Stortinget - Møte tirsdag den 15. juni 2004 kl.10

Dato: 15.06.2004

Dokumenter: (Innst. S. nr. 238 (2003-2004), jf. St.prp. nr. 56 (2003-2004))

Sak nr. 9

Innstilling fra familie-, kultur og administrasjonskomiteen om endring av medlemskap i Statens Pensjonskasse

Presidenten: Ingen har bedt om ordet.

Votering i sak nr. 9

Komiteen hadde innstillet:

I medhald av lov 28. juli 1949 om Statens Pensjonskasse 20 tredje leddet blir det fastsett følgjande reglar om medrekning av tenestetid for tenestemenn i Norsk Romsenter:

  • 1. Tenestemenn i Norsk Romsenter som blir medlemmer av Statens Pensjonskasse fordi dei har stillingar som gjer at dei blir overførte til staten, får tida før medlemskapen i Statens Pensjonskasse godskriven som pensjonsgivande tenestetid i Statens Pensjonskasse dersom dei har vore omfatta av ei kollektiv pensjonsforsikring i Storebrand. Det er ein føresetnad at premiereservane blir overførte til staten.

  • 2. Dei tilsette som tidlegare har arbeidd ein annan stad, og der har vore medlem i ei anna pensjonsordning, får denne tida rekna med, dersom premiereserven frå den tidlegare pensjonsordninga er blitt overførd til Storebrand, eller det er avtalt at verdien av den fripolisen vedkommande har i andre ordningar, går til frådrag i utbetalinga frå Storebrand.

  • 3. Går tenestemennene i Norsk Romsenter over frå deltidsstilling til større deltidsstilling eller til full stilling ved overgangen til statsteneste, kan pensjonsgrunnlaget reduserast i forhold til arbeidstida etter føresegnene i 15 i pensjonslova.

  • 4. I høve til føresegnene i pensjonslova inneber medrekninga at statstenestemenn ved Norsk Romsenter blir sett på som om han/ho har vore medlem av Statens Pensjonskasse i vedkommande tidsrom når det gjeld føresegn om opptaksreglar, berekning av pensjon med vidare.

  • 5. Arbeids- og administrasjonsdepartementet kan så langt det trengst gi utfyllande føresegner for gjennomføring av ordninga ovanfor.

Votering:Komiteens innstilling bifaltes enstemmig.