Arne Sortevik (FrP) [11:53:06]: «Statsråden
varsler at forskrifter til Stortingets lovvedtak om veiprising skal ut på
bred høring. Samtidig forsikrer statsråden at det hele tiden
har vært en klar forutsetning at en må ha lokal forankring før
veiprising blir satt i verk. Bompengefinansiering har utviklet seg fra supplerende
finansiering til hovedfinansiering ved statlig vegbygging. Det er grunn
til å frykte at veiprising blir et nytt statlig verktøy for
å tvinge frem brukerbetaling.
Vil statsråden sikre bruk
av folkeavstemning før bruk av veiprising?»
Statsråd Liv Signe Navarsete [11:53:48]: Før påske vart stortingsproposisjonen om Oslopakke 3 del
1 handsama i Stortinget. I etterkant har temaet vegprising og lokal forankring
vore diskutert.
Forslaget om vegprising vart opphavleg lagt fram
av regjeringa Stoltenberg I og er handsama av Stortinget tidlegare. Regelen
har likevel ikkje trede i kraft, og det er heller ikkje utarbeidd utfyllande
forskrifter. Det vil verte sendt ut eit forslag til forskrifter på
brei høyring i løpet av 2008. Det har heile tida vore ein
klar føresetnad at ein må ha lokal forankring i form av lokalt
initiativ og lokale vedtak før vegprising vert sett i verk. Dette
kjem også klart til uttrykk i sjølve lovteksten. Korleis den
lokale forankringa skal sikrast, må vere opp til kvar enkelt kommune
eller fylkeskommune. Eg meiner dette er rette vegen å gå når
ein skal utvikle tiltak for byområda.
Arne Sortevik (FrP) [11:54:46]: Takk for svaret.
Kjernepunktet i spørsmålet er hva lokal forankring egentlig
er og inneholder. Samferdselsministeren er også nestleder i Senterpartiet,
og jeg har oppfattet at det partiet er opptatt av både avbyråkratisering
og forenkling og av å gi enkeltmennesket armslag.
Hva mener
samferdselsministeren om å gi folk i berørte kommuner armslag
og avgjøringsmyndighet ved et såpass viktig og omfattende tiltak
som veiprising eventuelt er? Mener samferdselsministeren at det er en viktig
avgjørelse som innbyggerne selv bør ta? Eller mener samferdselsministeren
at dette er for viktig til at innbyggerne i en kommune eller en by kan få
lov å avgjøre dette selv?
Statsråd Liv Signe Navarsete [11:55:36]: Både Regjeringa, samferdsleministeren og ikkje minst Senterpartiet
er opptekne av lokaldemokratiet og ynskjer å styrkje det og støtte
opp om gode lokalpolitiske prosessar. Der har me i dag eit velfungerande
system gjennom at folk lokalt vel sine tillitsmenn og -kvinner ein gong
kvart fjerde år. Dersom ein ikkje er fornøgd med dei vedtaka
som desse tillitsvalde gjer, kan ein kaste dei ved neste høve. Det
er ei god form for demokrati. På vegner av innbyggjarane har desse
lokale folkevalde òg mandat til å gjere vedtak f.eks. om å
innføre vegprising - og mange andre tunge vedtak som går på
utforming av lokalsamfunnet på mange ulike område, bl.a. eigedomsskatt.
Det er ein del av lokaldemokratiet, og det er med og vitaliserer lokaldemokratiet
at slike prosessar går lokalt.
Arne Sortevik (FrP) [11:56:38]: Igjen takk for
svaret.
Etter spørrerens syn er det også en god vitalisering
av lokaldemokratiet at innbyggerne faktisk får lov å avgjøre
ting selv, også oftere enn en gang hvert annet eller hvert fjerde
år.
Nå er jo utgangspunktet at dette gjelder forskrifter
til et lovvedtak som Fremskrittspartiet riktignok er imot, men altså
forskrifter til et lovvedtak som skal utformes, så departementet og
statsråden har full mulighet å inkludere enten regler om å
bruke lokal folkeavstemning eller i det minste en anbefaling om å
forhøre seg hos innbyggerne gjennom lokal folkeavstemning. Hvorfor
vil ikke samferdselsministeren gi innbyggerne i de kommuner og byer som
blir berørt av et eventuelt veiprisingstiltak, anledning til å
uttale seg om et slikt vidtgripende tiltak før det eventuelt blir
innført?
Statsråd
Liv Signe Navarsete [11:57:43]: Noreg er heldigvis eit
samfunn av frie menn og kvinner. Der denne typen saker kjem opp, føregår
det ein utstrakt lokalpolitisk debatt med innbyggjarane i dei kommunane
det gjeld. Dersom me skal gå vidare langs dei linene som representanten
Sortevik framstiller her, burde jo vedtak om eigedomsskatt og vedtak som
gjeld viktige forhold som næringsområde og bustadområde,
verte lagde ut til folkeavstemming. Det meiner eg vil vatne ut det demokratiet
me har i dag, der me vel representantar som på vegner av folket og
i dialog med folket - det kan vere folkemøte, det kan vere mange
prosessar ein køyrer lokalt, som eg synest er flott, for å
styrkje dei prosessane - gjer det endelege vedtaket. Eg er tilhengar av
det demokratiet me har i dag, og meiner at folkeavstemming berre skal gjelde
dei heilt store prinsipielle avgjerdene, der folket må høyrast,
som folkeavstemming om EU-tilknyting og liknande.