Stortinget - Møte torsdag den 13. mai 2004 kl. 10

Dato: 13.05.2004

Dokumenter: (Innst. S. nr. 173 (2003-2004), jf. St.prp. nr. 52 (2003-2004))

Sak nr. 4

Innstilling frå kommunalkomiteen om endringar i statsbudsjettet for 2004 om strakstiltak for pionerdykkarane i Nordsjøen

Talere

Votering i sak nr. 4

Presidenten: Etter ønske fra kommunalkomiteen vil presidenten foreslå at taletiden blir begrenset til 5 minutter til hver gruppe og 5 minutter til statsråden.

Videre vil presidenten foreslå at det ikke blir gitt anledning til replikker etter de enkelte innlegg, og at de som måtte tegne seg på talerlisten utover den fordelte taletid, får en taletid på inntil 3 minutter.

– Det anses vedtatt.

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) [18:02:35]: (leiar i komiteen og ordførar for saka): Innst. S. nr. 173 for 2003-2004 inneheld tre hovudelement. For det fyrste ei straksutbetaling av oppreisingsbeløpet til dei av pionerdykkarane som vi veit likevel hadde fått 200 000 kr seinare, for det andre ein auke i straksbeløpet frå i fjor frå 200 000 kr til 300 000 kr, og for det tredje ei styrking av Stiftelsen Kontakttelefonen sitt budsjett for 2004.

Stortinget gjorde 9. mars i år vedtak om ei ordning som omfattar oppreising og erstatning til pionerdykkarane. I samband med behandlinga av denne saka vart det bedt om eit raskt og effektivt oppgjer. Det vart særleg peikt på rask framdrift, fordi fleire dykkarar er i ein særskilt vanskeleg økonomisk situasjon. St.meld. nr. 52 for 2003-2004 er departementet sitt svar for å sikra dei som har prekære økonomiske problem.

Fleirtalet i komiteen, medlemmene frå Arbeidarpartiet, Framstegspartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, meiner det kan synast som unødig byråkrati å leggja opp til ei strakshjelp nr. 2, for så i neste omgang gjennom nemndsvurdering frå 1. juli å føreta utbetaling av oppreisings- og erstatningsbeløp.

Som komiteleiar og saksordførar hadde eg gjerne sett at heile komiteen fann saman i ei omforeint løysing. Det har dessverre ikkje vore mogleg. Høgre og Kristeleg Folkeparti følgjer Regjeringa, og eg føreset at dei sjølve gjer greie for sitt syn.

Med verknad frå 1. juli 2000 vart det frå det dåverande Sosial- og helsedepartementet utbetalt eit eingongsbeløp på inntil 200 000 kr til dei nordsjødykkarane som hadde drege på seg varig helsesvikt med reduksjon av inntekter som følgje. Komiteen legg til grunn at den gruppa som fekk del i den ordninga, er å rekna som offentleg vurderte pionerdykkarar med helseskade som følgje av dykkinga. Denne ordninga vart administrert av Fylkestrygdekontoret i Rogaland. Fleirtalet meiner no at det vil vera ubyråkratisk, raskt og effektivt å be departementet utbetala oppreisingsbeløpet på 200 000 kr etter den lista som Fylkestrygdekontoret i Rogaland har, og fremmer difor forslag om det. Slik vil ein altså imøtekomma behovet for strakshjelp til nokre av dei dykkarane som økonomisk sett er mest vanskelegstilte. Ordninga frå 2000 omfatta ca. 120 personar. Det er difor behov for 14,8 mill. kr meir enn det Regjeringa føreslår.

Det er fleire grupper som ikkje kjem inn under ordninga frå 2000. Det kan t.d. gjelda dykkarar som ikkje melde frå i 2000, dykkarar som var under vurdering for uføretrygd, eller som seinare har fått påvist helseskade, samt etterlatne som ikkje var klar over ordninga. Desse skal individuelt vurderast av nemnda.

Stiftelsen Kontakttelefonen har gjennom strakshjelpa som vart oppretta i fjor, òg utbetalt midlar til trengande som ikkje kom inn under ordninga frå 2000. Nokre få av desse har behov for ytterlegare akutthjelp. Den einskilde av dei det måtte gjelda, kan få denne hjelpa dersom vi hevar maksimumsbeløpet frå i fjor frå 200 000 kr til 300 000 kr – difor er det forslag om det i dag. Dette er i tilfelle midlar som skal tilbakebetalast, på same måten som strakshjelpa i fjor var forskottering i forhold til det endelege oppgjeret. Fleirtalet viser til brev frå statsråden av 5. mai. Der går det fram at ei slik utviding ikkje krev ekstra midlar.

