Stortinget - Møte tirsdag den 3. juni 2008 kl. 10

Dato: 03.06.2008

Dokumenter: (Innst. S. nr. 250 (2007-2008), jf. Dokument nr. 4 (2007-2008))

Sak nr. 4

Innstilling frå kontroll- og konstitusjonskomiteen om årsmeldinga for 2007 frå Stortingets ombodsmann for forvaltninga

Talere

Votering i sak nr. 4

Lodve Solholm (FrP) [10:36:33]: (leiar i komiteen og ordførar for saka): Stortinget handsamar i dag årsmeldinga for 2007 frå Stortingets ombodsmann for forvaltninga, Dokument nr. 4 for 2007-2008.

Det er viktig å peike på ombodsmannens viktige funksjon i eit ope, pluralistisk, demokratisk samfunn.

Etter Grunnlova § 75 bokstav l og etter lov 22. juni 1962 nr. 8 er det Stortingets oppgåve etter kvart stortingsval å utnemne ein person for ein periode på fire år som skal ha innsyn i den offentlege forvaltninga og alle som verkar i denne si teneste, for å søkje å sikre at det ikkje blir utøvd urett mot den einskilde borgaren. Etter § 12 i den sistnemnde lova skal det årleg sendast ei melding til Stortinget om ombodsmannens verksemd.

Komiteen finn i år, som tidlegare år, årsmeldinga frå ombodsmannen innhaldsrik, informativ og oversiktleg. Saksmengda hos ombodsmannen har gått noko opp i høve til tidlegare år. I 2007 kom det inn 2 126 klager, medan talet i 2006 var 2 027. I 2005 kom det inn 1 956 klager, og i 2004 1 932. Talet på saker som ombodsmannen tok opp etter eige initiativ, var i 2007 41, noko som var om lag det same som i 2006, men det var klårt lågare enn i 2004, då 64 saker vart reiste av ombodsmannen. Som døme på ei sak reist av ombodsmannen var undersøkinga av tilhøva omkring politiets utlendingsinternat på Trandum. Denne saka vart lagd fram for Stortinget 15. februar 2007 i form av ei melding, Dokument nr. 4:1 for 2006-2007.

Det er stor breidd i dei sakene ombodsmannen får til handsaming, eller som han tek opp etter eige initiativ. I særs mange av sakene ombodsmannen tek opp, er ofte ein telefon til forvaltninga nok til å løyse sakene. Mange av sakene gjeld lang sakshandsamingstid. Av dei mottekne klagene enda 170 opp med ei eller anna form for kritikk eller oppmoding til forvaltninga. Dette viser at forvaltninga stort sett opptrer samvitsfullt og korrekt.

Sivilombodsmannen reiser i si innleiing spørsmål om ikkje ombodsmannen bør gjevast rett til å vurdere bruken av skjøn i forvaltninga, og ikkje berre, som i dag, når det er «klart urimelig» bruk av skjøn. Dette må etter komiteen si meinig vurderast opp mot det skjøn som alltid må vere til stades der regelverket ikkje skal bli for stivbeint, og i andre samanhengar opp mot det politiske handlingsrommet som lokalpolitiske organ skal ha for å gjere lokaldemokratiet levande. I tillegg viser sakene hos ombodsmannen at det er særs få saker som endar med kritikk eller oppmoding, med dei reglane ombodsmannen har i dag om berre å gå inn i dei sakene der det er klårt urimeleg bruk av skjøn. Det verkar derfor ikkje sannsynleg at eit utvida høve til bruk av skjøn i høve der dette ikkje er klårt urimeleg, skulle avdekkje fleire alvorlege svakheiter i forvaltninga.

Sett i høve til dette meiner komiteen at det ikkje er grunnlag for å endre på dette på det noverande tidspunktet. Skulle dette endre seg radikalt, vil det vere grunn til å sjå nærare på dette av omsyn til den einskilde borgar sin rettstryggleik. Ein må alltid vere på leiting etter å gjere ombodsmannsordninga best mogleg for den som ordninga skal gjelde for.

Sivilombodsmannen reiser også spørsmål om det bør bli innført ei form for økonomiske konsekvensar når forvaltninga bryt sakshandsamingsreglane. Med bakgrunn i at det store talet saker som ombodsmannen tek opp, blir løyst, ser ikkje komiteen det som naudsynt, eller at det er sakleg behov for, å innføre ei slik ordning no. I den grad forvaltninga sine brot på sakshandsamingsreglane eller forvaltningspraksis fører til økonomiske tap eller skade for den det gjeld, bør dette løysast i tråd med gjeldande rettspraksis, slik som det blir gjort i dag.

