Stortinget - Møte torsdag den 9. juni 2005 kl. 10

Dato: 09.06.2005

Dokumenter: (Innst. S. nr. 224 (2004-2005), jf. St.prp. nr. 64 (2004-2005))

Sak nr. 2

Innstilling frå samferdselskomiteen om ein del saker på Samferdselsdepartementets område

Talere

Votering i sak nr. 2

Presidenten: Etter ønske frå samferdselskomiteen vil presidenten foreslå at taletida blir avgrensa til 5 minutt til kvar gruppe.

Vidare vil presidenten foreslå at det ikkje blir gjeve høve til replikkar etter dei enkelte innlegga, og at dei som måtte teikne seg på talarlista utover den fordelte taletida, får ei taletid på inntil 3 minutt.

Det er vedteke.

Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A) [11:03:41]: (ordførar for saka): St.meld. nr. 64 for 2004–2005 omtaler 13 saker. Det er ei tilbakemelding til Stortinget om kor desse sakene står, kva som har skjedd, og kva som skal skje.

Det er lite dynamitt i desse sakene – kanskje litt trist for meg, som er inne i den nest siste veka på Stortinget og legg fram den siste saka mi som saksordførar. Det kunne ha vore spennande med litt politisk dynamitt på slutten. Men eg skal ikkje laga nokon konfliktar som ikkje ligg der. Eg kjem berre til å omtala nokre få av sakene.

Når det gjeld Svinesundsforbindelsen, er det slik at på grunn av eit manglande lovgrunnlag i Sverige vert dei bomstasjonane som var planlagde på svensk side, flytta til norsk side. Det er romsleg og greitt takla, og det er greitt å ha dette på plass før opninga av Svinesundsbrua i morgon, som mange av oss er så heldige å få delta på.

På E16 frå Sandvika til Bergen er det gjort greie for to strekningar – strekninga Wøyen–Bjørum og strekninga Borlaug–Voldum. Når det gjeld Wøyen–Bjørum, ser komiteen positivt på at kvalitetssikringa av prosjektet byggjer opp under vedtaket om at strekninga vert bygd ut samla, med dei økonomiske innsparingane som her ligg inne, og ikkje i to etappar, som det før var lagt opp til. Komiteen vonar at erfaringane som ein har fått her, òg kan verta nytta i andre tilsvarande prosjekt, med det resultat at ein får meir veg for pengane. I tillegg har medlemene frå Arbeidarpartiet, Framstegspartiet og Senterpartiet peikt på at tidlegare undersøkingar viser at opprigging og nedrigging av utstyr ved små entreprisar fordyrar byggjekostnadene vesentleg. Det er ganske lurt å få større prosjekt. På denne strekninga viser komiteen til at det er ei strekning frå Steinklepp til Øye som òg er påbegynt. Samla vil dette gje ein betre veg frå Sandvika til Bergen på E16.

Når det gjeld rv. 2 Kløfta–Nybakk, vert det no ein smal firefelts veg innafor vedteken ramme. For å få bygd den vegen i ein etappe på heile strekninga orienterer departementet i proposisjonen om at Statens vegvesen vil starta arbeidet med å revidera reguleringsplanane. Ei direkte utbygging til firefelts veg vil gje langt lågare samla kostnader enn ei utbygging i to etappar. Det vil skje innafor den kostnadsramma som opphavleg var der.

Komiteen er glad for dette. Eg ser i grunnen på dette som eit eksempel på slik me må prøva å få det til framover. Me må prøva å få det til slik at me byggjer vegar for morgondagens trafikk og ikkje gårsdagens trafikk. Komiteen peiker her på at det er ganske mykje tung trafikk på denne strekninga, og det er viktig at me byggjer vegar som toler den trafikken, og at det er gode skuldrer utafor vegen som gjer vegen stabil over tid. Eg veit at det er fleire her i salen som er veldig glade for at denne vegen vert betre, og at det vert ein firefelts veg.

Så er fleirtalet i komiteen – alle unnateke Framstegspartiet – glad for at ein har funne ei løysing for Imarsundprosjektet trass i kostnadsauken, ei løysing som ikkje betyr meir statlege pengar, og som ikkje sprengjer grensene for prosjektet. Eg har vore og sett på prosjektet, og eg tykkjer dette ser ut til å vera eit viktig prosjekt for dei som bur i området. Me er glade for at det no skal realiserast.