Stiftelsen Kontakttelefonen budsjetterte sjølv med 950 000 kr meir til drifta i 2004 enn dei har fått lovnad om, herunder til dekning av underskot frå i fjor, eit underskot som har oppstått på grunn av ekstraarbeid pålagt frå departementet. Vi føreset at stiftinga har midlar som gjer det mogleg å forsterka arbeidet med gjeldsrådgiving og anna rettleiing, og fremmer difor forslag om at dei får det dei har søkt om.

Så er komiteen kjend med at Stiftelsen Kontakttelefonen har bedt om midlar til eit eige prosjekt til kartlegging av etterlatne etter dødsfall blant pionerdykkarane, ein søknad departementet har avslått. Grunngivinga er at granskingskommisjonen alt har undersøkt òg desse forholda. Det har førekomme fleire dødsfall etter perioden 1965–1990, dvs. utanom den tida kommisjonen legg til grunn for arbeidet sitt. Heile komiteen meiner det kan vera grunn til å sjå nærare på eventuelle dødsfall etter 1990, inklusiv eventuelle sjølvmord, og ber difor departementet vurdera korleis eit slikt arbeid kan gjerast.

Stiftelsen Kontakttelefonen har ei svært spesiell oppgåve. Eg ber statsråden merka seg det behovet som er for ein tett, men samstundes raus, dialog mellom stiftinga og departementet. Eg håper han gjer sitt til at så skjer. Eg ber han òg klargjera framdrifta når det gjeld behovet for rask utbetaling av oppreisingsbeløpet.

Sigvald Oppebøen Hansen (A) [18:08:06]: Eg vil starte med å gje honnør til statsråden for ein rask reaksjon da Stortinget i førre runde vedtok å finne tiltak for å løyse ein vanskeleg økonomisk situasjon for enkelte av pionerdykkarane. Det tok ikkje lang tid før proposisjonen låg til behandling i Stortinget etter at Stortinget hadde bede om ei slik sak.

I innlegget mitt i samband med behandlinga av St.meld. nr. 47 for 2002-2003 la eg vekt på at mange pionerdykkarar har problem med å meistre kvardagen – ikkje berre når det gjeld det psykososiale, men òg ofte i kombinasjon med økonomiske problem. Arbeidarpartiet meinte derfor at det var uproblematisk å setje i verk ei straksutbetaling knytt til oppreisingsdelen på 200 000 kr til dei som hadde eit akutt økonomisk problem. Derfor meiner eg at det er grunn til å rose departementet for ei rask oppfølging.

Det som ikkje er så bra, er måten ein foreslår at denne straksløysinga skal administrerast på. For fleirtalet kan det nok sjå ut som om departementet legg opp til ei meir byråkratisk ordning enn nødvendig, ei ordning som vil ta lengre tid enn det som sant å seie er nødvendig. Derfor er eg glad for at eit fleirtal i komiteen ønskte ei anna løysing, slik òg saksordføraren la vekt på i innlegget sitt – ei løysing som etter vår meining vil medverke til ei raskare saksbehandling og ei raskare utbetaling.

Det forundrar meg likevel at regjeringspartia har valt å stå utanfor dette fleirtalet, og, etter mi meining, vel ei ordning som av røynsle har vist seg å ta litt lengre tid. Eg personleg meiner at det burde ha vore mogleg å få til eit breitt forlik i denne saka.

Eg ser det som uproblematisk at denne straksløysinga følgjer namnelista til Fylkestrygdekontoret i Rogaland, som blei brukt da nordsjødykkarane fekk utbetalt eit eingongsbeløp gjennom Sosial- og helsedepartementet si ordning i 2000. Dette vil dermed fange opp dei aller fleste som har det økonomisk vanskeleg i kvardagen.

Enkelte dykkarar vil nok ikkje bli fanga opp av dette, men det er truleg eit fåtal. I høve til dette ønskjer fleirtalet å gjere bruk av den strakshjelpsordninga som blei vedteken i fjor, ved å heve maksimumsbeløpet frå 200 000 kr til 300 000 kr.

I tillegg ser fleirtalet sjølvsagt behovet for å yte ei tilleggsløyving til Stiftelsen Kontakttelefonen for pionerdykkerne.

