Stortinget - Møte tirsdag den 23. mars 2004 kl. 10

Dato: 23.03.2004

Dokumenter: (Innst. S. nr. 147 (2003-2004), jf. St.prp. nr. 40 (2003-2004))

Sak nr. 2

Innstilling frå næringskomiteen om statlig miljøansvar på Raufoss

Talere

Votering i sak nr. 2

Olav Akselsen (A) [10:51:55]:Det er mykje som kunne vore sagt om den tragiske situasjonen som Raufoss-konsernet har hamna i. Det skal eg likevel ikkje nytta denne anledninga til – berre eit par ord knytte til det denne saka konkret dreiar seg om, nemleg kven som skal ha ansvaret for tidlegare miljøsynder.

Pr. i dag veit me ikkje omfanget av den eventuelle oppryddingskostnaden som vil koma. Dette kan bli eit stort problem, men vonleg vil naturen sjølv ordna opp i dette. Det som i alle høve er eit stort problem, er at denne utryggleiken gjer det vanskeleg å få til ny aktivitet eller å ta vare på den aktiviteten som allereie eksisterer ved tidlegare Raufoss sine anlegg. Derfor er det avgjerande viktig at me får avklart denne situasjonen. Eg er veldig glad for at ein samla komite i dag støttar opp om at staten skal ta dette ansvaret for framtida og dermed lettar situasjonen for dei som prøver å få til ny aktivitet og ta vare på den aktiviteten som allereie er der. Me får håpa at denne avklaringa er med på å sikra arbeidsplassane i området.

Det er òg slik at om ein ser nærare på historia, er det iallfall moralsk forståeleg at staten no tek på seg ansvaret, for i den perioden desse miljøproblema oppstod, var det staten som var ansvarleg – dette er på ein måte aktivitetar som har vore knytte til staten gjennom forsvarsaktivitetar. Eg er derfor glad for at denne saka no ser ut til å koma ut av verda. Så får me håpa at dette ikkje betyr at det blir store utlegg for det offentlege framover.

Sjølv om det ikkje er ein del av denne saka, er det slik at dette i verste fall kan bli ein miljøkatastrofe. Det er derfor viktig at ein har eit sterkt overvakingsprogram, slik at ein kan rydda opp dersom det blir behov for det. Det er òg viktig at ein har kontroll over situasjonen, slik at han ikkje får utvikla seg på ein måte som gjer at eventuelle oppryddingskostnader og miljøproblem blir større enn høgst nødvendig.

Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 2.

(Votering, se side 2298)

Votering i sak nr. 2

Komiteen hadde innstillet:

Stortinget samtykker i at staten ved Nærings- og handelsdepartementet kan utstede garantier for miljø- og forurensningsansvar i Mjøsa og på Raufoss-området som følger av offentligrettslig miljøpålegg oppad begrenset til 50 mill. kroner.

Votering:Komiteens innstilling bifaltes enstemmig.