Presidenten: Dette spørsmålet, fra representanten
Ib Thomsen til kunnskapsministeren, er overført til samferdselsministeren
som rette vedkommende.
Ib Thomsen (FrP) [12:24:47]: «Det fremkommer av Romerikes Blad
13. november i år at elever og foreldre
på Romerike frykter en skolebussulykke, men fylkeskommunen
tillater stappfulle skolebusser. Både busselskapene og
Trygg Trafikk er meget skeptiske til stappfulle skolebusser. Det
oppleves som kaotisk – «en elev ble klemt i døren,
og bussjåføren roper: trøkk sammen, trøkk sammen».
Foreldrene er redde for hva som kan skje ved f.eks. en utforkjøring.
Hva vil statsråden gjøre
for å unngå alvorlige ulykker med skolebusser
i fremtiden?»
Statsråd Liv Signe
Navarsete [12:25:30]: Representanten Thomsen tek i spørsmålet
sitt opp eit tema som er debattert fleire gonger i Stortinget
nyleg. I spørjetimen 26. april stilte representanten Helleland
eit tilsvarande spørsmål, og så seint
som 24. oktober handsama Stortinget eit Dokument nr. 8-forslag der
tryggleik ved skulebarntransport i buss var eit tema.
Både kunnskapsministeren
og eg har i desse samanhengane forklart at transport av skuleelevar
med buss i dag vert regulert av tre ulike regelsett. Etter
opplæringslova har skuleelevar etter visse kriterium
rett til skyss til skulen. Vegtrafikklova og yrkestransportlova seier
at transporten skal utøvast med eit transportmiddel som
tilfredsstiller gjeldande krav til tryggleik, utførd av
ein transportør som tilfredsstiller dei krava som gjeld
for å drive persontransport mot vederlag.
Det er fylkeskommunen som har ansvaret for
skuletransporten, og den vert i dag dekt av dei frie inntektene til
fylkeskommunane inkludert overføringar frå staten gjennom
inntektssystemet. Dette betyr i praksis at den einskilde fylkeskommunen
har stor fridom til å utforme tilbodet. Denne fridomen
til å tilpasse tilbodet til lokale forhold nyttar også fylkeskommunane
aktivt, slik at i dag vert transporten nokre stader gjennomførd
som eigne skuleruter, men også ofte
som ein integrert del av det ordinære kollektivtilbodet.
Gjennom handsaminga av det nemnde Dokument
nr. 8-forslaget stadfesta Stortinget at transport av skuleelevar
er og skal vere eit fylkeskommunalt ansvar. Dette tolkar
eg heilt klart som at staten ikkje skal detaljregulere
unødig, men at lokale folkevalde sjølve kan ha
fridom til å fastsetje korleis tenestene vert utforma.
Ulukkesstatistikken og ei spesialundersøking
utførd av SINTEF i 1998 viser at grunnskulebarn i svært
liten grad vert skadde i situasjonar der dei er busspassasjerar,
og at dei skadane som oppstår, er lite alvorlege.
Dei alvorlege skadane for denne trafikantgruppa skjer heller i situasjonar
der barna anten er på veg inn i eller ut av bussen, eller i
tilfelle der dei går eller syklar til
og frå skulen. Eg har difor den klare oppfatninga at for å nærme
seg nullvisjonen, som nett handlar om å unngå død eller
livsvarig skade, må vi fortsetje å prioritere
utbetringar av trafikkfarlege skulevegar og tilrettelegging for
sikker av- og påstiging i buss i nærområda
til skulane. Dette vil gi skulebarn meir tryggleik for
pengane enn om ein bruker pengane til ytterlegare å sikre
dei som allereie har ein høvesvis sikker skuletransport
i buss.
Ein slik situasjon som omtala i spørsmålet
frå representanten Thomsen, der elevane må trykkje
seg saman for at alle skal få plass, er ikkje
nødvendigvis i tråd med gjeldande regelverk. Alle
bussar som vert nytta i Noreg, har grenser for kor mange passasjerar
dei kan ha med – det gjeld både sitjeplassar
og ståande passasjerar. Dette er reglar som sjølvsagt også gjeld
når det er skulebarn som vert transporterte, og regelbrot
her er det politiet som er ansvarleg for å handheve.
Regjeringa har merka seg at kyrkje-, utdanings-
og forskingskomiteen gjennom handsaminga av Dokument nr.