Det er positivt at ombodsmannen engasjerer seg i arbeidet for menneskerettane. Det er i tråd med mandatet i ombodsmannslova § 3. Arbeidet med menneskerettane er eit viktig og omfattande felt både i nasjonal og internasjonal samanheng. Eg trur likevel det må vere rett å ha mest fokus på arbeidet med å ta vare på menneskerettane i vårt eige land. Eg synest det var positivt at ombodsmannen arrangerte eit seminar i Oslo i 2007 om menneskerettane, med tittelen «Utsatte gruppers menneskerettighetsvern i Norge». Dette seminaret retta seg særleg mot personar utan lovleg opphald i Noreg og personar som er avhengige av offentlege ytingar.

Torsdag 22. mai 2008 debatterte Stortinget eit grunnlovsforslag om å få grunnlovfesta menneskerettane. Eit samla storting var av den meininga at dette måtte kome, men fleirtalet meinte at ein skulle vente til Menneskerettsutvalet hadde lagt fram innstillinga si i juni 2009. Ein finn store grupper i det norske samfunnet som vanskeleg sjølve kan ta vare på sine rettar, og som derfor har eit behov for særleg oppfølging. Dette gjeld t.d. born som er i kontakt med barnevernet, pasientar både ved somatiske og psykiatriske institusjonar samt eldre som er busette på institusjon. I medhald av ombodsmannslova § 5 har ombodsmannen mandat til å sjå nærare på desse tilhøva. Det er heilt klårt at dette er eit spørsmål om kapasitet - men det er eit viktig fagfelt, og det er viktig at ombodsmannen dei nærmaste åra har særleg fokus på desse fagfelta.

Sakshandsamingstida hos ombodsmannen kan vere relativt lang når det gjeld komplekse saker som involverer eksterne aktørar. Det er derfor særs viktig at ombodsmannen viser dette merksemd, og at rutinane for oppfølging av saker blir vurderte etter kvart. Ein ser at det er eit behov for at den klagefristen som er sett i ombodsmannslova § 6, blir vurdert. For enkelte aktørar kan konflikt med offentlege styresmakter verke temmeleg traumatisk, ikkje minst fordi enkeltmennesket som regel vil vere den svake part i møte med ein motpart med store ressursar og ein god rettsleg tryggleik. Det må leggjast til grunn at mange, ikkje minst dei mindre ressurssterke, ikkje eingong har høyrt om ombodsmannen og det høvet ein har til å klage gjennom denne instansen. Dersom klagefristen blir forlengd, vil det truleg føre til auka saksmengde hos ombodsmannen, noko som vil krevje større ressursar. Dette må vegast opp mot rettstryggleiken for dei aktuelle gruppene, der ein klagefrist på eitt år vil vere ei sperre for å få reist ei sak. Ombodsmannen har sjølv høve til å ta opp ei sak, sjølv om fristen for å levere ei klage er overskriden. Det går ikkje fram av årsmeldinga kapittel 4 om nokon av desse sakene var klager som var utanfor tidsramma på tolv månader. Det er viktig at ombodsmannen vektlegg den offentlege rettleiingsplikta, dette gjeld sjølvsagt òg for grupper med avgrensa ressursar.

Ein kan vel seie det slik at ordninga med ein ombodsmann for forvaltninga har vore vellukka. Det er viktig å leggje til rette for at denne ordninga kan halde fram og utvikle seg i tråd med det moderne samfunnet. Eg synest det er på sin plass å gi ros til ombodsmannen for det arbeidet som blir utført, og ein legg merke til at talet på saker som blir tekne opp etter eige initiativ, er aukande. Dette gir funksjonen eit sterkare element av dynamikk. Men det er viktig å påpeike at dette ikkje må gå ut over det andre arbeidet.

Komiteen finn, som sagt, årsmeldinga innhaldsrik og godt strukturert. Årsmeldinga gir eit særs godt bilete av ei rekkje ulike problemstillingar i høve ulike forvaltingsområde, samstundes som ein tek opp situasjonen til brukarane stilt overfor forvaltninga si praktisering av lover og forskrifter. Lovgivinga er ein dynamisk prosess, der det alltid vil vere rom for betringar, og årsmeldinga er eit godt instrument til å vurdere korleis enkelte lover og forskrifter verkar i praksis. Det skal ikkje utøvast urett mot den einskilde borgar. Dette er eit viktig prinsipp i ein rettsstat og eit viktig grunnlag for ombodsmannen sin kontrollfunksjon.

