Stortinget - Møte tirsdag den 20. desember 2005 kl. 10

Dato: 20.12.2005

Dokumenter: (Innst. S. nr. 61 (2005-2006), jf. St.prp. nr. 28 (2005-2006))

Sak nr. 4

Innstilling frå transport- og kommunikasjonskomiteen om utbygging og finansiering av vegsambandet rv 64 Bremsnes-Kristiansund (Atlanterhavstunnelen) i Møre og Romsdal

Talere

Votering i sak nr. 4

Svein Gjelseth (A) [10:18:06]:(ordførar for saka):Nordmøre treng dette prosjektet. Regionen sjølv har teke tunge lyft. Staten må leggje til rette for slike prosjekt, ikkje hindre eller forseinke dei.

Eg har lagt merke til den kreativiteten og stå på-viljen som finst i denne regionen når det gjeld å løyse vanskelege samferdselsprosjekt. Imarsundsambandet kan vere eit eksempel på det. Atlanterhavstunnelen meiner eg er eit anna godt eksempel på at lokalsamfunnet og regionen tek tak i sine eigne utfordringar. Då skal storsamfunnet hjelpe til, ikkje bremse opp.

Nordmøre tek dette på alvor. Dei kjem ikkje til staten og ber om pengar, men tek heile rekninga sjølve. Det gjer dei ved at brukarane, i staden for å betale ferjebillett, betalar bompengar. Samtidig stiller det lokale næringslivet, kommunane og fylket opp med aksjekapital, tilskot og garantiar. Sjølv dei siste ekstra garantiane fekk fylket på plass på kort varsel – dette fordi heile Møre og Romsdal gjerne ville at den nordlegaste delen av fylket skulle få realisert dette så viktige prosjektet. Då er det også berre rett og rimeleg at staten tek del med løysingar for å få prosjektet realisert.

Som sunnmøring vil eg i dag få gi uttrykk for at eg føler meg litt som ein nordmøring, og av heile mitt hjarte unner eg nordmøringane at dei endeleg får det etterlengta vedtaket i denne salen.

Eg har forstått det slik at det er heilt avgjerande for dette prosjektet å få utvida bompengeperioden til 20 år. Det må vere ei grei sak. Eg har vorte orientert om planane og berekningane, og så lenge prosjektet er innafor forsvarlege økonomiske rammer og har ein akseptabel risiko, må lengda på bompengeperioden vere underordna. Alternativet er ferje til evig tid.

Dette er eit prosjekt som vil knyte saman nokre av dei største kommunane på Nordmøre, kommunar der det i periodar har vore stagnasjon og arbeidsløyse, men der det no er vekst og satsingsvilje. Tunnelen vil knyte folket på Averøy til byen Kristiansund, og han vil knyte byen Kristiansund tettare saman med sitt omland sørover.

På aksen frå Tjeldbergodden, via Kristiansund til Aukra og Ormen Lange-anlegget er det no ein aktivitet som ein skal leite lenge før ein finn maken til. Særleg i samband med olje- og gassverksemda er det no ei verdiskaping og ein vekst i talet på arbeidsplassar som berre kan karakteriserast med eitt ord – formidabel.

Denne tunnelen vil styrkje regionen og i endå større grad gjere dette til ein felles bu- og arbeidsmarknad. For å bruke Ormen Lange-anlegget som eksempel: Prosesseringa og landanlegget ligg ute på Aukra, men feltet skal styrast av Norske Shell frå Kristiansund, der det same selskapet allereie har driftsorganisasjonen for Draugenfeltet. Med det nye sambandet kan ein no køyre frå Kristiansund til Aukra på ein dryg time. Dette gjer det mogleg å bu og jobbe på kryss og tvers mellom kommunane i regionen på Ytre Nordmøre og i Ytre Romsdal.

Eg har sjølv besøkt dei berørte kommunane. Eg har møtt næringslivet i regionen. Eg har lytta til folket og til dei som i dag er avhengige av å bruke ferja. Eg veit kor lenge dei har venta på det som skal skje her i dag. Eg veit også kor stor glede det er over at Stortinget i dag gjer det nødvendige vedtaket for at det prosjektet som dette lokalsamfunnet har jobba for i årevis, endeleg skal verte ein realitet.

Det må vere lov å kommentere måten denne saka vart handtert på av den førre regjeringa. Arbeidarpartiet har lenge meint at dette sambandet måtte realiserast. Likevel måtte vi i den førre perioden ved fleire anledningar etterlyse handling og spørje om det skjedde noko. Så opplevde vi det besynderlege at den førre regjeringa få dagar før valet heldt pressekonferanse på Nordmøre. Der presterte dei dåverande regjeringspartia å framstille det som om Arbeidarpartiet var ein trussel mot dette prosjektet, og som om eit regjeringsskifte ville forhindre eller forseinke det. Det er no det motsette som har skjedd.

