Presidenten: Ingen har bedt om ordet.
Votering i sak nr. 9
Komiteen hadde innstillet:
I medhald av lov 28. juli 1949 om Statens Pensjonskasse
20 tredje leddet blir det fastsett følgjande reglar om medrekning
av tenestetid for tenestemenn i Norsk Romsenter:
1. Tenestemenn i Norsk Romsenter som
blir medlemmer av Statens Pensjonskasse fordi dei har stillingar
som gjer at dei blir overførte til staten, får tida før medlemskapen
i Statens Pensjonskasse godskriven som pensjonsgivande tenestetid
i Statens Pensjonskasse dersom dei har vore omfatta av ei kollektiv
pensjonsforsikring i Storebrand. Det er ein føresetnad at premiereservane
blir overførte til staten.
2. Dei tilsette som tidlegare har arbeidd ein annan stad, og
der har vore medlem i ei anna pensjonsordning, får denne tida rekna
med, dersom premiereserven frå den tidlegare pensjonsordninga er
blitt overførd til Storebrand, eller det er avtalt at verdien av
den fripolisen vedkommande har i andre ordningar, går til frådrag
i utbetalinga frå Storebrand.
3. Går tenestemennene i Norsk Romsenter over frå deltidsstilling
til større deltidsstilling eller til full stilling ved overgangen
til statsteneste, kan pensjonsgrunnlaget reduserast i forhold til
arbeidstida etter føresegnene i 15 i pensjonslova.
4. I høve til føresegnene i pensjonslova inneber medrekninga
at statstenestemenn ved Norsk Romsenter blir sett på som om han/ho
har vore medlem av Statens Pensjonskasse i vedkommande tidsrom når
det gjeld føresegn om opptaksreglar, berekning av pensjon med vidare.
5. Arbeids- og administrasjonsdepartementet kan så langt
det trengst gi utfyllande føresegner for gjennomføring av ordninga
ovanfor.
Votering:
Komiteens innstilling bifaltes enstemmig.