Stortinget - Møte onsdag den 16. mars 2005 kl. 10

Dato: 16.03.2005

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 4

Presidenten: Dette spørsmålet, fra representanten Thore A. Nistad til landbruks- og matministeren, vil bli besvart av miljøvernministeren, som antas å være rette vedkommende.

Thore A. Nistad (FrP) [11:14:10]: Jeg hadde egentlig tenkt å stille et spørsmål om rakefiskproduksjonen i Valdres til matministeren, men siden jeg har fått inn miljøvernministeren, får jeg bare si takk for i går til ministeren.

Jeg har følgende spørsmål:

«Rakefisk fra Valdres har blitt et suksessprodukt, og salget kunne ha vært mye større dersom produsentene hadde fått nye eller større produksjonskvoter. Statsråden hevder hele tiden at Bygde-Norge må tenke nytt og produsere nye produkter med kvalitet.

Hva vil statsråden gjøre for at rakefiskprodusentene i Valdres kan dra større nytte av det kvalitetsproduktet de har fremstilt?»

Presidenten: Presidenten må skyte inn at han også har undret seg litt over omadresseringen, og er litt i tvil om det er rakefisken eller forbrukerne som skal vernes.

Statsråd Knut Arild Hareide [11:14:57]: Det er i første rekkje utslepp av næringssalt som i dag avgrensar rammene for fiskeoppdrett i Valdres, og det er bakgrunnen for at det er eg som svarer på spørsmålet i dag.

Eg har tidlegare skrytt av rakefiskmiljøet i Valdres, som er i ferd med å etablera ei merkevare og ein identitet på høgd med franske matregionar. Rakefisken skaper stor entusiasme i bygda, slik m.a. representanten Nistad viser med dette spørsmålet. Representanten Nistad har vist eit betydeleg engasjement her som eg set pris på. Samtidig har produksjonen ringverknader både for reiselivsnæringa, for handelsstanden og blant dei andre matprodusentane som står for det som hører til eit godt rakefiskmåltid.

For rakefisknæringa og andre næringar som utnyttar produksjonsgrunnlaget i naturen, blir det likevel stadig viktigare at produksjonen føregår på ein miljømessig forsvarleg måte. Dette vil sikra at produksjonsgrunnlaget blir bevart for framtida, og det vil medverka til kvaliteten på produkta, der miljøtilpassa produksjon vil vera eit viktig konkurransefortrinn i stadig meir miljøbevisste marknader.

Eg vil her minna om at oppdrett av fisk i Valdres utgjer ei monaleg kjelde til utslepp av næringssalt til Begnavassdraget i perioden juni–september. Dette er òg den mest kritiske perioden i året, fordi vassføringa er lita og temperaturen er høg. I juli og august er oppdrett den viktigaste kjelda til slike utslepp.

Strondafjorden, som er den største og mest utsette innsjøen i forhold til fiskeoppdrett, er sårbar for tilførsel av næringssalt, særleg om sommaren. Fleire gonger har det såleis vore oppblomstring av algar i Strondafjorden, sist i 2003.

Det har i fleire år vore gjort ein stor innsats for å redusera utslepp av næringssalt frå kommunale kloakkanlegg, landbruk, industri og spreidde bygningar i denne regionen. Store summar er investerte i tekniske anlegg. Ein mogleg auke i produksjonen av fisk må derfor skje på ein slik måte at dei totale utsleppa frå fiskeoppdrettet ikkje aukar.

Fylkesmannen i Oppland er framleis interessert i dialog med fiskeoppdrettsnæringa i Valdres for å komma fram til gode løysingar for næringa og for miljøet. I si rolle som forureiningsmyndigheit vil fylkesmannen sjølvsagt handsama nye søknader om utsleppsløyve frå fiskeoppdrett. Det vil da vera viktig at dei totale tilførslane av næringssalt i vassdraget blir haldne konstante eller helst går ned. Eg vil likevel understreka at hovudansvaret for å finna teknisk og økonomisk forsvarlege løysingar ligg hos næringa sjølv, og eg håper dei vil lukkast med dette.

Thore A. Nistad (FrP) [11:17:46]: Jeg takker for svaret.

Det var egentlig ikke utslippet jeg hadde tenkt å stille spørsmål om, men når jeg har fått en annen minister enn den jeg stilte spørsmålet til, må jeg vel ta til takke med den som er her. Hele denne regla har jeg fått før, og det er tydelig at for ministeren renner vannet en annen retning i Valdres enn det det gjør andre steder. De fleste av disse produksjonsbedriftene ligger nedenfor Strondafjorden og ikke ovenfor, så dere får ta dere en tur til Valdres og se!