No har vi halde det vi lova. Eg vil rose alle som har vore med og gjort dette mogleg, og det er mange. Eg er stolt over jobben mitt eige parti har gjort i denne saka, både lokalt og her i huset, og eg er stolt over Regjeringa, som no har levert.

Bård Hoksrud (FrP) [10:23:12]: Jeg synes saksordføreren hadde en bra framstilling av saken, og jeg tror vi er enige om innholdet når det gjelder behovet for Atlanterhavstunnelen. Det støtter Fremskrittspartiet selvfølgelig fullt og helt opp om. Jeg synes likevel det er et par momenter som man bør påpeke når det gjelder fakta i saken.

Vi har pekt på dette med grunnlaget for vekst og den såkalte engangsøkningseffekten, og man sier at engangsveksten er på om lag 70 pst. Jeg ser at det er tre fagmiljøer som er enige om og tror på ca. 70 pst., men det er sådd tvil fra flere instanser om dette er godt nok for å fullfinansiere.

Vi har ikke noen problemer med saken. Vi synes det er kjempebra at man nå får bygd skikkelige og ordentlige veger i Norge, og støtter godt opp om det. Men vi mener dette er en statlig oppgave, og man har også i lovverket slått fast at det er en statlig oppgave å finansiere vegene i Norge. Når staten tar inn ca. 50 milliarder kr i skatter og avgifter på bil og bilrelaterte avgifter, mener vi også at det er en statlig oppgave å sørge for denne finansieringen, og ønsker derfor ikke å støtte opp om bompengefinansieringsforslaget. Vi ønsker å ta opp igjen mindretallsforslaget under behandlingen av saken, om at dette skal fullfinansieres av staten. Vi håper selvfølgelig å få full tilslutning til det.

Presidenten: Representanten Bård Hoksrud har tatt opp det forslaget han refererte til.

Øyvind Halleraker (H) [10:25:05]: Dette er en stor dag for Nordmøre, spesielt for folket på Averøya, som nå får fastlandsforbindelse til byen sin, Kristiansund. I sør er som kjent Averøya landfast med suksessprosjektet Atlanterhavsvegen, som også var et lokalt initiativ – et bompengeprosjekt som er nedbetalt, bommene er fjernet for mange år siden, og aksjekapitalen er betalt tilbake på en anstendig måte. Den var på nærmere 10 mill. kr.

Det er noe som kjennetegner både Atlanterhavsvegen og Atlanterhavstunnelen. Her er lokale initiativ, her er lokale aksjeselskap, og her er lokal kapital. Det er slik vi har fått til å bygge ut mange viktige flaskehalser i dette landet de senere år, hvor alternativet ofte er ferjereiser med evig betaling og evig ulempe for næringsliv og befolkning. Når lokale krefter til de grader løfter, betaler prosjektene, som i dette tilfellet, skulle det bare mangle om ikke vi i denne sal skulle si ja – og jeg vil legge til – takk. Takk for at dere tar belastningen økonomisk når vi ikke makter å løse denne type prosjekter med ordinære midler så raskt som et oppegående næringsliv har krav på for å være konkurransedyktig. Konkurranseevne handler om mobilitet. Det er like lite tilfredsstillende å stå i ferjekø eller å være nattisolert som å stå i kø på en innfartsåre til en by.

Stortingets saksbehandling i denne saken har vært eksemplarisk rask. Vi har ikke engang sett behovet for verken høring eller befaring. Tenk om vi kunne gjort likedan i alle prosjekter hvor private interesser og næringsinteresser tar risiko og har kostnader, så vi får bygd ut dette landet.

Jeg skal ikke nevne navn, men det er i alle fall ett prosjekt som vi også har til behandling i komiteen, som hadde tålt likebehandling med nøyaktig samme begrunnelse. Men la ikke det formørke stunden, som det heter.

Atlanterhavstunnelen er snart et faktum, fordi folket og næringslivet på Nordmøre gjør dette mulig. La oss derfor i framtiden yte private som velger å sette sin kapital inn i prosjekter som strengt tatt er vårt ansvar, den anstendighet at de må få igjen pengene sine med en rimelig justering i forhold til prisstigningen. Det skjer ikke i denne saken, og det beklager jeg. Derfor har komiteen spesielt bemerket dette, og jeg forutsetter at standardavtalen som Stortinget har behandlet, blir fulgt heretter.