Så har Arbeidarpartiet og sikkert mange andre i løpet av det siste halvåret fått ein del innspel om at føringane i Nasjonal transportplan og vedtak i den samanhengen ikkje er følgde opp i handlingsplanane. No gjentek me i komiteen at me legg til grunn at Statens vegvesen følgjer opp dei føresetnadene som Stortinget har lagt til grunn. Eg føreset at statsråden følgjer med på det, og at det som det vert gjort greie for for Stortinget til hausten, er i tråd med det Stortinget har sagt. Elles vil eg gjerne be statsråden seia litt om korleis den orienteringa vil koma.

Når det gjeld alternativ bruk av ferjeavløysingsmidlar, viser komiteen til at desse ikkje var meinte berre å bruke der ein kunne kombinera dei med bompengar, men at dei kan også nyttast på andre måtar.

Elles vil eg seia at det er mange saker som ikkje ligg i denne proposisjonen, eller som ikkje vert fremja i vår – for å nemna nokre på Vestlandet: Jondalstunnelen, Hardangerbrua, Finnfast, Haugalandsparken og Bergensprogrammet. Det hadde gjeve oss ein meir spennande og arbeidsam vår, men dessverre er det no for seint.

Til slutt vil eg anbefale innstillinga.

Petter Løvik (H) [11:08:58]: Det er eit titals til dels ganske viktige saker som blir omtalte og delvis beskrivne i dette dokumentet. Det er med stor glede eg konstaterer at det er brei einigheit om det aller meste. Eg har likevel lyst til å trekkje fram nokre av desse prosjekta spesielt som er litt gledelege.

Det eine er strekninga mellom Sandvika og Sollihøgda, altså Wøyen–Bjørum på E16. Den eksterne kvalitetssikringa viste at strekninga får ei lågare kostnadsramme enn det Statens vegvesen hadde berekna. Dette gir oss rom for å utvide direkte til firefelts veg, og dei som kjenner denne strekninga, veit at dette er eit stort framskritt. Det er eit godt ledd i dette at vi no klarer å få til ting, at vi ikkje berre får meir pengar, som vi har fått til veg i denne perioden, men også at vi klarer å få meir veg for pengane.

Litt av det same gjeld for rv. 2, strekninga frå Kløfta austover mot Nybakk, der vi allereie i første byggjetrinnet faktisk klarer å få til ein firefelts veg.

Dette er to veldig gledelege prosjekt, der vi no får ein mykje høgare vegstandard enn det det i utgangspunktet var lagt opp til – altså endå meir enn det vi i utgangspunktet hadde rekna med då vi tidlegare vedtok desse prosjekta.

Ei anna lita sak som har fått veldig lite merksemd både i media og i arbeidet i komiteen, men som likevel er viktig, er at vi no går inn for å fjerne garantiordninga for andreprioritetslån til bygging og utbetring av riksvegferjer. Denne saka kan verke ubetydeleg – og med dagens rentenivå er ho nok også av forholdsvis lita betydning, men det ligg ei ganske stor symbolsk betydning i dette. Det er eit ledd i den politikken som Regjeringa har foreslått og fått gjennomslag for, nemlig å konkurranseutsetje riksvegferjesambanda.

Det er ikkje meir enn eit par dagar sidan vi fekk klare signal om at konkurranseutsetjinga av ferjesektoren hittil har vore ein veldig stor suksess. Det viser at vi får ganske store innsparingar, og vi får eit betre tilbod til passasjerane for dei pengane vi brukar. Men det systemet føreset at det er like konkurransevilkår mellom dei ulike aktørane som skal inn og gi sine anbod for å få trafikkere desse strekningane. Då går det ikkje an at staten går inn med spesielle garantiar til enkelte selskap som er plukka ut av staten. Derfor er eg svært tilfreds med å konstatere at vi no har eit breitt fleirtal for å ta vekk den ordninga som vi har hatt altfor lenge, og som – i tider med litt høgare rente i alle fall – har ført til konkurransevriding mellom dei ulike selskapa.