Hans Kristian Hogsnes (H) [18:12:02]: Under behandlingen 9. mars i år av St.meld. nr. 47 for 2002-2003, Gransking av pionerdykkernes forhold i Nordsjøen, var det bred enighet i denne salen om å be om et raskt og effektivt oppgjør. Flere av oss var opptatt av å få en rask fremdrift, fordi flere dykkere er i en spesielt vanskelig situasjon. Derfor er jeg svært fornøyd med at Regjeringen allerede før påske kunne fremme St.prp. nr. 52, der de ønsker å sikre en rask oppfølging.

Fra Høyres side ønsker jeg å gi uttrykk for at Regjeringens forslag om en ny strakshjelpsordning ville ha sikret at de pionerdykkerne som er i en akutt og prekær økonomisk situasjon, hadde fått hjelp straks. Ordningen er rettet mot dem som faktisk er i en vanskelig økonomisk situasjon, og som derfor har et akutt behov for bistand – også i perioden frem til den kompensasjons- og oppreisningsordningen som Stortinget vedtok, trer i funksjon fra 1. juli i år.

Et viktig poeng for meg er også at den ordningen som er foreslått i St.prp. nr. 52, sikrer samtidig likebehandling og vil nå dem som er i en akutt og prekær situasjon, uavhengig av det tidspunkt de kom i økonomiske vansker eller ble uføre. Regjeringens forslag er dessuten utformet slik at rammene for og innholdet i den ordningen Stortinget vedtok ved behandlingen av St.meld. nr 47, ikke endres.

Jeg kan ikke forstå annet enn at flertallets forslag her i dag vil medføre at ellers like tilfeller nå vil kunne bli behandlet ulikt. Dette har kort og godt sammenheng med at listen Fylkestrygdekontoret i Rogaland har, kun favner dem som var uføretrygdet i 2000. De pionerdykkerne som ikke har en uføregrad fra 2000, eller som har en medisinsk invaliditet på over 15 pst., vil ikke få utbetalt beløpet på 200 000 kr nå. Disse dykkerne vil måtte basere seg på eventuelle utbetalinger fra eksisterende strakshjelpsordning – forutsatt at taket heves. Et vilkår for å komme i betraktning under denne er en prekær og akutt økonomisk situasjon. Dette vilkåret vil ikke gjelde for dem som står på listen fra 2000. Resultatet blir da en vilkårlig forskjellsbehandling, som jeg ikke kan se berettigelsen av.

Selv om flertallets forslag innebærer forskuttering av deler av den behandling Stortinget tidligere har forutsatt at nemnden skal foreta, legger jeg til grunn at nemnden likevel skal foreta de vurderinger Stortinget tidligere har bedt om.

Jeg vil også understreke verdien av at både Stiftelsen Kontakttelefonen for pionerdykkerne og departementet gjennom den første strakshjelpsordningen har vunnet erfaringer med hvordan saksbehandling og utbetaling kan skje raskest mulig.

Dette systemet innebærer at Stiftelsen Kontakttelefonen for pionerdykkere forestår behandlingen av søknader om ny strakshjelp og innstiller overfor departementet på utbetaling. En slik prosess, der den enkeltes økonomiske situasjon gjennomgås, legger til rette for individuell gjeldsrådgivning og praktisk hjelp til den enkelte til å håndtere en vanskelig økonomisk situasjon. Disse erfaringene ville ha bidratt til å sikre en ubyråkratisk og rask håndtering av den nye strakshjelpsordningen. Da er det også et poeng at hadde vi rett etter påske vedtatt det som Regjeringen foreslo like før påske, ville pengene for lengst ha vært på konto hos de dykkerne som er i den mest prekære og akutte økonomiske situasjon – raskt og ubyråkratisk.

På denne bakgrunn tillater jeg meg å fremme mindretallsforslaget fra Høyre og Kristelig Folkeparti.

Presidenten: Representanten Hans Kristian Hogsnes har tatt opp det forslaget han refererte til.

Torbjørn Andersen (FrP) [18:16:05]: Nå har både saksordføreren og andre representanter redegjort for det meste i denne saken. Det er derfor bare behov for et kort innlegg fra Fremskrittspartiets side.