Avslutningsvis: Mange sier at dette er en julegave til Averøya og Kristiansund, men jeg vil si at det kanskje like mye er en julegave til oss fra de samme.

May-Helen Molvær Grimstad (KrF) [10:28:51]: I dag tek vi eit viktig steg for samarbeidet i Kristiansund-regionen. Det at Stortinget endeleg kan godkjenne bompengefinansieringa av Atlanterhavstunnelen, betyr at ein allereie neste år kan gå i gang med å byggje ein tunnel som vil gi betre kommunikasjon mellom Averøya og Kristiansund, og som er med på å styrkje næringsgrunnlaget og busetnaden for ein stor del av Nordmøre. Det er Kristeleg Folkeparti glad for.

Atlanterhavstunnelen mellom Averøy og Kristiansund betyr mykje for arbeidet med å styrkje Nordmøre som region. Målet med tunnelen er m.a. å leggje forholda til rette for ei lønsam og god utvikling av næringslivet i Kristiansund-området. Eit døgnope og ferjefritt samband gir næringslivet på Averøya større konkurransekraft og sjansar for utvikling. Kristeleg Folkeparti håpar og trur at ein tunnel vil medverke til å stoppe utflytting og auke sjansane for tilflytting til øya.

Kristeleg Folkeparti er tilfreds med at vi i dag, på den siste møtedagen i Stortinget i 2005, får gjort dette vedtaket. Det har vore viktig for prosjektet at det vart godkjent i Stortinget så raskt som mogleg. Rentegarantien for låna som skal finansiere tunnelen, gjeld fram til 22. desember, og dersom prosjektet ikkje vart behandla og godkjent innan den tid, kunne det resultere i at det vart dyrare.

Gode og føremålstenlege transportløysingar er nødvendig for busetnad og næringsliv. Vegnettet er ein livsnerve for regional og lokal utvikling. Og med dette vegprosjektet vil vi få betre kommunikasjon mellom Averøy og Kristiansund, noko som er med på å styrkje næringsgrunnlag og busetnad for ein stor del av Nordmøre. Byggjearbeidet startar allereie i 2006, og tunnelen skal etter planen vere fullført i 2008. Det ser vi fram til.

Til slutt vil eg sende ein takk til alle som på lokalt, regionalt og nasjonalt plan har arbeidd med dette prosjektet over lang tid. Eg vil gi honnør til Regjeringa for at dei fekk lagt saka fram slik at ein fekk behandle ho før jul. Samarbeidsregjeringa ville ha lagt fram denne saka, men rakk ikkje det før dei måtte gå av. Derfor er eg glad for, når det vart eit regjeringsskifte, at ein fekk dette raskt behandla, og at det er eit samla storting som støttar dette prosjektet.

Eli Sollied Øveraas (Sp) [10:31:44]: Ferjeavløysingsprosjektet Atlanterhavstunnelen vil gi fast samband mellom ytre Nordmøre og ytre Romsdal og gå mellom kommunane Averøy, Kristiansund og Frei. Arbeidet med å realisere dette prosjektet har gått over lang tid, fleire tiår. Lokale og regionale politikarar og næringslivet i regionen har arbeidd både iherdig og seriøst med tanke på å gi fast vegsamband mellom desse kommunane på Nordmøre.

Bompengesøknad vart send i juli 2002, og eg er svært glad for at Stortinget i dag, tre og eit halvt år seinare, kan gi klarsignal for oppstart av Atlanterhavstunnelen. Fastlandssambandet vil få stor positiv betydning for ytre Nordmøre, ikkje minst gjeld dette at regionen vil kunne utvikle seg til ein vekstkraftig bu- og arbeidsmarknadsregion og styrkje Kristiansund som regionsenter. Med ferja borte og tunnelen på plass vil distriktet knytast godt saman, og både det private og det offentlege tilbodet vert utvida, noko som vil slå positivt ut for både næringsliv og folk flest i regionen.

Når det gjeld finansieringsbehovet på om lag 815 mill. kr, vil bompengar utgjere om lag 600 mill. kr, og det er verdt å merke seg at dei tre kommunane Averøy, Kristiansund og Frei yter eit tilskott på 127 mill. kr. Det viser at dette er eit prosjekt som lokalsamfunnet nesten fullt ut betaler sjølv.