Jeg er representant for Innlands-Norge, hvor vi har mange driftige gründere og småbedriftseiere som sliter og står på. Med tanke på det de møter i hverdagen, er det et under at de i det hele tatt gidder å drive på. I går hadde vi en debatt om beltevogner, og i dag slår avisen opp at det er rødt lys for beltevogner. Nå slår altså statsråden beina vekk under en ny gruppe dyktige gründere og bedriftseiere i Valdres. Er det da ingen grenser for hvor mange bedrifter statsråden skal legge ned rundt omkring i Norge? Kan han ikke heller si ja til disse bedriftene? Jeg tenker på turistbedriftene på Høvringen, og jeg tenker på rakefiskprodusentene i Valdres. Kan han ikke strekke ut en hånd og si ja, dere er dyktige, og la oss få fart på Innlands-Norge?

Presidenten: Tilleggsspørsmålet gikk vel et stykke utover det opprinnelige spørsmålet i omfang …

Thore A. Nistad (FrP) [11:19:11]: Ja, men jeg fikk en annen minister og et helt annet svar enn det jeg hadde tenkt!

Presidenten: Statsråden står fritt til å svare på hvorvidt han går mot strømmen!

Statsråd Knut Arild Hareide [11:19:18]: No vil eg minna om at i den saka vi diskuterte i går, kom det eit tydeleg signal frå Miljøverndepartementet om at me ønskjer å finna ei løysing, me ønskjer berre å halda oss til forvaltningslova og ikkje bryta ho. Eg sa i går at eg var innstilt på å finna ei løysing som eg trur vil vera god for Høvringen Høgfjellshotell.

I denne saka, som eg veit representanten Nistad har hatt eit betydeleg engasjement i, er òg Fylkesmannen i Oppland interessert i ein dialog med dei som driv eit betydeleg arbeid, som gjer ein veldig god jobb, og som har fått til eit produkt. Eg er oppteken av at den produktutviklinga skal halda fram, men eg er òg oppteken av miljøet og av at me skal gjera det innanfor dei rammene me har for ein god miljøpolitikk.

Da denne saka var oppe i november, sa eg at vi er opne for ein dialog mellom Fylkesmannen i Oppland og dei som står for denne produksjonen. Det står sjølvsagt ved lag. Eg håper at den dialogen vil føra fram til ei god løysing.

Thore A. Nistad (FrP) [11:20:29]: Jeg takker statsråden for to gode svar. Jeg må si jeg ble veldig positivt overrasket. Jeg håper at det blir en løsning for Høvringen før påske, at de får dispensasjon når det gjelder kjøring i påsken, som de er veldig avhengige av.

Så til Valdres og rakefiskproduksjonen – det var egentlig det vi skulle snakke om. Nå er det slik at de fleste må importere fisk fra Danmark. En del klarer også å få tak i fjellørret. Men det er altså mangel på fisk for å kunne lage dette produktet. Alt de lager, blir solgt ut. Her kunne en altså skapt en god del nye anlegg, nye bedrifter og nye arbeidsplasser i Valdres.

Når kan statsråden eventuelt få fart på dem som sitter og sperrer for dette hos miljømyndighetene i Oppland fylke?

Statsråd Knut Arild Hareide [11:21:29]: Som eg sa i går, vil det ikkje vera mogleg å få ei løysing for Høvringen Høgfjellshotell denne påska utan å bryta forvaltningslova. Det er eg ikkje interessert i, men eg er interessert i å setja i gang eit arbeid som vil gi ei løysing. Eg kan ikkje gi ein dispensasjon no, da bryt eg lova. Men eg set i gang eit arbeid for å finna ei løysing. Det vil ta noko tid, for me må halda oss til både forvaltningskikken og forvaltningslova – dette vil ikkje eg bryta.

Så til saka om rakefisk. Der er det no, meiner eg, grunnlag for ein dialog. Eg har sagt at det som er viktig for meg, er dei totale utsleppa, slik at me ikkje får ei ny algeoppblomstring. Det har vore konsekvensane av dei auka utsleppa, og eg har tru på at dialogen mellom Fylkesmannen i Oppland og desse dyktige personane vil gi ei heilskapleg og god løysing.