Lat meg til slutt nemne eit prosjekt frå mitt eige heimfylke, Imarsundprosjektet. Det er om lag eit år sidan vi behandla den saka og gav vår tilslutning til dette viktige prosjektet. I tillegg til å ta vekk eit ferjesamband og binde saman to kommunar fører det også til ei samanslåing av kommunane Aure og Tustna. I tilknyting til stortingsvalet, som vi er veldig spente på, skal det også vere eit kommuneval i den nye storkommunen i september. No blei det ei kostnadsoverskriding på dette prosjektet, men takka vere det låge rentenivået – som vi sjølvsagt kan diskutere kven som har æra for – klarer ein likevel å finansiere opp dette prosjektet, sjølv med dei overskridingane ein fekk i forhold til dei rammene som Stortinget tidlegare har gått inn for. Det er ein stor dag for Ytre Nordmøre, og det er ein stor dag for heile Møre og Romsdal, når vi no endeleg, håpar eg, kan setje sluttstreken for den politiske behandlinga av Imarsundprosjektet.

Odd Holten (KrF) [11:13:54]: St.prp. nr. 64 er en såkalt samleproposisjon der Regjeringen orienterer Stortinget om utviklingen av ulike prosjekter. Jeg har ikke tatt ordet for å gå inn på hvert enkelt prosjekt, for jeg opplever det slik at enigheten er stor i saken. Men jeg vil gjerne benytte sjansen til å si litt om Kristelig Folkepartis generelle samferdselspolitikk, prioriteringer og holdninger.

Fremkommelighet er et viktig stikkord for Kristelig Folkeparti. Gode og hensiktsmessige transportløsninger er helt nødvendige for bosetting og næringsliv. Veinettet er en livsnerve for regional og lokal utvikling. Det er viktig både i distriktene og i sentrale områder, spesielt der hvor vei er eneste transportmiddel. Altfor mange blir hver eneste dag drept eller alvorlig skadet i veitrafikken. Mange ulykker skyldes manglende holdninger til å følge trafikkreglene og avpasse farten etter forholdene. Dårlig veistandard og manglende rassikring kan også øke ulykkesrisikoen og skape utrygghet.

Kristelig Folkepartis hovedmål med transportpolitikken er å utvikle et trafikksikkert, miljøvennlig og effektivt transportsystem. Visjonen om ingen drepte eller hardt skadde i trafikken er grunnleggende i vår samferdselspolitikk. Kristelig Folkeparti vil derfor satse på trafikksikring og veiutbedring i distriktene. Kristelig Folkeparti vil arbeide for utbygging av et bedre veinett. Spesielt viktige områder som vi vil prioritere, er utbedring av ulykkespunkter, mer kontroller og fysiske skiller mellom motgående kjørefelt på svært ulykkesbelastede strekninger.

Vi har for neste periode programfestet at stamveirutene må utbygges mer sammenhengende, og at bevilgningene til riksveier må være på et nivå som ivaretar og videreutvikler veikapitalen.

Samtidig trenger vi et transportsystem som er bærekraftig for framtiden. Det innebærer bl.a. offensiv satsing på kollektivtrafikk. Kristelig Folkeparti vil at prisene for kollektivtransporten generelt reduseres, slik at det lønner seg økonomisk å bruke kollektivtransport. I tillegg til priser er imidlertid reisetid, regularitet, punktlighet og pålitelighet avgjørende faktorer i arbeidet for å få flest mulig til å kjøre kollektivt. Kristelig Folkeparti vil også satse på økt sykkelbruk med utbygging av sammenhengende sykkelveinett i alle byer og større tettsteder.

Samferdselskomiteen bad i Budsjett-innst. S. nr. 13 for 2004-2005 departementet komme tilbake til Stortinget med en sak om hvordan det vil prioritere utvikling av samferdselsberedskapen.

For Kristelig Folkeparti står sikkerheten som det viktigste enkelthensyn innen samferdselssektoren. En helhetlig strategi for samfunnssikkerhet og beredskap innen samferdselssektoren er helt nødvendig. Vi er derfor svært tilfreds med at Regjeringen i denne proposisjonen gir en orientering om de ulike forskningsprosjekter, utredninger, risiko- og sårbarhetsanalyser og krisehåndteringsøvelser etc. som er under utvikling, og dermed viser at de prioriterer arbeidet med samfunnssikkerhet og beredskap også innen samferdselssektoren.

