, også fiskarane.

Sjølv om direktivet ikkje fastslår søndagskvile, står arbeidsmiljølova fast, slik at dette ikkje får konsekvensar for Noreg.

Utanrikskomiteen er høyrd og har ingen merknader, så kommunalkomiteen rår til at Stortinget godkjenner at direktivet vert innlemma i EØS-avtalen.

Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 1.

Votering i sak nr. 1

Komiteen hadde innstillet:

Stortinget samtykker i godkjenning av EØS-komiteens beslutning om innlemmelse i EØS-avtalen av direktiv 2000/34/EF om endring av arbeidstidsdirektivet til å omfatte sektorer og virksomheter som er unntatt fra direktivet.

Votering:Komiteens innstilling bifaltes enstemmig.