Stortinget - Møte tirsdag den 20. mars 2007 kl. 10

Dato: 20.03.2007

Dokumenter: (Innst. S. nr. 139 (2006-2007), jf. St.prp. nr. 34 (2006-2007))

Sak nr. 7

Innstilling fra justiskomiteen om samtykke til godkjenning av EØS-komiteens beslutning nr. 127/2006 av 22. september 2006 om innlemmelse i EØS-avtalen av direktiv 2005/56/EF om grensekryssende fusjoner av selskaper med begrenset ansvar

Talere

Votering i sak nr. 7

Ingrid Heggø (A) [18:14:35]: Eg vil berre presisera dei tilsettes representasjon og rettar i dei fusjonerte selskapa, sidan det ikkje står noko om dette i dei komitemerknadene som nok må seiast å vera korte og konsise i denne saka.

Direktivet medfører at dei tilsette vil ha rett til representasjon i styrande organ, men omfanget av representasjonsretten vil avhenga av utfallet av forhandlingar.

Dei tilsettes medråderett er regulert i artikkel 16. Arbeids- og inkluderingsdepartementet har ansvaret. Dei tek sikte på å senda framlegg til forskrift på høyring i løpet av våren.

Det følgjer av artikkel 16 i direktivet at dersom dei nasjonale reglane som skal gjelda for det fusjonerte selskapet, ikkje gir dei tilsette minst like gode representasjonsrettar som dei allereie hadde i selskapet som fusjonerer, skal det forhandlast om dei tilsettes medråderett. Dersom partane vert einige om ein avtale, er det avtalen som vil vera bestemmande for dei tilsettes representasjon i det fusjonerte selskapets styrande organ.

Vert partane derimot ikkje einige, skal dei tilsettes representasjon regulerast av standardføresegnene i direktiv 2001/86/EF. I standardføresegnene heiter det at dei tilsette har rett til å velja eit tal på medlemmer av leiings- eller kontrollorganet i det fusjonerte selskapet tilsvarande den høgste delen som var i dei selskapa det gjeld før fusjonen fann stad. Standardføresegnene byggjer altså på det såkalla før–etter-prinsippet; om vidareføring av arbeidstakaranes rettar i det fusjonerte selskapet.

Eg vil understreka heilt til slutt at med unntak av reglane om tilsetterepresentasjon, regulerer direktivet berre dei selskapsrettslege sidene av ein grensekryssande fusjon. For andre rettsområde, som t.d. skatterett og rekneskapsrett, er det derfor den nasjonale retten i den enkelte staten som vil gjelda.

Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 7.(Votering, se side 2308)

Votering i sak nr. 7

Komiteen hadde innstilt:

Stortinget samtykker i godkjenning av EØS-komiteens beslutning nr. 127/2006 av 22. september 2006 om innlemmelse i EØS-avtalen av direktiv 2005/56/EF om grensekryssende fusjoner av selskaper med begrenset ansvar.

Votering:Komiteens innstilling ble enstemmig bifalt.