Stortinget - Møte onsdag den 18. desember 2002 kl. 10

Dato: 18.12.2002

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 4

Eva M. Nielsen (A): «På bakgrunn av vedtak i Kirkemøtet høsten 2000 avholdt 102 menigheter valg til menighetsråd samtidig med siste stortingsvalg. Disse menighetene hadde en mye større valgoppslutning ved sine menighetsrådsvalg enn tidligere. Økningen ligger fra 5-6 pst. til opp mot 40.

Hva vil statsråden gjøre for at denne forsøksordningen kan videreføres, og hvilke tiltak vil statsråden eventuelt foreslå for at flere av statskirkens medlemmer deltar i valgene til menighetsråd?»

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: At kyrkja sine medlemmer vil stilla opp som kandidatar og røysta ved val til sokneråd, er heilt avgjerande føresetnader for at det kyrkjelege demokratiet skal kunna fungera slik det er tenkt. Likevel har deltakinga ved soknerådsval tradisjonelt vore låg. Gjennomsnittleg har berre om lag 3 pst. av dei røysteføre kyrkjemedlemmene nytta retten sin.

I samband med val av nye sokneråd hausten 2001 vart det gjennomført fleire tiltak med sikte på å auka oppslutninga om valet. Eitt av tiltaka var å leggja til rette for ei prøveordning med å halda soknerådsval samtidig med stortingsvalet.

Valdeltakinga ved dette soknerådsvalet auka til 3,6 pst. av dei røysteføre, medan talet på røyster faktisk auka med 22 pst. Norsk samfunnsvitskapleg datateneste har vore engasjert av departementet for å evaluera valet, og rapporten låg føre i juni 2002. Evalueringa av desse tala viser at auken i oppslutninga om valet i hovudsak kan forklarast med auka valdeltaking i dei kyrkjelydane som tok del i prøveordninga. Her var valdeltakinga i gjennomsnitt 7,2 pst.

Kyrkjerådet tek sikte på å leggja fram for Kyrkjemøtet 2003 forslag til tiltak for å auka deltakinga også ved neste soknerådsval, som skal haldast i 2005. Det er òg lagt opp til at endringar i valreglane skal kunna handsamast av Kyrkjemøtet i 2004. Eg reknar med at spørsmålet om å leggja soknerådsval til same tid som stortingsval vil stå sentralt i denne samanhengen.

I tillegg til tiltak for å auka valdeltakinga er det òg viktig med tiltak for å få fleire kyrkjemedlemmer til å stilla som kandidatar og å få fleire av dei som sit i sokneråda i dag, til å ta attval. Og sist, men ikkje minst, ser eg det som veldig viktig med tiltak for å auka ungdomsrepresentasjonen i sokneråda.

Eg vil arbeida for dei nødvendige løyvingane på statsbudsjettet når den tid kjem, og eg ventar òg på den debatten som ein skal ha på Kyrkjemøtet.

Eva M. Nielsen (A): Jeg takker statsråden for svaret, men jeg er ikke fornøyd med det. Mitt spørsmål var: Hva vil kirkestatsråden gjøre for å initiere, motivere og være en drivkraft i å få større valgdeltakelse?

Vi vet at det i menighetsrådsvalgene er mange unge kvinner som stiller. Mange flotte unge jenter er med, og de har et sterkt engasjement. Men det er ikke morsomt å drive med dette arbeidet når man har en så liten del av folket i Kirken bak seg.

Jeg er betenkt over at kirkestatsråden ikke utviser større handlekraft, og at man ikke legger noen føringer for å videreføre den flotte ordningen med å kombinere et offentlig valg med et menighetsrådsvalg, og jeg spør igjen: Er statsråden tilfreds med at det er en så lav deltakelse i de ordinære valgene? Og hva vil statsråden gjøre med det?

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Nei, eg er like lite fornøgd med valdeltakinga som representanten er – ho er for låg. Neste soknerådsval er i 2005, som eg òg sa i svaret mitt. Difor har vi litt tid til å leggja opp ein strategi i forhold til valet i 2005. For meg er det viktig å ha med meg debatten som skal vera på Kyrkjemøtet neste år, og ta med dei signala som det gir, i mitt vidare arbeid for å fremja forslag for at ein skal få større valdeltaking. Vi har faktisk tid til å venta på debatten på Kyrkjemøtet. Vi skal òg sjølvsagt nøye gjennomgå den evalueringsrapporten som vi har fått. Det vil òg vera eit viktig grunnlag for Kyrkjemøtet når det skal ta debatten. Det einaste eg er litt redd for, og som vi må prøva å unngå, er at vi skal politisera soknerådsvala. Det er vel det argumentet som gjer at nokre er betenkte over å leggja dette opptil stortingsvalet, for det blir veldig lett å politisera desse vala òg. Det er eg engsteleg for. Difor må vi finna metodar som Kyrkjemøtet òg ynskjer å støtta, og så vil eg følgja opp i neste omgang, når det har gjort sine vedtak og gitt sine innspel til meg.

Eva M. Nielsen (A): Det siste som kom fram, var litt mer betryggende. For når vi skal ha en bred folkekirke, synes jeg det er avgjørende at vi har et demokrati som fungerer, og jeg er meget betenkt hvis Kirkemøtet og kirkestatsråden ikke vil legge valgene sammen med et offentlig valg nettopp fordi vi vet at vi da får større deltakelse, og hvis man velger den gamle løsningen, den ordinære ordninga, vet vi at færre vil gå og stemme. Og da er det grunn til bekymring: Ønsker ikke Kirkens ledere et bredt demokrati – mye demokrati – innenfor Kirken? Ønsker man at det bare er de trofaste søndagskirkegjengerne som skal være med og ta beslutninger? Det kan man mistenke dem for hvis man ikke åpner for å følge opp denne prøveordninga, som har vært så vellykket.

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Eg er langt på veg einig med representanten, men eg er ikkje einig i, og eg legg iallfall ikkje til grunn sjølv, at eg ynskjer lita valdeltaking for at det berre skal vera ei viss gruppe som brukar røysteretten. Eg ynskjer ei stor valdeltaking, og eg trur vi kan gjera det på fleire måtar. Eitt av dei tiltaka vi har sett i verk, er denne prøveordninga, som sjølvsagt vil bli teken med i det vidare arbeidet, og som eg er heilt sikker på at Kyrkjemøtet òg kjem til å ha ei meining om. Men for meg er det viktig å lytta til kva Kyrkja sine valde organ seier, og eg kan foreslå tiltak i god tid før valet 2005 om eg tek med meg debatten på Kyrkjemøtet i 2003 fyrst. Eg er open for f.eks. å la stemmeurnene stå fleire plassar enn dei gjer i dag – i dag må ein jo som regel gå til kyrkja for å stemma. Vi kan bruka postkontor, f.eks., bruka andre stemmeareal enn det vi har gjort, for å få fleire med. Det er mange måtar å gjera det på, og eg vonar at vi skal få ei langt betre valdeltaking enn det vi har hatt i dei siste vala.