Det skal etableres et system for felles elektroniske brikker for betaling av bompenger i Norden. Departementet orienterer i denne proposisjonen om arbeidet og finansieringen av systemet.

Til slutt har jeg et ønske om å berøre Østfold fylkes utfordringer. Vi har to viktige prosjekter i Østfold, E6 og Svinesund-utbyggingen. Det er en stor glede å kunne konstatere at E6 i Østfold nå på det nærmeste er ferdig utbygd, og vil stå ferdig i 2008. Dette er viktig ut fra trafikksikkerhetshensyn og ikke minst ut fra at denne veistrekningen har hatt betegnelsen «dødsveien». Jeg er svært glad for det positive samhold som har vært i Stortinget for å få tilrettelagt denne viktige utbyggingen, en sak som jeg har jobbet for i svært lang tid.

Jorunn Ringstad (Sp) [11:19:14]: Som fleire har vore inne på før i denne debatten, er fleire av dei enkeltsakene som er omtala i denne proposisjonen, saker som det er stor semje om i komiteen. Heile komiteen, eller eit stort fleirtal, har ingen merknader til sakene. Eg vil difor berre knyte nokre kommentarar til eit par-tre av sakene her.

To punkt i denne proposisjonen omhandlar E16. E16 er stamveg mellom aust og vest, mellom Oslo og Bergen. Vegen har stor trafikk heile året. Han har m.a. eit stigningsforhold som gjer at han er mykje brukt av tungtransport. Når ein skal reise mellom aust og vest om vinteren, er dette ein av dei sikraste vegane å velje. Men standarden på denne vegen har ikkje stått i forhold til den verdien vegen har som transportåre.

Difor er det gledeleg at utbygging av fleire nye parsellar på denne vegen blir starta opp inneverande år. På parsellen Wøyen-Bjørum har kvalitetssikringa stadfesta at direkte utbygging til firefelts veg vil gi langt lågare samla kostnad enn ei utbygging i to etappar. Det er difor svært bra at denne parsellen blir bygd som firefelts veg i første etappe.

Den andre parsellen på E16 som blir starta opp i år, er Borlaug-Voldum. Denne parsellen er ein av dei absolutt dårlegaste, kanskje den dårlegaste parsellen på E16 i dag. Eksisterande veg er smal, svingete, har mange avkøyrsler og har svært dårleg bereevne. Bereevna er så dårleg at i periodar med ugunstig vêrforhold og stor trafikk, særleg tungtrafikk, har det vore stilt spørsmål ved om trafikken på denne parsellen burde avgrensast.

Når arbeidet med utbetring av denne parsellen blir starta opp i år, med omdisponering av midlar frå andre prosjekt, er det eit svært nødvendig og krevjande arbeid som blir sett i gang.

Ei anna sak i denne proposisjonen som eg òg vil seie meg tilfreds med, er at det blir opna for at rv. 2 Kløfta–Nybakk kan byggjast som smal firefelts veg. Ei direkte utbygging til firefelts veg vil gi ein langt lågare samla kostnad enn ei utbygging i to etappar.

Proposisjonen inneheld også ei orientering om arbeidet med å etablere eit system for felles elektronisk brikke for betaling av bompengar i Norden, NORITS. Senterpartiet er positiv til innføring av eit felles system til bruk i bomstasjonar og på ferjer. Dette kan gi eit enklare system og også billigare løysingar enn i dag. Men det er avgjerande at dette systemet ikkje fører til auka kostnader for bilistar eller næringsliv.

Til slutt i innstillinga har ein samla komite teke med to merknader under punkt 4. Andre saker. Den første merknaden er ei påpeiking av at Stortinget legg til grunn at dei føresetnadene som Stortinget har lagt til grunn ved handsaminga av NTP 2006–2011, skal følgjast, med andre ord ei påminning frå Stortinget om at Stortinget sine føringar skal vere grunnlag for handlingsplanane ute i fylka.