Som sagt er eg glad for at vi i dag seier ja til Atlanterhavstunnelen, men under valkampen var det, mildt sagt, mange underlege utspel i denne saka. I august proklamerte dåverande leiar i samferdslekomiteen at no stod berre Stortinget si behandling att. Det førte til store medieoppslag i lokalpressa. I september stilte dåverande regjeringsparti Venstre med leiar Sponheim og dåverande statsråd Skogsholm i spissen opp til det eg vil kalle champagnefest på Nordmøre, med nye lovnader: Proposisjonen var klar til behandling! Det vart ei pussig framsyning, for like etter stortingsvalet kom den tredje og endelege meldinga frå Samarbeidsregjeringa: Proposisjonen var ikkje klar til behandling i Stortinget.

Eg skal ikkje dvele ved fortida, for det viktigaste no er å sjå framover med tanke på realisering av dette prosjektet, som vil gi så store positive ringverknader for regionen. Dette er eit prosjekt som Senterpartiet har arbeidd aktivt for både lokalt, regionalt og nasjonalt. Eg vil gi honnør til samferdsleminister Navarsete for det arbeidet som er gjort for at saka kunne bli behandla på den siste møtedagen i haustsesjonen. Likeins vil eg gi ros til komiteen for hurtig behandling, slik at vi kan gjere eit positivt vedtak i dag.

Til slutt vil eg gratulere kommunane Frei, Kristiansund og Averøy spesielt, og regionen elles generelt, med det vedtaket vi gjer i dag. Det har vore godt jobba, og det har gitt resultat. Eg er overtydd om at fastlandssambandet vil gi positive ringverknader for både pendlarar, næringsliv og folk flest, og at alle dei som har investert så mykje i prosjektet, vil erfare at dette vil bli ei lønsam investering, ikkje minst ut frå eit samfunnsøkonomisk syn.

Borghild Tenden (V) [10:36:09]: Atlanterhavstunnelen er et samferdselsprosjekt som ble drevet fram og initiert av daværende Venstre-ordfører i Averøy kommune, Leif Helge Kongshaug. Prosjektet ble møysommelig jobbet fram av lokale krefter på Nordmøre. Prosjektet gikk først på skinner, men opplevde en bråstopp på grunn av noen andre uheldige prosjekter. Men takket være iherdig innsats, ikke minst fra lokale krefter på Nordmøre, kan vi i dag være med på å vedta dette unike samferdselsprosjektet.

Atlanterhavstunnelen er en fortsettelse og en realisering av målsettingen om å bygge fast forbindelse for Averøya i sørlig retning og videreføring nordover til Kristiansund. Prosjektet må ses i sammenheng med Atlanterhavsveien, som har vært en stor suksess for regionen.

Atlanterhavstunnelen vil gi fast veisamband mellom Averøy kommune og Kristiansund og Frei kommuner på Nordmøre ved bygging av en undersjøisk tunnel under Bremsnesfjorden samt tilknytningsveier på Averøya og i Kristiansund. Tunnelen vil bedre kommunikasjonen mellom Averøya og Kristiansund og dermed også styrke Kristiansund som regionsenter.

By og land er gjensidig avhengig av hverandre. Det skal vært godt å bo både i spredtbygde strøk og i byområder. Både byer og bygder har sine spesielle utfordringer, som krever gode politiske samferdselsløsninger. Atlanterhavstunnelen er etter Venstres mening en slik god løsning.

Store deler av verdiskapingen skjer i distriktene. Med Atlanterhavstunnelen bygger vi ut infrastruktur som gjør det mulig å hente ut verdiskapingspotensialet i distriktenes ressurser, og som gjør det mulig å utvikle nye arbeidsplasser.

En moderne distriktspolitikk vil etter Venstres mening være å legge til rette for at næringslivet kan utvikle seg, samtidig som det offentlige tilbyr tjenester som gjør det mulig å skape mangfold og attraktive lokalsamfunn. Dette vil Atlanterhavstunnelen bidra til. Tilgang på risikovillig kapital og arealdisponering er også viktige premisser for distriktsutviklingen.

Kommunene Averøy, Kristiansund og Frei har sagt seg villig til å gå inn med et tilskudd på til sammen 127 mill. kr. Banker og næringsliv i området har foreløpig sagt seg villig til å forskuttere til sammen 6,4 mill. kr. Dette er en gedigen lokal innsats, der de lokale betaler praktisk talt hele investeringen gjennom lokale tilskudd fra kommune, næringsliv og bompenger. Dette er enestående!

Det er med unntak av Fremskrittspartiet tverrpolitisk enighet om finansieringen av prosjektet. Dette vitner om et godt samarbeid mellom politikere og næringsliv lokalt som har ført fram. Trist er det derfor at Fremskrittspartiet ikke slutter seg til flertallsvedtaket i dag, men fortsetter sin kurs vekk fra det realpolitiske landskapet.

