Stortinget - Møte torsdag den 21. november 2002 kl. 10

Dato: 21.11.2002

Dokumenter: (Innst. S. nr. 17 (2002-2003), jf. St.meld. nr. 37 (2001-2002))

Sak nr. 2

Innstilling frå kommunalkomiteen om ILOs 89. internasjonale arbeidskonferanse i Genève, 5. - 21. juni 2001

Talere

Votering i sak nr. 2

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) (leiar i komiteen og ordførar for saka): St.meld. nr. 37 for 2001-2002 omhandlar ILOs 89. internasjonale arbeidskonferanse i Genève i juni i fjor. Meldinga inneheld ein kortversjon av dei sakene som vart drøfta, og dei vedtaka som vart gjorde. Som oppfølging av konferansen vert to saker lagde fram for Stortinget til ratifisering, nemleg konvensjon nr. 175 om deltidsarbeid og konvensjon nr. 184 om sikkerheit og helse i jordbruket.

Konvensjon nr. 175 vart vedteken av ILOs arbeidskonferanse i 1994 og er omtalt i St.meld. nr. 36 for 1994-1995. Han kunne ikkje ratifiserast i Noreg umiddelbart. Noreg oppfylte ikkje konvensjonen når det gjaldt arbeidstakarar sin rett til representasjon i styrande organ. No er forskriftene til aksjelova endra, og komiteen sluttar seg til den tilrådinga som ligg føre frå departementet og den norske ILO-komiteen om ratifisering.

Til konvensjon nr. 184 melder departementet at det er nødvendig med noko meir avklaring. Komiteen er einig i at sikkerheit og helse i landbruket kan definerast svært ulikt, alt etter i kva land ein er. Den norske ILO-komiteen tilrår ratifisering under føresetnad av at det i artikkel 3 i konvensjonen vert gjort unntak for avløysarar.

Noregs Bondelag har i si høyringsfråsegn sagt at dei frå sin ståstad meiner at norsk arbeidsmiljølovgjeving på visse område langt på veg går utover dei krava som konvensjonen og rekommandasjonen stiller til sikkerheit og helse. Dei er likevel ein av få høyringsinstansar som har stilt spørsmål ved om tilslutning til konvensjonen vil innebera nye krav til den næringa som dei representerer, f.eks. krav om obligatorisk bedriftshelseteneste i landbruket. Det går fram av Arbeids- og administrasjonsdepartementet si vurdering at det vil vera behov for endringar i forskrifter til arbeidsmiljølovar for å etterleva krava i konvensjonen.

Komiteen er positiv til ratifisering. Vi føreset at det arbeidet som no pågår i departementet, skjer i nær dialog med landbruksnæringa, og vi seier òg samrøystes at dersom ei slik avklaring fører til at ei ratifisering av konvensjonen vil innebera auka kostnader for næringa, bør saka tilbake til Stortinget før ei eventuell ratifisering. Vi merkar oss at i samband med den andre konvensjonen som vi i dag har til behandling, nr. 175, gjekk saka tilbake til Stortinget. Vi stiller altså ikkje det som noko krav frå komiteen si side. Det er berre i tilfelle det utløyser nye kostnader for landbruksnæringa.

Med dette er det altså ein samrøystes komite som er positiv til ratifisering av begge desse konvensjonane.

Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 2.

Votering i sak nr. 2

Komiteen hadde innstillet:

St.meld. nr. 37 (2001-2002) – ILOs 89. internasjonale arbeidskonferanse i Genève, 5. – 21. juni 2001 – vert å leggje ved protokollen.

Votering:Komiteens innstilling bifaltes enstemmig.