Fremskrittspartiets linje har hele tiden vært at pionerdykkerne i Nordsjøen som har blitt påført helseskader som følge av dykking i pionertiden på sokkelen, skal få en rettferdig oppreisning og erstatning som står i forhold til den innsats de gjorde, og de skader som deres innsats har påført dem. Denne linjen vil vi også følge i denne saken. Fremskrittspartiet danner derfor sammen med Arbeiderpartiet, SV og Senterpartiet et flertall for å sikre en bevilgning på i alt 24 mill. kr som bidrag til pionerdykkerne i Nordsjøen. Denne bevilgningen representerer en økning på 14,8 mill. kr i forhold til proposisjonen, og er et resultat av at Fylkestrygdekontoret i Rogaland, som administrerer ordningen, i sine lister viser til et merforbruk på 14,8 mill. kr i forhold til proposisjonen.

I juli 2000 fikk pionerdykkerne som har fått varige helseskader som følge av dykkerarbeid på sokkelen, utbetalt et engangsbeløp på inntil 200 000 kr. Denne ordningen var administrert av Fylkestrygdekontoret i Rogaland. Flere pionerdykkere er av ulike årsaker ikke kommet inn under ordningen fra 2000. Fremskrittspartiet – og flertallet – legger til grunn at disse blir individuelt vurdert av nemndene. Stiftelsen Kontakttelefonen har også utbetalt hjelp til nordsjødykkere som ikke kom inn under ordningen fra 2000, og det viser seg nå at noen av disse har behov for ytterligere økonomisk strakshjelp. Dette vil vi også følge opp, ved at enkelte skal kunne få den nødvendige hjelp gjennom at vi hever maksimumsbeløpet fra inntil 200 000 kr til inntil 300 000 kr.

Flertallet, Fremskrittspartiet, Arbeiderpartiet, SV og Senterpartiet, fremmer derfor forslag om at utbetalingene økes fra inntil 200 000 kr til inntil 300 000 kr til de pionerdykkerne som kommer inn under strakshjelpsordningen av juni 2003.

Fremskrittspartiet ser ingen grunn til å knusle med småpenger overfor de av pionerdykkerne som i dag sliter med senskader som de pådrog seg i den første pionertiden på norsk sokkel. Fremskrittspartiet ønsker å bidra positivt for å hjelpe disse menneskene som gjorde en så viktig innsats for vårt land. Pionerdykkernes innsats var i høyeste grad med på å gjøre Norge til et av verdens rikeste land. Nå er det nasjonens simple plikt å gi noe av den rikdom pionerdykkerne la grunnlaget for, tilbake til de av dykkerne som ofret sin helse og sin framtid i pionertiden på norsk sokkel.

Fremskrittspartiet er stolt over hver krone vi er med på å bevilge til disse menneskene som betydde så mye for landet, men som dessverre – flere av dem – samtidig måtte betale prisen med sitt eget liv og sin egen helse.

Karin Andersen (SV) [18:19:34]: Det er fordi dette har vært en ekstraordinær sak helt fra starten av, at det er viktig å følge opp det som ble lovt. Det har hatt en ekstraordinær hast, nettopp fordi skadene mange av disse nordsjødykkerne har blitt påført, har vært av en slik art at de i tillegg har påført seg store økonomiske problemer.

Derfor har det vært ekstremt viktig for SV, og også for flertallet, at de ordningene som ble lovt under debatten da vi behandlet saken sist, skulle kunne settes i verk så raskt at den mest akutte krisen for mange av nordsjødykkerne kunne avhjelpes. Derfor var det med skuffelse – jeg må innrømme det – at vi, da vi gikk inn i den ordningen Regjeringen foreslo, så at det var vanskelig å nå målet der. Det beste hadde vært om vi hadde vært omforent om det; at de det gjaldt, overhodet ikke følte seg trygge på at dette var den ordningen som kunne gi dem den hjelpen de trengte, raskt.

SV er derfor glad for at vi i komiteen kunne komme fram til et flertall som foreslo å etablere en ordning – eller for så vidt flere – som etter vårt syn kunne imøtekomme det som var viktig, nemlig at utbetalingene skulle komme raskt til dem som trenger det mest. Derfor er det med litt forundring jeg registrerer at regjeringspartiene fremdeles mener at Regjeringens ordning hadde vært raskere og mindre byråkratisk.

Mitt fremste anliggende nå er å forsikre meg om at Regjeringen vil følge opp flertallets forslag raskt, slik at denne saken kommer på det sporet den skal, og at de som er i akutt pengenød, får de pengene de uansett har krav på. Det er det vi er opptatt av. Jeg håper at sjøl om Regjeringens løsning på dette ikke vant fram, vil Regjeringen følge opp etter de retningslinjer som Stortinget nå vedtar.