Til slutt: Regjeringen Bondevik II behandlet saken om Atlanterhavstunnelen grundig. Saken hadde blitt fremmet av regjeringen Bondevik i høst dersom den hadde fortsatt. Venstre er imidlertid tilfreds med at Stoltenberg-regjeringen følger opp våre samferdselspolitiske prioriteringer og fremmer et positivt forslag til utbygging og finansiering av rv. 64 Bremsnes–Kristiansund, Atlanterhavstunnelen, i Møre og Romsdal.

Statsråd Liv Signe Navarsete [10:40:08]: Eg er glad for at komiteen har slutta seg til Regjeringa sitt framlegg om delvis bompengefinansiert utbygging av rv. 64 Bremsnes–Kristiansund, den såkalla Atlanterhavstunnelen.

Utbygginga av Atlanterhavstunnelen vil gi fast vegsamband mellom Averøy kommune og Kristiansund og Frei kommunar ved bygging av ein undersjøisk tunnel under Bremsnesfjorden og tilknytingsvegar på Averøya og i Kristiansund.

Atlanterhavstunnelen vil betre kommunikasjonane mellom Averøya og Kristiansund, og er med på å styrkje næringsgrunnlag og busetnad for ein stor del av Nordmøre. Utbygginga av vegsambandet vil gjere det lettare for innbyggjarane på Averøya å nytte seg av ulike tilbod i Kristiansund, inkludert flytilbodet ved Kristiansund lufthamn. Det er eit stort framsteg for eit lokalsamfunn som til no har vore isolert frå omverda når ferja sluttar å gå om kvelden.

Bompengeperioden er totalt om lag 21 år, med 2 1/2 års forskotsinnkrevjing i ferjesambandet og 18 års etterskotsinnkrevjing. Perioden med etterskotsinnkrevjing er redusert som følgje av at bompengeselskapet har inngått ein opsjonsavtale. I utgangspunktet er hovudregelen for etterskotsinnkrevjing 15 år. For ferjeavløysingsprosjektet er alternativet i realiteten å betale bompengar i form av ferjebillett så lenge sambandet blir halde ved lag. Det har vore eit sterkt lokalt ønske om å erstatte den «evigvarande» betalinga på ferja med ei tidsavgrensa bompengebetaling. Regjeringa meiner difor at ein forlengd bompengeperiode kan aksepterast for Atlanterhavstunnelen. Eg er glad for at fleirtalet i transport- og kommunikasjonskomiteen er samd i Regjeringa si vurdering.

Kostnadene for Atlanterhavstunnelen er berekna til 635 mill. kr. Inkludert kapitalkostnader til forskottering er det samla finansieringsbehovet om lag 815 mill. kr. Finansieringa er basert på bompengar, lokale tilskot, alternativ bruk av ferjetilskot, forskottering gjennom lokal aksjekapital og ordinære statlege midlar. Dei innsparte ferjetilskota kjem ved at dagens ferjesamband mellom Bremsnes og Kristiansund blir lagt ned. Det foreslåtte finansieringsopplegget for Atlanterhavstunnelen inneber ei løysing med små ordinære statlege midlar. Det gjer det mogleg å få ei raskare realisering av prosjektet enn det som elles ville vore mogleg innanfor dagens ordinære statlege riksvegrammer. Eg vil rose lokale initiativtakarar og lokalbefolkninga for deira vilje til å stille opp og sikre at heile Nordmøre no får betre kommunikasjonar, som heilt klart vil bety mykje for utviklinga både av næringsliv og busetnad, slik eg nemnde i stad.

Komiteen har ikkje merknader til at innbetaling av aksjekapital blir sett på som ordinær forskottering i denne saka, men tek opp spørsmålet på generelt grunnlag. Samferdselsdepartementet vil gjere ein gjennomgang av praktiseringa av retningslinene for bompengefinansiering og komme tilbake til Stortinget med ei sak om dette, medrekna òg spørsmålet om forskottering og aksjekapital, i tråd med merknaden frå komiteen.

Presidenten: Det blir replikkordskifte.