Den andre merknaden er ei presisering av retningslinene for alternativ bruk av ferjeavløysingsmidlar. Det synest nødvendig å presisere at det skal vere mogleg å bruke ferjeavløysingsmidlar, sjølv om eit prosjekt ikkje er eit bompengeprosjekt. Frå Stortinget si side var det ein absolutt føresetnad at også dei prosjekta – ja, kanskje nettopp dei prosjekta – òg måtte få kunne ta del i ferjeavløysingsmidlar.

Statsråd Torild Skogsholm [11:23:19]: Jeg har aller først lyst til å gi uttrykk for at jeg er fornøyd med komiteens håndtering av disse sakene. Som saksordføreren var inne på, er det en rekke saker, og jeg vet at det er stor iver etter å få lagt fram enda flere saker. Det tar jeg som et meget positivt engasjement på det viktige område som samferdsel er.

For dem som er berørt av både å få åpnet og å få satt i gang trafikken på Svinesundsforbindelsen, er det viktig. Det er viktig ikke minst også av hensyn til trafikksikkerheten i Østfold. Jeg må si at det var et svært mørkt bilde som var tegnet av ulykkesforholdene i Østfold for fire år siden da vi overtok regjeringsmakten, og jeg opplevde det slik at det har vært en stor enighet også på Stortinget om at det har vært viktig å satse på å komme videre med de løsningene. Det er også andre strekninger det har vært viktig å komme videre med, spesielt av hensyn til trafikksikkerhet, og en del av disse ligger inne i denne samleproposisjonen.

La meg da også få lov til å nevne E16, der vi er inne på to strekninger. Når det gjelder strekningen Wøyen–Bjørum, vil jeg si at jeg er tilfreds med at komiteen er positiv til direkte utbygging til fire felt, og ikke etappevis utbygging. Saksordføreren var også inne på at dette har en positiv effekt. Vi vil trekke med oss erfaringene fra dette prosjektet rett og slett med sikte på å få mest mulig veg igjen for pengene.

Når det gjelder E16 Borlaug–Voldum, har jeg merket meg komiteens merknad om strekningen Steinklepp–Øye, og vi vil komme tilbake til dette i de årlige budsjettene.

Rv. 2 Kløfta–Nybakk har også vært en strekning det har vært en stor oppmerksomhet knyttet til, spesielt trafikksikkerhetsforholdene. Jeg føler meg rimelig trygg på at de som bruker den vegen, er svært fornøyd med den beslutningen Stortinget tar i dag på dette området.

Så til det som står i samleproposisjonen om NORITS. Vi ønsker gjennom et slikt system å gjøre transporten mer effektiv, og at det er mindre hindringer som ligger i vegen for transporten. Derfor er dette et viktig steg framover. Jeg har merket meg flertallets påpekning om at dette ikke må føre til økte kostnader for bilister og næringsliv. Jeg er opptatt av at vi kan få en forenkling for trafikantene, og at vi kan redusere innkrevingskostnadene. Men jeg tar med meg flertallets merknader.

Når det gjelder spørsmålet om handlingsplaner, vil jeg forsikre om at vi naturligvis legger til grunn Stortingets behandling av Nasjonal transportplan i utarbeidelsen av disse. Det vil være naturlig å komme tilbake og orientere Stortinget i forbindelse med høstens budsjett om handlingsprogrammet. Budsjettet vil være basert på det arbeidet som da er lagt til grunn.

Så til spørsmålet om bruk av ferjesubsidier. I prosjekter der staten åpner for alternativ bruk av ferjetilskudd, stilles det krav om lokal finansiering gjennom bompenger i den grad trafikkgrunnlaget er stort nok til å forsvare bompengeinnkreving. Når trafikkgrunnlaget ikke er stort nok, vil det, som komiteen presiserer, være mulighet for lokale myndigheter, dvs. kommuner eller fylkeskommuner, å forskuttere midler. Jeg legger til grunn at det i så fall skal baseres på prinsippene i St.prp. nr. 69 for 2003-2004 med hensyn til rente og prisstigning.

For mange i dette landet har dette vært en viktig proposisjon, og jeg er veldig fornøyd med det resultatet vi har i dag.

Presidenten: Dei talarane som heretter får ordet, har ei taletid på inntil 3 minutt.

Eirin Faldet (A) [11:28:20]:Rv. 2 har vært diskutert og vurdert i 20 år, og mange ville nok gitt opp underveis, men ordføreren i Sør-Odal har aldri gitt opp håpet om å få en god og trafikksikker rv. 2, og ære være ham for det.

