Stortinget - Møte onsdag den 21. mai 2008 kl. 10

Dato: 21.05.2008

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 5

Arne Sortevik (FrP) [11:44:04]: «Nytt ferjeopplegg for Austevoll kommune etter åpning av Austevollsbrua har vært tema for spørsmål før, men må dessverre bli det igjen. Utlysing av anbud på ferjestrekningen mellom Krokeide og Hufthamar er i samsvar med stortingsproposisjon om Austevollsbrua. De gamle forutsetningene som brukes for fremtidig ferjesamband, tar bl.a. ikke hensyn til sterk trafikkvekst i mange år som viser stort behov for ferjekapasitet. To ferjer og lavere fart vil gi bedre løsning enn én stor ny ferje.

Hvordan hjelper statsråden Austevoll?»

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:44:47]: I St.prp. nr. 30 for 2004-2005, om utbygging og finansiering av rv. 546 Austevollsbrua, er det føresett alternativ bruk av innspara ferjetilskot frå riksvegferjedrifta og bompengar. Alternativ bruk av innspara ferjetilskot er føresett for 15 år gjennom ein reduksjon frå to til éi ferje i sambandet Krokeide-Hufthamar. Ved handsaming av saka gjorde Austevoll kommune vedtak om å godta redusert ferjefrekvens for å få på plass Austevollsbrua.

Ferjestrekninga Hufthamar-Austevollshella vart lagt ned då Austevollsbrua opna i november 2007. Å erstatte to ferjer med éi større ferje var ein viktig føresetnad for å få på plass finansiering av Austevollsbrua. For å ta unna framtidig trafikkvekst vart det difor i stortingsmeldinga lagt inn éi stor ferje i sambandet, slik at kapasiteten pr. time vart tilnærma lik kapasiteten med to mindre ferjer. Eit framlegg om å erstatte éi ferje med to mindre vil difor bryte med grunnlaget for heile ordninga knytt til alternativ bruk av ferjetilskot.

Sambandet er i dag trafikkert av ferja MF «Stord». Ferja har ein kapasitet på 107 bilar. Vegdirektoratet opplyser at dersom me samanliknar 1. kvartal i 2008 med 1. kvartal i 2007, ser me ein trafikkvekst på 3 pst. Dette er ein vekst som ligg innanfor det ein kan vente. Vidare opplyser Vegdirektoratet at pr. 1. kvartal i år har det stått att 15 køyrety. Årsaka til det er frakt med farleg last, ikkje kapasiteten på ferja i sambandet. Trafikkavviklinga i sambandet er etter Vegdirektoratet si vurdering tilfredsstillande.

I samband med konkurranseutsetjinga har Samferdsledepartementet valt ein kortare driftsperiode for sambandet Krokeide-Hufthamar. Driftsperioden er sett til seks år, med oppstart frå 1. januar 2011. Redusert anbodsperiode er meint å redusere uvissa knytt til framtidig trafikkutvikling. Anbodskriteria set ikkje krav til høgare fart i sambandet enn det som er normalt i riksvegferjedrifta.

Eg er kjend med at det er stor lokal merksemd om sambandet og ny anbodsutlysing. Samferdsledepartementet vil difor om kort tid ha eit møte med Austevoll kommune om saka.

Arne Sortevik (FrP) [11:47:05]: Takk for svaret.

Det er bra at det blir møte. Det er enda bedre hvis det blir bedre fergekapasitet. Tallene som statsråden refererte, er nok riktige. Men det som er viktige tall å bruke i denne sammenheng er jo trafikkprognosen som ligger i St.prp. nr. 30 for 2004-2005, som vi behandlet i 2004. Trafikktallet i 2007 er da 13 pst. over det som stortingsproposisjonen la til grunn. Det er ingen tvil om forutsetningene som ligger i tidligere vedtak. Det er heller ingen tvil om at verden ser annerledes ut i dag, ikke minst at trafikken ser annerledes ut i dag. Det er først og fremst det Austevoll kommune og Hordaland fylkeskommune veldig tydelig har bedt departement og sentrale styresmakter ta hensyn til.

Statsråden åpnet Austevollsbrua. Hun nevnte jobbingen med fergeforbindelsen og sa hun jobbet under høytrykk og påtrykk. Kan den jobbingen gi en bedre fergeforbindelse enn det som nå forespeiles?

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:48:09]: Det var ein flott dag på Austevoll då ein opna Austevollsbrua. Det er ei av dei fine opplevingane ein samferdsleminister får lov til å ta del i.

Når det gjeld ferja, er det heilt rett som eg òg sa, at det jobbar eg med, og det er ein lekk i det at me då har eit møte med kommunen i nær framtid.

Det som er viktig, er om det er ein stor prosent attståande bilar på ferjesambandet. Det har ein pr. dags dato ikkje. Me veit at det blant andre samband langs kysten finst samband som har atskilleg større attsetjing enn ein har i Austevoll. Då vert det nødvendig for meg, som skal ha ansvar for heile landet, òg å sjå på kva samband som er i samsvar med det som er lagt inn i tidlegare føresetnad, kva som er i samsvar med NTP-standard, og kva som ikkje er det. Difor må denne strekninga sjølvsagt òg sjåast i samanheng med andre strekningar.

Arne Sortevik (FrP) [11:49:14]: Igjen takk for svaret.

Det skjønner jeg utmerket godt. Vi må likevel sørge for at det som var en stor landevinning, nemlig å få bedre internforbindelse i øykommunen Austevoll, ikke resulterer i at vi får forverret fergeforbindelsen - som eneste forbindelse - til Bergen. Der er ingen omkjøringsmulighet i det hele tatt, og trafikkveksten er langt over det som var forutsetningen i stortingsproposisjonen.

Så er det viktig å legge til at det dreier seg ikke bare om antall personbilenheter på fergen. Det dreier seg også om åpningstiden, altså når fergen går, og hvor mange ganger fergen går. Hvis vi ser på trafikkmengden i forhold til NTP-standard slik jeg har oppfattet dette, vil den løsningen som er valgt, ligge betydelig lavere for dette samfunnet i tiden fremover enn det som vil gjelde for andre samband med tilsvarende kapasitet. Det har også med beredskap å gjøre hvis man velger én ferge og ikke to. Er én ferge satt ut av spill, lammer man hele øysamfunnet.

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:50:22]: Det er sjølvsagt viktig at ein skal ha eit føreseieleg og godt samband.

Når me ser på kapasiteten no opp mot det som var før ein gjekk over til éi ferje, er det altså slik at det i 2006 var 3 100 attståande køyrety, eller 1,2 pst. av samla trafikk. Tilsvarande tal for 2007 var 1 814, eller 0,6 pst. Frå veke 47 i 2007 har sambandet vore trafikkert med éi ferje. Bortsett frå to tysdagar då ein har hatt transport av farleg gods, har det ikkje vore attsetjing. Grunnen til attståande bilar desse dagane var altså transport av farleg gods. Det var 31 attståande bilar i desember 2007, mot tilsvarande 65 i desember 2006.

Som statsråd er eg nøydd til å forhalde meg til den typen tal. Eg er nøydd til å forhalde meg til verkelegheita og sjå på korleis ho er her kontra andre samband. Slik eg vurderer røyndomen pr. i dag, er dette ikkje eit problem. Om det vert det i framtida, vil eg vurdere det. Det er difor me har sett anbodsperioden til seks år og ikkje åtte år, som er det vanlege.