Stortinget - Møte tirsdag den 1. juni 2004 kl. 12

Dato: 01.06.2004

Dokumenter: (Innst. S. nr. 195 (2003-2004), jf. St.prp. nr. 50 (2003-2004))

Sak nr. 1

Innstilling fra næringskomiteen om videreføring av støtte til skipsbyggingsindustrien

Talere

Votering i sak nr. 1
May-Helen Molvær Grimstad (KrF) [12:04:04]:(ordførar for saka):

Behandlinga av saka om støtte til skipsbyggingsindustrien har vore oppe tidlegare, jf. St.prp. nr. 47 for 2002-2003. Saka fekk den gongen fleirtal i komiteen. Når vi i dag behandlar St.prp. nr. 50 for 2003-2004, er det ei vidareføring av denne støtta til skipsbyggingsindustrien, på bakgrunn av at saka mellom EU og Sør-Korea som blir behandla i WTO, enno ikkje har fått noka avklaring. Meir konkret gjeld saka mellom EU og Sør-Korea rettferdige og gjennomsiktige konkurransevilkår for skipsbyggingsindustrien i EU og Sør-Korea. Det gjeld innføring av mellombels kontraktsrelatert støtte på maksimum 6 pst. for containerskip, produkt- og kjemikalietankskip som ein no ønskjer å forlengje frå 1. april 2004 til 31. mars 2005. Ordninga fell bort tidlegare dersom dette blir vedteke i EU.

Det er viktig å sjå til at norske verft som konkurrerer på ein internasjonal marknad, har tilsvarande vilkår og ordningar som sine konkurrentar for å kunne møte utfordringar og omstillingar. I forhold til konkurransen mot sørkoreanske verft har norske verft framleis moglegheiter ved at Regjeringa foreslår å sikre likearta konkurransevilkår mellom skipsbyggingsindustrien i Noreg og skipsbyggingsindustrien i konkurrentlanda i EU gjennom at det blir vidareført ei avgrensa verftsstøtteordning for containerskip, produkt- og kjemikalietankskip på opptil 6 pst. frå og med 1. april 2004 inntil 31. mai 2005, etter mønster av den ordninga som det no er opna for i EU. Dette sluttar heile komiteen seg til, og frå Kristeleg Folkeparti si side er vi veldig glade for at dette blir vidareført.

Komiteen har også til behandling ei sak om skipsfartsmeldinga, der ulike utfordringar også for skipsbyggingsindustrien blir drøfta.

Olav Akselsen (A) [12:06:15]:(leiar for komiteen): Det er ein samrøystes komite som står bak innstillinga, så eg skal ikkje laga nokon eldfull debatt knytt til dette temaet no. Eg vil berre presisera at komiteen har ei anna sak om skipsfarten sine kår til behandling, og at det er naturleg òg i den samanhengen å sjå på eventuelt andre forslag, berre slik at ein ikkje i ettertid skal bli møtt med at ein ikkje nytta denne anledninga til å ta opp verftsstøtta og spørsmål knytte til ho.

Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 1.

(Votering, se side 2907)

Votering i sak nr. 1

Komiteen hadde innstillet:

I

Stortinget samtykker i at den begrensede verftsstøtteordningen videreføres i sin nåværende form med virkning fra 1. april 2004 inntil 31. mars 2005 i tråd med det opplegget som er skissert i St.prp. nr. 50 (2003-2004).

II

Stortinget gir Nærings- og handelsdepartementet fullmakt til å gi nærmere retningslinjer og til å foreta den praktiske tilpasning av verftsstøtteordningen i tråd med det opplegget som er skissert i St.prp. nr. 50 (2003-2004).

Votering:Komiteens innstilling bifaltes enstemmig.