Stortinget - Møte onsdag den 21. mai 2008 kl. 10

Dato: 21.05.2008

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 6

Thore A. Nistad (FrP) [11:51:40]: Jeg vil få lov til å stille følgende spørsmål til samferdselsministeren:

«Ifølge Oppland Arbeiderblad har Arbeidstilsynet for Indre Østland vurdert å stenge rv. 33 Gjøvik-Minnesund pga. fare for yrkessjåførene. Veien er i ferd med å synke på ytre side mot Mjøsa, og dette fører til at tungtransporten i sterk grad blir dratt mot autovernet/skråningen. På sikt vil deler av veien rase ut.

Statsråden er sikkert allerede kjent med saken, men hva slags tiltak vil statsråden sette i verk?»

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:52:11]: Det er rett at Arbeidstilsynet uformelt har stilt Statens vegvesen spørsmål om tryggleiken for tunge køyrety på rv. 33 mellom Minnesund og Gjøvik, og spesielt på strekninga gjennom Byrudberga i Eidsvoll kommune. Grunnen til dette er setningar i vegbana og smal køyrebane, som gjer det vanskeleg å køyre der, spesielt for tunge køyrety.

Statens vegvesen har svart Arbeidstilsynet at dei er klar over desse forholda, men at dei ikkje vurderer det som naudsynt å stengje vegen for tunge køyrety. Dei vil likevel gjennomføre strakstiltak for å betre forholda, ved å innføre mellombels redusert fartsgrense og utbetre dei verste setningsskadane med asfaltmassar.

Ei nyleg gjennomførd synfaring med ingeniørgeolog viser at det er rørsle i vegfundamentet forbi Byrudberga, slik at det må gjennomførast eit større forsterkingsarbeid på denne strekninga i løpet av få år. Statens vegvesen vil difor no setje i gang eit planarbeid med sikte på å få innpassa eit forsterkingsprosjekt for rv. 33 i handlingsprogrammet for 2010-2013. Dette vil sjølvsagt avhenge av at òg fylket prioriterer vegen i samband med Nasjonal transportplan 2010-2019.

Thore A. Nistad (FrP) [11:53:28]: Jeg er veldig godt fornøyd med at statsråden har grepet tak i det. Nå sier hun at det er fra 2010. Fortsatt er jeg fornøyd med det, selv om det ligger lite grann fram i tid.

Oppland har jo vært av de verste fylkene når det gjelder ulykkesstatistikken - det var på topp i fjor - og dessverre er statistikken for i år også ille. Her er veien eksepsjonelt dårlig. Kan statsråden framskynde dette? Og hvor stort vil eventuelt dette forsterkningsprosjektet være? Vil det være slik at to trailere på en lett måte kan møtes i dette området?

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:54:16]: Eg har ikkje den fulle oversikta her no over kvar i Oppland ein har hatt dødsulukker i år, men viss me ser på erfaringane frå tidlegare, både i Oppland og i andre fylke, er det ikkje på dei smale og svingete vegane dødsulukkene skjer. Dei skjer oftast på dei gode vegane. For det er farten som dessverre oftast drep, og farten vert høgare dess betre vegen vert. Det er eit paradoks som me dessverre ser. Og det er kanskje éin grunn til at ein del vestlandsfylke ligg lågt på ulukkesstatistikken, for vegane er så dårlege og smale at ein ikkje kan køyre fortare.

Når det gjeld utforminga av vegen, sa eg i hovudsvaret mitt at ein skal no i gang med eit planleggingsarbeid. Difor har eg ikkje svar på det spørsmålet no. Det må arbeidet som Statens vegvesen skal utføre, gi svar på. Men me vil gi rom for at Statens vegvesen skal kunne setje i gang eit slikt planarbeid.

Thore A. Nistad (FrP) [11:55:18]: Jeg er veldig fornøyd med statsråden - for en gangs skyld, holdt jeg på å si. - Ja, jeg synes det er positivt at statsråden ville ta tak i det - jeg synes det.

Samtidig som rv. 33 raser ut, har jo også fundamentet for Gjøvikbanen rast ut. Gjøvikbanen var da stengt en stund. Så det er helt klart at fundamentet for både jernbane og vei er dårlig i Oppland.

Samtidig er det ikke farten som skaper ulykkene i Oppland. Ser vi på E16, er jo den så smal at to trailere ikke kan møtes. Der er det enormt med ulykker, og det fortsetter også inn i dette året, dessverre. Så jeg lurer på om statsråden vil revurdere lite grann den oppfatningen at det ikke er farten som gjør det i Oppland - men det kan være at det er slik i andre fylker.

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:56:15]: Det er heilt klart fleire årsakssamanhengar når ulukker skjer. Det er viktig å presisere det.

Når det gjeld E16, reiser jo samferdsleministeren dann og vann langs den vegen. Det er ikkje lenge sia eg køyrde heim langs E16, og eg må nok seie at eg vert litt uroa over trafikkulturen. Som statsråd - og elles òg - prøver eg å halde fartsgrensene. Det var det ikkje mange andre som gjorde den fredagsettermiddagen. Der eg køyrde i 80 og litt over, køyrde veldig mange i langt over 100, etter det eg kunne bedømme. Så farten greier ein å få opp òg på E16, sjølv om vegen er i ein tilstand som gjer at ein ikkje burde køyre i den farten.

Det er vel kombinasjonen av ein veg som ikkje er eigna til den farten, og at mange likevel hastar for å kome raskt fram, som gjer at vegen er ulukkesutsett. Det er klart at den vegen er ein av dei som me no vurderer i Nasjonal transportplan-samanheng, for utbetring.

Presidenten: Dermed er dagens kart ferdighandsama. - Møtet er heva.