Anita Apelthun Sæle (KrF) [18:22:00]: Nordsjødykkarane har fått ei historisk høg erstatning for dei skadane nordsjøeventyret har påført altfor mange av dei.

Denne saka dreier seg om den strakshjelpa som eit samla storting lova dei som er i ein akutt økonomisk vanskeleg situasjon. Korfor er vi då ikkje heilt einige?

Kristeleg Folkeparti meiner at det som i dag vil verta vedteke, er brukbart og vil tilfredsstilla både ein del som har akutte problem, og ein del som kanskje ikkje har det. Vår løysing er betre spissa mot dei som faktisk har problem.

Det som er ugreitt i denne saka, er at val av ny modell har teke tid for fleirtalet, medan hovudpoenget var å vera rask. Alle skal jo sannsynlegvis få ei større erstatning etter 1. juli. Regjeringa leverte altså svært hurtig. Like før påske kom denne saka til Stortinget, og Stortinget har brukt lengre tid. Det er ikkje tilfredsstillande.

Men lat oss samla oss om at i dag leverer vi, og eg både trur og veit at dei pionerdykkarane som er i ein akutt, prekær situasjon, no får dei pengane utan ytterlegare forseinkingar.

Statsråd Morten Andreas Meyer [18:23:40]: Det viktige nå er at det etableres en ordning for å hjelpe de pionerdykkerne som er i en slik økonomisk prekær situasjon at de har behov for en rask tilførsel av penger for å unngå alvorlige økonomiske problemer i tiden fram til kompensasjons- og oppreisningsordningen trer i kraft. Det var bakgrunnen for at jeg etter debatten i Stortinget den 9. mars la stor vekt på å holde et høyt tempo i arbeidet med å fremme et forslag om en strakshjelpsordning, og det var derfor Regjeringen fremmet St. prp. nr. 52 om strakstiltak for pionerdykkerne allerede tidlig i april.

Jeg mener at jeg ved framleggelsen av stortingsproposisjonen fulgte opp det uttrykte ønsket fra Stortinget om en strakshjelpsordning, slik at man traff dem som hadde et akutt økonomisk problem som skulle løses før den endelige løsningen falt på plass.

Jeg merker meg imidlertid av kommunalkomiteens innstilling at flertallet allikevel legger opp til en annen løsning enn den som Regjeringen har foreslått. Jeg mener at Regjeringens forslag til ny strakshjelpsordning sikrer at de dykkerne som er i en akutt og prekær økonomisk situasjon, får hjelp raskt. Ordningen er dermed mer målrettet, i den forstand at det er de som faktisk har økonomiske problemer, som sikres hjelp. Ordningen sikrer samtidig likebehandling, og vil nå de dykkerne som har økonomiske problemer, uavhengig av når de kom i økonomiske vanskeligheter, og uavhengig av helsetilstand.

Disse hensynene ivaretas ikke like godt ved den løsning som flertallet foreslår. Utbetalinger basert på listen fra daværende Sosial- og helsedepartementets liste, vil gå til dykkere som er vurdert etter andre vilkår enn dem som ligger i Stortingets forslag i Innst. S. nr. 137. Samtidig var det i denne ordningen ikke noe vurderingstema hvorvidt vedkommende hadde presserende økonomiske problemer. Samtidig foreslår komiteen at de av dykkerne som ikke har fått utbetalt kompensasjon fra den gamle ordningen, kan få utbetalt i alt 300 000 kr fra den eksisterende strakshjelpsordningen, noe som for de fleste av disse vil innebære en merutbetaling på maksimalt 100 000 kr. En forutsetning for en slik utbetaling er at pionerdykkeren er i en prekær og akutt økonomisk situasjon. Jeg ser at dette kan innebære en forskjellsbehandling som kan oppfattes som uheldig.

Stortinget har bestemt at den endelige kompensasjons- og oppreisningsordningen skal administreres av en regjeringsoppnevnt nemnd. Ordningen skal tre i kraft senest 1. juli 2004, og jeg er i gang med arbeidet med å nedsette nemnda, som skal ta sine avgjørelser på et uavhengig og faglig grunnlag.

Flertallets forslag kan ha preg av en forskuttering av deler av den saksbehandlingen Stortinget i Innst. S. nr. 137 har forutsatt at nemnda skal foreta – også med hensyn til spørsmålet om utbetaling og oppreisning. Jeg legger derfor til grunn at nemnda også for denne gruppen skal foreta de vurderinger Stortinget tidligere har bedt om.