8:84 for 2005-2006 i ein samrøystes merknad ber
om ei vurdering av behovet for endringar og presiseringar i vegtrafikklovgivinga,
eventuelt ny forskrift til opplæringslova – dette
for å sikre elevar ein forsvarleg skuleskyss.
Eg vil vurdere saka i samarbeid med
dei andre involverte ministrane og på ein eigna måte
rapportere attende til Stortinget på dette.
Som eit fyrste skritt i så måte kjem
eg no til å starte opp eit arbeid med å oppdatere
undersøkinga som vart gjennomførd av SINTEF i
1998, for å få ytterlegare innsikt i om bruk av
ståplassar i skulebarntransport medfører auka
risiko for tryggleiken, og for å få eit betre bilete
av kostnader ved eventuelt å forby bruk av ståplassar
ved skulebarntransport i grunnskulen.
Ib Thomsen (FrP) [12:29:24]: Jeg vil takke for svaret, og jeg kunne lese mellom
linjene at det var et positivt svar. Det er riktig som statsråden
sier, at Fremskrittspartiet og Venstre
tidligere har tatt opp denne saken i Stortinget og ikke
fått det store gjennomslaget. Men det er en problemstilling
vi får presentert ukentlig fra foreldre
som er bekymret for sine barn, og da må jo statsråden være enig
i at vi alle må ta et ansvar – fylkeskommunen,
Stortinget og ikke minst statsråden – for å kunne
unngå ulykker i framtiden.
Det er foreslått noen steder
at det skal brukes bilbelter i buss. Kan statsråden si
noe om det også i forhold til sikkerheten i buss?
Statsråd Liv Signe Navarsete [12:30:16]: Det er alt slik at i ein del bussar er det
påbod om bilbelte i dag. Eg har sjølv vore
busspassasjer og har vorte mint på å feste sikringsselen.
Samtidig er det ikkje forbod mot å ha ståplassar
i bussar i dag, og det vil få svære konsekvensar dersom
Stortinget ynskjer at ein skal gå i den retninga at ein
skal forby ståplassar i buss.
Men tryggleiken er viktig, og alt heng saman
med alt. Kanskje noko av det viktigaste me kan gjere,
er å gje fylkeskommunane så gode økonomiske
rammer at dei kan prioritere dette opp. Me veit at tronge økonomiske
rammer pressar fylkeskommunane i deira avtalar med transportselskapa.
Difor vil eg minne representanten om at alt heng saman med alt,
og kutt i frie midlar til kommunesektoren heng dårleg saman
med ynsket om at ein skal satse betre på trafikktryggleik
for skuleelevar.
Ib Thomsen (FrP) [12:31:15]: Det å gamble og sette barna våre
opp mot budsjettpenger synes jeg er dramatisk. Jeg skjønner
foreldrene når de er bekymret. Jeg skjønner skolebarna
når de er redde for bussturen sin.
For noen uker siden skjedde det en
skolebussulykke i Kristiansand. Det var kun 35 elever i skolebussen,
og fem ble skadet. Hadde bussen vært full, hadde det vært fullt
på ståplassene av folk som stod, hadde vi nok
fått et helt annet antall skadede. Kan vi måle
dette opp mot penger?
Statsråd Liv Signe Navarsete [12:32:00]: Eit liv, anten det er eit barn eller
ein vaksen, kan aldri målast opp mot pengar.
Samtidig veit ikkje minst dei som sit i denne salen, at
dei rammene som ein gjev her i Stortinget til ulike område,
vil vise seg att i kva gode tilbod ein kan gje innbyggjarane.
Difor har denne regjeringa satsa på kommuneøkonomien
nettopp for at me skal både få betre
skular og få sikra skulevegane betre. Eg høyrde
seinast ordføraren i Sogndal som sa at med budsjettet til
denne regjeringa satsa kommunen 2,5 mill. kr meir på vegar.
Dersom alle kommunane gjer det, har me 1 milliard kr meir
til å sikre både skulevegar
og anna. At fylkeskommunane fekk trongare rammer frå den
førre regjeringa, og at Framstegspartiet
vil kutte i rammene for dei frie midlane til fylkeskommunane og
kommunane, vil klart få betydning for bl.a. høvet
kommunane og fylkeskommunane har til å sikre
elevane ein trygg skuleveg.