Øyvind Halleraker (H) [10:43:54]: Som statsråden nettopp var inne på, legger departementet i denne saken opp til en fortolkning av aksjekapital til bompengeselskap, kaller det forskuttering og sammenlikner med eksempelvis kommunal forskuttering. Bare i Møre og Romsdal har vi andre bompengeselskap med relativt høy aksjekapital, eksempelvis Eiksundsambandet med 2,8 mill. kr, Ålesundstunnelene med 5,7 mill. kr og den nedbetalte Atlanterhavsvegen, som hadde en aksjekapital på nærmere 10 mill. kr. Dette har vært avgjørende for å få løst disse viktige prosjektene. Når statsråden nå kommer tilbake med en sak, vil hun sørge for at en i kommende prosjekter hvor private setter inn aksjekapital i selskap for å få løst en offentlig oppgave, får igjen pengene med 80 pst. av konsumprisindeksen, slik Stortinget tidligere har bestemt gjennom sin behandling av standardavtalen?

Statsråd Liv Signe Navarsete [10:45:06]: Halleraker nemnde noko i stad som han kalla Stortingets standardavtale. Denne er ukjend for meg. Det som finst, er Statens vegvesen si handbok 102, som er ei rettleiing og omtalar bompengeprosjekt. I punkt 3.3.5. går det fram at bompengeselskap skal vere ideelle føretak. Dei skal ikkje ha til føremål å gje økonomisk utbytte.

Bompengeselskap er aksjeselskap. For å opprette eit aksjeselskap må det skytast inn eit beløp på minimum 100 000 kr som aksjekapital. Han kan betalast tilbake til aksjonærane med ein sum lik innbetalt aksjekapital, justert med 8 pst. av endringane i SSB sin konsumprisindeks. Å auke aksjekapitalen utover det som trengst for å drifte bompengeselskapet, er såleis ikkje i tråd med dagens regelverk som Stortinget har fastsett. Derfor vil eg i tråd med merknadene frå komiteen leggje fram ei sak som gjev Stortinget høve til å drøfte dette i heile si breidd.

Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til replikk.

De talere som heretter får ordet, har en taletid på inntil 3 minutter.

Asmund Kristoffersen (A) [10:46:33]: Jeg vil benytte anledningen til å rette en stor takk til regjeringen Stoltenberg, statsministeren og samferdselsministeren selv, som fikk Atlanterhavstunnelen ut av dødvanne og så å si opp i dagen og fikk fremmet saken i tide, bl.a. for å sikre den gode finansieringen som bompengeselskapet hadde forslag om og hadde inngått avtaler om.

Så vil jeg også rette en stor takk til transport- og kommunikasjonskomiteen, som meget raskt og meget forsvarlig fikk behandlet denne saken innenfor en meget knapp tidsfrist. Dette vei- og tunnelprosjektet har meget stor betydning for så mange. Vi har i dag livskraftige distrikt i Norge som hele tiden er avhengig av å konkurrere med områder, både innenlands og utenlands, som har langt enklere og billigere transportløsninger.

Atlanterhavstunnelen har stor betydning for regionutviklingen, spesielt i den nordlige delen av Møre og Romsdal. Den har stor betydning for byutviklingen i Kristiansund og utviklingen på Averøya og i Frei. Den gjør at transport- og eksportmulighetene for fisk og andre varer blir bedre og lettere. Den har stor betydning for utviklingen av en sterk olje- og gassregion. Miljøene på Aukra med Ormen Lange og landanlegget og det sterke basemiljøet i Kristiansund knyttes sammen på en måte som gir sterkere uttelling både for regionen, for fylket og for landet for øvrig.

Atlanterhavstunnelen vil også bidra til en forsterket positiv turistutvikling. Som vi har hørt i dag, tar vi på Nordmøre oss i all hovedsak selv av finansieringen, dvs. lokalsamfunnet gjennom bompenger og historisk store tilskudd fra kommunene Kristiansund, Frei og Averøy – med de nevnte 127 mill. kr.

Så vil jeg gi all honnør til initiativtakerne og pådriverne for prosjektet, både på Averøya og i Kristiansund. Uten en iherdig og ustoppelig innsats hadde ikke Stortinget i dag kunnet fatte en beslutning om å igangsette byggingen av Atlanterhavstunnelen.

Petter Løvik (H) [10:49:54]: Det er all grunn til å gratulere Nordmøre med det som i dag blir krona med eit samrøystes stortingsvedtak om Atlanterhavstunnelen. Det er den lokale innsatsen som har vore heilt avgjerande her, så dei kan takke seg sjølve for at dei i dag har kome så langt. Men det har også vore god jobbing frå kommunikasjonskomiteen og frå fleire statsrådar.