Jeg vil derfor takke og rose Samferdselsdepartementet og statsråden for å løfte fram rv. 2. Statens vegvesen vil nå starte arbeidet med å revidere gjeldende reguleringsplan for å få bygd firefelts veg i én etappe på hele strekningen Kløfta–Nybakk. Det er gledelig at departementet nå har funnet ut at det er mulig å bygge en smal firefelts veg innenfor de vedtatte kostnadsrammer. Samferdselsdepartementet har gitt løyve til å bygge en firefelts veg med 16 m vegbredde på den ca. 4 km lange strekningen mellom Kløfta og Borgen.

Dette har vært et ønske fra mange lokalt, og Arbeiderpartiet er fornøyd med at det nå kommer klar beskjed fra Samferdselsdepartementet om at det vil bli bygd en firefelts veg på hele strekningen Kløfta–Nybakk i én etappe. Rv. 2 er en sterkt trafikkert veg med mye tungtransport, og det er viktig å understreke behovet for å bygge nødvendige vegskuldre som skaper en stabil og mer trafikksikker framkommelighet.

Alle som har kjørt rv. 2 om vinteren og på glatt føre, skjønner hvor viktig det er å få en ny rv. 2, og at dette arbeidet må forseres. Jeg er derfor glad for at alle partier i samferdselskomiteen med unntak av SVs medlemmer går inn for full utbygging til motorvegstandard. Jeg takker hjertelig komiteen for dette vedtaket. Til SV vil jeg si – det er ikke snakk om tog eller veg. I Glåmdalsregionen er det faktisk snakk om begge deler, og det er et sterkt behov for det. Det skjønner alle som bor og lever i dette distriktet.

Det er gjort et grundig forarbeid. Alle berørte kommuner har behandlet utbyggingen av rv. 2 og har fattet vedtak om trasévalget. Fylkestinget i Hedmark og Akershus har godkjent planene, og Vegdirektoratet og Samferdselsdepartementet har godkjent trasévalget.

Jeg tillater meg å be statsråden bekrefte at ingen ting kan endre planene nå, at vegtraseen blir slik de berørte kommuner har vedtatt, og at framdriftsplanene holdes. Vi tåler liksom ikke mer kluss om rv. 2 nå. Nå ser vi at noe skjer, og nå er’n Henning glad.

Odd Holten (KrF) [11:31:24]: Jeg har bare en kort tilleggskommentar som jeg ikke rakk å få med i mitt første innlegg.

Alvorsropene fra Østfold har blitt hørt i denne stortingsperioden, og det er jeg svært glad for. Jeg finner derfor grunn til å gi en sterk honnør til statsråden og til Regjeringen for at det har vært vilje til å lytte til de alvorlige signaler som har kommet fra vårt fylke hva gjelder de svært belastede riksveiene som fylket har, nemlig E6 og E18. I denne fireårsperioden har Østfold virkelig blitt satt på veikartet.

I den forbindelse er det også grunn til å bemerke at E18 i Indre Østfold er vår andre stamvei. Den har hele 25 pst. av godstrafikken over til Sverige. Også her må arbeidet videreføres og utbyggingstempoet opprettholdes, slik at hele anlegget om mulig står ferdig i løpet av 2009. Det har liten hensikt med gode veier ellers i landet dersom Østfold skal være en flaskehals, og jeg er glad for at statsråden har tatt konsekvensen av det, og at vi får de resultater som nå foreligger, i løpet av både denne perioden og i løpet av neste periode. En varm takk til statsråden for godt utført arbeid.

Presidenten: Fleire har ikkje bedt om ordet til sak nr. 2.

(Votering, sjå side 2758)

Votering i sak nr. 2

Komiteen hadde innstillet:

Stortinget samtykkjer i at bompengeselskapet Svinesundsforbindelsen AS kan bli gitt driftsansvar i alle bomstasjonane.

Presidenten: Presidenten regner med at Fremskrittspartiet ønsker å stemme imot. – Det nikkes.

Votering:Komiteens innstilling bifaltes med 83 mot 15 stemmer.(Voteringsutskrift kl. 14.03.52)