Ivar Skulstad (A) [10:45:01]: I tillegg til saksordførerens utmerkede innlegg har jeg noen merknader.

Sivilombudsmannens virksomhet i 2007 er omfattende, og den viser at ombudsmannskontrollen er til for vanlige folk når de får problemer med forvaltningen. Det er en stor og innholdsrik årsmelding som Sivilombudsmannen legger fram for 2007. Innholdet har stor bredde, og den gir et godt bilde av virksomheten. Med bakgrunn i de mange sakene som kommer inn til behandling, er det god grunn til å merke seg den løsningsorienterte arbeidsformen som praktiseres, slik at sakene løser seg raskt. Dette kan også tyde på at Sivilombudsmannen blir møtt med respekt i forvaltningen, og at henvendelser fra ombudet blir tatt på alvor. Men det er også et tegn på at norsk forvaltning gjennomgående er skikkelig og bestreber seg på å møte folk på en god måte. Det er heldigvis relativt sjelden at saker som folk opplever at det er svakheter ved og går til ombudsmannen med, er av svært alvorlig karakter.

Anledningen som Sivilombudsmannen har til å ta opp egne saker, er viktig. I 2007 er det tatt opp 41 slike egne saker, og omfanget og størrelsen på disse sakene er et bevis på at ordningen fungerer. Et eksempel som understreker dette, er saken om plan- og bygningsetaten i Oslo kommune, der saksbehandlingstid stod sentralt. Årsmeldingen gir en oversikt over gjennomsnittlig behandlingstid hos Sivilombudsmannen. Det kunne vært ønskelig med en mer detaljert analyse av hvor lang tid de ulike sakstypene tar hos ombudet. Det ville bl.a. gi et bedre grunnlag for å vurdere ressurssituasjonen hos ombudet.

For at lokaldemokratiet skal holdes levende, må de lokale politiske organer ha anledning til å bruke skjønn, ellers kan regelverket bli stivbeint og medføre at det politiske handlingsrom innskrenkes. Dette må veies opp mot om Sivilombudsmannen skal gis rett til å utøve skjønn i forvaltningen, og ikke, som i dag, bare når dette er klart urimelig. Det virker ikke særlig sannsynlig at en utvidet rett til bruk av slikt skjønn for Sivilombudsmannen i tilfeller der det ikke er klart urimelig, vil avdekke flere alvorlige svakheter i forvaltningen.

Sivilombudsmannen reiser også spørsmålet om det bør innføres en form for økonomiske konsekvenser når forvaltningen bryter saksbehandlingsreglene. I og med at en meget stor del av sakene som Sivilombudsmannen tar opp, blir løst, har ikke komiteen funnet at det er behov for å innføre en slik ordning. Men det er grunn til å understreke at lang saksbehandlingstid er en ekstra belastning for dem det gjelder, og for formålet som saken gjelder. Lang saksbehandlingstid svekker tilliten til forvaltningen. Det å vise innbyggerne respekt henger sammen med forvaltningens evne til å respektere forvaltningsloven, offentlighetsloven og prinsippene for god forvaltningsskikk.

Komiteen ser at det er behov for å se på ombudsmannsloven § 6 vedrørende klagefrist, ikke minst fordi enkeltmennesker som regel vil være den svake part i møte med en motpart som har store ressurser. Mange mindre ressurssterke har trolig ikke engang hørt om Sivilombudsmannen og retten til å klage. Det kan gå ut over rettssikkerheten for slike grupper. Dette må vurderes opp mot det faktum at saksmengden vil øke ved forlenget frist, og at dette mest trolig vil kreve økte ressurser. Derfor er det svært viktig at det overfor grupper med avgrensede ressurser utøves offentlig rådgivning, og det er gledelig at Sivilombudsmannen vektlegger akkurat dette viktige arbeidet.

Helt til slutt er det grunn til å gjenta og understreke det som også tydelig er nevnt i årsmeldingen, nemlig at forvaltningen stort sett opptrer samvittighetsfullt og korrekt. Men jeg mener at dette ikke svekker behovet for å ha en utenforstående og uhildet instans, som på saklig grunnlag kan bistå innbyggerne når det gjelder urett som de mener de er utsatt for av forvaltningen eller myndighetene.

Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 4.

(Votering, se side 3512)

Votering i sak nr. 4

Komiteen hadde innstilt:

Dokument nr. 4 (2007-2008) vert lagd ved protokollen.

Votering:Komiteens innstilling ble enstemmig bifalt.