Når eg tek ordet, er er det ikkje for å gjenta alt det gode som mange med rette har sagt, men det var eit replikksvar som statsråden nettopp kom med, som fekk meg til å begynne å lure litt. Det gjeld den praksisen ein har hatt svært mange stader for å skape ei kreativ finansiering, for å skape ei billegare finansiering og for å aktivisere lokalsamfunn og lokale aksjeselskap i vegbygging. Då har vi hatt det ein kan kalle ein standardavtale, eller ei handbok, det speler ikkje så stor rolle, men vi har hatt eit regelverk som har gjort at det har vore mogleg for lokale bompengeselskap å bidra på ein svært konstruktiv måte i denne bygginga. No oppfatta eg at statsråden antyda at ein ikkje ville opne for dette i framtida. Statsråden ville leggje fram ei sak, og eg oppfatta det slik at det var med sikte på å stramme inn dette. Då synest eg det er rimeleg å stille spørsmålet: Meiner statsråden at det vil vere rett å prøve å hindre store lokale initiativ f.eks. i saker som dei vi har sett no, der evigvarande bompengar blir erstatta av bompengar nokre få år, og der ein prøver å få ei så rimeleg finansiering som mogleg? Sidan statsråden sådde litt tvil, ville eg gjerne at ho utdjupar dette litt, slik at vi ikkje får ein stopp i dei lokale interessentane sitt gode arbeid.

Bjørn Jacobsen (SV) [10:52:05]: Det er absolutt grunn til å slutte seg til dei gratulasjonane som fer til Nordmøre i dag.

Men det er eit aber som ikkje blir nemnt, og som òg ligg som ein føresetnad innafor denne saka. Det er det garantiansvaret som blir lagt på fylkestinget i Møre og Romsdal. Det er eit fylkesting som i vår måtte skjere på ein ting når det gjeld samferdsel, nemleg gang- og sykkelvegar. Vi veit at Møre og Romsdal ligg på ca. 15 milliardar kr i investeringsbehov når det gjeld tunnelar. Så det er ingen tvil om at om ein bruker kreativiteten og fantasien på å byggje tunnelar, går det ut over det som vi kallar annan type samferdsel. Og skulle dette garantiansvaret ein gong i framtida bli utløyst, vil det ytterlegare svekkje Møre og Romsdal fylke si evne til å drive med samferdsel på eit breitt vis.

Kreativiteten har vore nemnt. Vi må vere klar over at det førre store prosjektet nær ein by i Møre og Romsdal, Ålesund-tunnelane, førte til ein slik kreativitet at det er forbode å ta båt frå Valderøy til Ålesund. Kvifor? Jo, fordi alle sjølvsagt skal ned i tunnelen. Kva slags tunnel er det vi snakkar om? Jo, vi snakkar om ein tunnel som i dag har ei gjeld på 1,5 milliardar kr, som aukar for kvar dag som går. Det er aldri mogleg å betale ned dei tunnelane. Eg skal ikkje nemne dei som gjekk konkurs av bankar og finansieringsinstitusjonar, som gjer at det er eit enormt gjeldssluk der. Men vi skal òg ha med oss på ein slik glad dag for Nordmøre at det ikkje er berre berre. Det kan vere at det blir utløyst garantiansvar, og det kan vere slik at dette går ut over andre viktige samferdselsoppgåver i Møre og Romsdal.

Statsråd Liv Signe Navarsete [10:54:20]: Når det gjeld bompengeselskap, sa eg i stad at aksjekapitalen skal gå til å drifte bompengeselskapet etter Statens vegvesen si handbok, som byggjer på vedtak som er gjorde i denne salen. Den store saka om bompengar gjekk tidleg på 1990-talet. Det har vore gjort mange justeringar i Stortinget etter den tida. Derfor er dei samla i Statens vegvesen si handbok. Eg vil gjenta at det i punkt 3.3.5., som eg sa i stad, går fram kva aksjekapitalen skal brukast til.

Ein har utvist kreativitet, og eg har fått opplyst at det er i Møre og Romsdal denne kreativiteten har blomstra. Eg set stor pris på kreativitet og ønskjer ikkje å hemma han, men det er klart at Stortinget må vere oppteke av at det regelverket som Stortinget sjølv har vedteke, vert følgt opp. I den grad det ikkje blir gjort, eller dersom ein omgår det, vil det føre til ulikebehandling for ulike typar prosjekt. Der ein har stifta eit bompengeselskap og forskotterer midlar inn gjennom å auke aksjekapitalen, får ein altså éin type tilbakebetaling. Der det er andre typar prosjekt som kommunar eller andre forskotterer – men ikkje gjennom eit bompengeprosjekt – vil ein altså ikkje få tilbakebetalt den kapitalen på same vis. Og dersom ein ved å auke aksjekapitalen slik eigentleg forskotterer midlar gjennom det, må iallfall det ryddast opp i, og Stortinget må seie at det er det ein vil gjere. Då er det ei grei sak.