Når det er sagt, konstaterer jeg at flertallet har en annen vurdering av akkurat dette, og jeg vil selvfølgelig umiddelbart følge opp Stortingets vedtak i denne saken. Jeg vil sørge for en håndtering som oppfattes enkel og ubyråkratisk, og sørge for at utbetaling raskt kan finne sted.

Presidenten: De talere som heretter får ordet, har en taletid på inntil 3 minutter.

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) [18:27:51]: Eg deler òg gjerne ut honnør til statsråden når han fortener det, og det fortener han i dag, på to punkt. Det eine er at han så raskt følgde opp overfor Stortinget og la fram St. prp. nr. 52. Det andre er at han i dag stadfestar at han umiddelbart vil følgja opp fleirtalet sine vedtak.

Fleirtalet ser ikkje noka motsetjing mellom dei kriteria som vart vedtekne den 9. mars, og det kravet som låg i ordninga frå 2000, nemleg kravet om uførleik. Men eg har i mitt innlegg gjort greie for at det kan komma andre grupper til.

Eg må seia at det er to innlegg i dag som eg reagerer svært kraftig på. Det er innlegga til representantane Hogsnes og Apelthun Sæle, som begge stod på denne talarstolen og sa at om Stortinget hadde gått for Regjeringa sitt opplegg, hadde pionerdykkarane fått sine utbetalingar tidlegare.

Lat meg då ta ein kjapp gjennomgang av kalenderen for våren. Det er nemleg slik at Regjeringa kom med sin proposisjon fredag den 2. april, altså siste fredag før påske. Så er det slik at Stortinget ikkje kom saman igjen før det hadde gått to veker, og i den fyrste veka – veke 17 – var alle dei i komiteen som skulle handtera denne saka, ute på sine respektive reiser. Det vil seia at komiteen brukte til saman ei og ei halv veke på denne saka. Det er faktisk òg slik at eit fleirtal etablerte seg raskt. Årsaka til at vi brukte så lang tid som ei og ei halv veke, var for om mogleg å få også regjeringspartia med i det same fleirtalet som allereie var avklart. Viss det er noko i den framstillinga som ikkje stemmer, får Hogsnes og Apelthun Sæle avkrefta det. Eg meiner at det er slik det er, og då synest eg faktisk at heile komiteen skal seia at ein ikkje vil vita av at det står nokon her og seier at vi har brukt lang tid.

Lat meg seia til slutt: Eg er veldig glad for at statsråden så tydeleg har sagt at han no følgjer opp denne saka på vegner av alle dei dykkarane som dette betyr mykje for. Det er svært bra at vi ein og ein halv månad etter at saka vart lagd fram, inklusiv påske, er komne dit vi er i dag.

Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 4.

(Votering, se side 2745)

Votering i sak nr. 4

Presidenten: Under debatten har Hans Kristian Hogsnes satt fram et forslag på vegne av Høyre og Kristelig Folkeparti. Forslaget lyder:

«I statsbudsjettet for 2004 gjøres følgende endring:

Kap.PostFormål:Kroner
1500Arbeids- og administrasjonsdepartementet
21Spesielle driftsutgifter, forhøyes med 800 000
70(Ny) Bidrag for pionerdykkerne, bevilges med 9 200 000»

Det voteres alternativt mellom dette forslaget og innstillingen fra komiteen.

Komiteen hadde innstillet:

I

I statsbudsjettet for 2004 vert det gjort følgjande endringar:

Kap.PostFormål:Kroner
Utgifter:
1500Arbeids- og administrasjonsdepartementet
21Spesielle driftsutgifter, vert auka med 950 000
70(Ny) Bidrag for pionerdykkarane, vert løyvd med 24 000 000

II

Stortinget ber Regjeringa syta for at maksimumsbeløpet som kan utbetalast til pionerdykkarane under strakshjelpordninga av 27. juni 2003, vert heva frå inntil 200 000 kroner til inntil 300 000 kroner.

Votering:Ved alternativ votering mellom komiteens innstilling og forslaget fra Høyre og Kristelig Folkeparti bifaltes innstillingen med 57 mot 37 stemmer.(Voteringsutskrift kl. 19.51.15)

Presidenten: I sak nr. 5 foreligger det ikke noe voteringstema.