Arne Sortevik (FrP) [12:17:45]: Spørsmålet er som følger:
«Inngått avtale med EU om
satellittutstyr i nye biler fra 2009 gir sammen med EFC-direktivet
mulighet for total overvåkning av alle kjøretøybevegelser.
Dette er et sterkt personverninngripende tiltak. Ivaretakelsen av
personvernet er overlatt til den enkelte medlemsstat. Datatilsynet har
omfattende merknader til konsekvenser for personvernet av avtale
og direktiv.
Hvordan vil statsråden sikre
at Stortinget får god informasjon om og bred drøfting
av personvernspørsmål vedrørende bruk
av ny teknologi i veitrafikken?»
Statsråd Liv Signe
Navarsete [12:18:36]: EU-kommisjonen har inngått avtale
med bilindustrien om at alle bilar frå 1. september
2009 skal ha utstyr som automatisk varslar ein alarmsentral om eit
køyretøy har vore
innblanda i ei ulukke. For å medverke i utviklinga av dette
systemet og for å vurdere eventuelle verknader eit slikt
system har i Noreg, har Samferdselsdepartementet underteikna eit
såkalla «Memorandum of Understanding»,
MoU. Underteikninga inneber ikkje økonomiske eller
andre forpliktingar, og i samband med ei framtidig avgjerd
om å innføre eit slikt system i Noreg
vil sjølvsagt òg omsyn til personvern verte grundig
vurdert, i tillegg til omsyn til trafikktryggleik
og økonomi.
EFC-direktivet fastset dei nødvendige
rammevilkåra for å sikre utbreiing av
og innbyrdes kompatibilitet mellom elektroniske betalingssystem
på veg over heile EØS-, EFTA- og EU-området.
Kort sagt skal tenesta sikre at systema skal kunne «snakke
saman». Sentralt i tenesta er eit mål
om at trafikantar skal kunne nytte same elektroniske betalingsbrikke
i alle betalingsstasjonar. Direktivet omfattar både
system baserte på mikrobølgjeteknologi og system
baserte på satellitt- og mobilteknologi. Med enkelte unnatak
skal tenesta gjelde for heile vegnettet.
Direktivet er eit rammedirektiv. Det konkrete
innhaldet i direktivet skal utviklast gjennom eit særskilt
regelverksarbeid under leiing av EU-kommisjonen. Noreg
deltek aktivt i dette arbeidet. Regelverket
vil verte vedteke som eigne rettsakter gjennom kommisjonsvedtak.
Desse rettsaktene vil på vanleg måte
måtte verte vurderte med sikte på eventuell
innleming i EØS-avtalen.
Direktivet vart etter vedtak i møte
i EØS-komiteen 7. juli 2006 innlema i EØS-avtalen,
med atterhald om Stortinget sitt samtykke. Ein samtykkeproposisjon
vil verte lagd fram for Stortinget i haustsesjonen.
Eg vil understreke at eg legg til grunn at
Stortinget i samtykkeproposisjonen vert gjeve ein tilfredsstillande omtale
av relevante personvernspørsmål. Med utgangspunkt
i at direktivet omhandlar rammer for framtidige system for betalingsinnkrevjing
på veg, er dette både naturleg og viktig.
Omfanget og innretninga av denne omtalen vert no vurdert av Samferdselsdepartementet
i samråd med Justisdepartementet og Fornyings- og administrasjonsdepartementet.
Fornyingsministeren vil i sitt svar på spørsmål
17, frå stortingsrepresentant
André Oktay Dahl, kome nærare inn på korleis
Regjeringa meir generelt vil handtere personvernutfordringar framover.
Arne Sortevik (FrP) [12:21:28]: Jeg takker for svaret.
Statsråden bekrefter nå at
det som er knyttet til personvern og inngrep mot personvern når
ny teknologi tas i bruk innenfor veitrafikken,
vil bli behandlet stykkevis og delt. Jeg forstår det slik
at det er Regjeringens politikk, at man altså er lite
opptatt av at man stykkevis og delt utvanner personvernet.
Har Regjeringen ingen mening om personvern – i
en tid da muligheten til overvåkning og kontroll er sterkt økende
og bruk av ny teknologi i flere atskilte deler samlet sett innebærer
et angrep på og en reduksjon
av nettopp personvernet?
Statsråd Liv Signe Navarsete [12:22:27]: Regjeringa er oppteken
av personvern og personvernspørsmål. Blant anna
er det derfor at eg etter eit tidlegare spørsmål, der
eg sa at eg ville ta opp Vegdirektoratet sin dialog med Datatilsynet
for å sikre ein god dialog og ei rett
og god sakshandsaming, i etterkant har fått eit system
på det som fungerer godt. Og det er særdeles viktig.
I forholdet til Stortinget har ikkje
Regjeringa konkludert med omsyn til om ein eventuelt på eit
seinare tidspunkt skal leggje fram ei melding.
Det ligg ikkje til samferdselsministeren. Samferdselsministeren
har sjølvsagt ansvaret for dei spørsmåla
som ligg til samferdsla spesielt, men det er justisministeren og
fornyings- og administrasjonsministeren som sit med andre
viktige spørsmål kopla til den totale problematikken
kring personvern. Så det må eg få be
om at ein kjem tilbake til på eit seinare tidspunkt,
og då frå dei statsrådane som er rette
vedkomande.
Arne Sortevik (FrP) [12:23:35]: Innenfor veisektoren trodde
jeg at statsråden, samferdselsministeren, var rette vedkommende
når det gjelder å vurdere de teknologiske endringer
som etappevis gjennomføres innenfor veitrafikken,
og som stykkevis og delt angriper personvernet. Jeg er kjent med
svaret som er gitt på et skriflig spørsmål
fra en annen representant tidligere. Jeg er også kjent med
brevet som ble sendt til Samferdselsdepartementet fra Datatilsynet
så sent som 10. oktober, og som er ganske omfattende.
Det går jeg ut fra at statsråden også er
kjent med. Jeg skal kort sitere fra brevet:
«Med
mindre det også vedtas begrensninger
i overvåkingsmulighetene, vil implementeringen innebære et
av de mest personverninngripende tiltak som er plassert på den
politiske dagsorden de 26 år Datatilsynet har eksistert.»
Bare det burde jo være grunn
nok til at samferdselsstatsråden, som ansvarlig
for det departementet som anbefaler innføring av nye teknologitiltak
innenfor veitrafikken, også kommer
til Stortinget med en melding om personvernet knyttet til teknologibruk
og personvern innenfor samferdselssektoren.
Statsråd Liv Signe
Navarsete [12:24:53]: For det fyrste kjem samtykkeproposisjonen
til å ta opp desse problemstillingane på ein grundig
måte. For det andre omfattar personvernspørsmål
eit langt breiare felt enn berre samferdsle. Det er derfor
eg vil ha ein diskusjon innad i Regjeringa om korleis ein på brei
basis skal diskutere personvernspørsmål, og korleis
ein skal ha den diskusjonen i Stortinget, i kva form dette skal kome
til Stortinget. Samferdsle er ein viktig bit av dette, men det er òg
andre viktige bitar, slik òg Datatilsynet påpeikar
i andre samanhengar, som i så fall bør
lyftast fram for å få ein brei og god diskusjon
om dette temaet.