Stortinget - Møte torsdag den 1. juni 2006 kl. 10

Dato: 01.06.2006

Dokumenter: (Innst. S. nr. 160 (2005-2006), jf. St.prp. nr. 45 (2005-2006))

Sak nr. 5

Innstilling fra næringskomiteen om samtykke til tiltredelse av Den internasjonale konvensjon om normer for opplæring, sertifikater og vakthold for personell på fiskefartøyer av 7. juni 1995

Talere

Votering i sak nr. 5

Gunn Berit Gjerde (V) [15:09:33]: (ordførar for saka): Det er ein samrøystes komite som ønskjer at Stortinget skal samtykkje i at Noreg sluttar seg til den internasjonale konvensjonen om normer for opplæring, sertifikat og vakthald for mannskap på fiskefartøy.

Sjølv om norske fiskefartøy allereie praktiserer dei sikkerheitskrava som konvensjonen legg opp til, meiner komiteen at det er viktig at Noreg sluttar seg til konvensjonen, ikkje minst for å auke sjansane for at endå fleire statar kjem etter. Ei størst mogleg oppslutning om konvensjonen vil føre til større tryggleik for fiskefartøy totalt sett, men også vere med på å jamne ut konkurransevilkår landa imellom.

Konvensjonen trer i kraft tolv månader etter at minst 15 statar har slutta seg til, og når Noreg no forhåpentlegvis sluttar seg til, er det seks statar som er tilslutta, dei andre er Danmark, Island, Russland, Ukraina og Syria.

Det er også stor semje mellom dei høyringsinstansane som har uttalt seg i denne saka. Ingen av dei har gått imot at Noreg sluttar seg til konvensjonen. Nærings- og handelsdepartementet har rådd til at Noreg sluttar seg til konvensjonen, og det har også Utanriksdepartementet gjort.

Fiske er eit farleg yrke, med ein høg ulykkesstatistikk. Ulykkesratane for fiskarar er i mange statar fleire gonger høgre enn for andre yrkesgrupper. Også her i landet er det naudsynt å halde fokus på å få ned ulykkene innan fiskerinæringa.

Konvensjonen set minimumskrav for personell på havgåande fartøy og set opp reglar for kvalifikasjonar for mannskapet og om vakthald på dekk, i maskina og i radioavdelinga på fartøy med ei lengd på 24 meter og over. Vidare gir konvensjonen påbod om grunnleggjande sikkerheitsopplæring for alt fiskefartøymannskap. Mannskap på havgåande fartøy skal vere sertifisert. Det skal førast tilsyn med utdaning og opplæring, og det skal finnast oppdaterte register over alle sertifikat som er utskrivne.

Noreg har i dag offentleg godkjent sikkerheitsopplæring på 40 timar, og komiteen har i sine merknader peika på at dette må halde fram. Desse kursa vert i dag støtta av staten med ca. 8,5 mill. kr, og det sparar den enkelte fiskar for 10 000–15 000 kr, pluss reise og opphald. Men det fører også truleg til at det vert gjennomført gode sikkerheitskurs, og med stor oppslutning. Stortinget har løyvt 11 mill. kr over Kunnskapsdepartementet til slik opplæring for dette året, noko som signaliserer at Stortinget har sett og vil sjå på desse sikkerheitskursa som tenlege for å auke tryggleiken på sjøen.

Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 5.

(Votering, se side 2525)

Votering i sak nr. 5

Komiteen hadde innstilt:

Stortinget samtykker i tiltredelse av Den internasjonale konvensjon om normer for opplæring, sertifikater og vakthold for personell på fiskefartøyer av 7. juni 1995.

Votering:Komiteens innstilling ble enstemmig bifalt.