Derfor blir dette eitt av fleire element i ei sak som eg ønskjer å leggje fram for Stortinget, der Stortinget får drøfta innretninga av bompengeprosjekt for å klargjere ein del ting. Eg trur ikkje minst våre regionvegkontor og andre som handterer dette i første instans, vil vere glade for at me får ei opprydding i dette, at me får ei sak der me samlar trådane igjen og blir einige i denne salen om kva kriterium som skal gjelde, og som sjølvsagt skal gje likebehandling for alle typar prosjekt i heile landet.

Øyvind Halleraker (H) [10:56:58]: Jeg tolker statsråden positivt. Jeg velger å gjøre det, for jeg tror å vite at hun er opptatt av at lokale skal få anledning til både å påvirke og være med og fremme prosjekt.

Når det gjelder dette spesielle temaet, som kanskje må anses å være et tema for spesielt interesserte – det er kanskje ikke så mange som husker historien i det heller – har jeg lyst til å anføre at meg bekjent iallfall har aldri Stortinget behandlet Statens vegvesens håndbok. Men Stortinget har behandlet premissene for standardavtalen, og jeg trodde at håndboken var skrevet på grunnlag av det. Men dette får vi rikelig anledning til å komme tilbake til. Jeg ser ingen grunn til å forlenge debatten i dag på dette punktet.

Jeg tror at hvis vi tenker oss litt om og er litt fornuftige i forhold til hvordan vi skal få opprettholdt det gode lokale initiativ og deltakelse fra private rundt omkring i det ganske land, må vi finne fram til en ordning som sikrer dette.

Statsråd Liv Signe Navarsete [10:58:17]: Berre for å vere heilt tydeleg på dette: Sjølvsagt har ikkje Stortinget behandla Statens vegvesen si handbok. Men ho er laga på grunnlag av ulike vedtak i Stortinget, først i den såkalla store saka som var tidleg på 1990-talet. Seinare har det kome mange innstillingar frå Stortinget, i budsjett og i enkeltsaker, som sjølvsagt har vore med på å endre premissane, og som har gjort det nødvendig for Statens vegvesen å samle dette i ei handbok for å få oversikt. Det er det som er saka, og det er den handboka eg refererer til, som då er bygd på Stortinget sine vedtak. Og det er der det no har oppstått uklarleik om dette punktet, og det er dei uklarleikane eg ønskjer å rydde opp i og gje Stortinget eit høve til å diskutere seinare, i 2006.

Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 4.

(Votering, se side 1056)

Votering i sak nr. 4

Presidenten: Under debatten har Bård Hoksrud satt fram et forslag på vegne av Fremskrittspartiet. Forslaget lyder:

«1. Utbygging av vegsambandet rv 64 Bremsnes- Kristiansund (Atlanterhavstunnelen) gjennomføres som beskrevet i St.prp. nr. 28 (2005-2006).

2. Utbyggingen finansieres ved bevilgninger over statsbudsjettet, uten bompenger.»

Det vil bli votert alternativt mellom dette forslaget og innstillingen fra komiteen.

Komiteen hadde innstilt:

I

Stortinget samtykkjer i at bompengeselskapet Atlanterhavstunnelen AS får løyve til å ta opp lån til å forskottere bygginga av vegsambandet rv 64 Bremsnes- Kristiansund (Atlanterhavstunnelen) og til å krevje inn bompengar til delvis bompengefinansiering av utbygginga etter vilkåra i St.prp. nr. 28 (2005-2006) og Innst. S. nr. 61 (2005-2006).

II

Samferdselsdepartementet får fullmakt til å inngå avtale med bompengeselskapet og fastsetje nærare reglar for finansieringsordninga. Avtalen må vere underskriven før innkrevjinga startar.

Voteringstavlene viste at det ved alternativ votering mellom komiteens innstilling og forslaget fra Fremskrittspartiet var avgitt 81 stemmer for innstillingen og 25 stemmer for forslaget.(Voteringsutskrift kl. 12.49.29)

Øyvind Halleraker (H) (fra salen): Jeg stemte feil før presidenten rakk å si hva vi skulle gjøre.

Rune J. Skjælaaen (Sp) (fra salen):Det samme gjelder meg.

Presidenten: Det er greit å være bestemt på hva man skal gjøre. – Da tar vi voteringen om igjen.

Votering:Ved alternativ votering mellom komiteens innstilling og forslaget fra Fremskrittspartiet ble innstillingen bifalt med 84 mot 23 stemmer.(Voteringsutskrift kl. 12.50.09)