Stortinget - Møte onsdag den 19. november 2008 kl. 10

Dato: 19.11.2008

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 7

Ola T. Lånke (KrF) [12:15:00]: Jeg tillater meg å stille følgende spørsmål til samferdselsministeren:

«Næringsliv og bosetting i Røros‑distriktet er svært avhengig av å ha et stabilt og adekvat flyrutetilbud. Igjen er det skapt usikkerhet om hvorvidt det er vilje til å opprettholde et slikt tilbud fra myndighetenes side.

Hvordan vurderer statsråden denne situasjonen, og hva vil hun gjøre for å sikre Røros et flyrutetilbud som tilfredsstiller de behov ikke minst reiselivsnæringen har?»

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:15:38]: Lat meg fyrst slå fast at Regjeringa sin lovnad i Soria Moria‑erklæringa om å sikre eit godt tilbod på det regionale flyrutenettet står ved lag. Det er ingen grunn til å trekkje i tvil Regjeringa sin vilje til å halde oppe flyrutetilbodet i distrikta.

Samferdsledepartementet har i haust lyst ut anbod på drift av 18 regionale flyruteområde i Noreg. Anbodsfristen var 3. november, og Samferdsledepartementet har fått inn anbod frå i alt seks flyselskap som ynskjer å fly på ei eller fleire av flyrutene. Tilboda er no til vurdering i departementet, og eg kan difor ikkje kome inn på det konkrete innhaldet i dei i dag. Den uvissa som kjem av at ein ikkje veit kva flyselskap som vinn tilbodet, kjem vi vi ikkje utanom. Tidlegaste tidspunkt for løyving av anbodskontraktane er 5. januar.

Eg kan likevel seie noko om dei krava eg har stilt i tilbodet. Røros‑samfunnet har i dag berre tilbod om ei dagleg flyrute til og frå Oslo. I tråd med dei signala eg har fått frå Røros‑regionen, er det lagt inn krav i det nye anbodet som gjer at Røros vil få to daglege rutesamband, måndag til fredag, frå 1. april neste år. Ruta vil innebere eit betre tilbod til befolkning og næringsliv i Røros‑regionen i åra som kjem. Røros‑ruta er i dag ei av dei minste flyrutene staten kjøper tenester på. Eg har tru på at fleire vil reise med fly til og frå Røros‑regionen når tilbodet vert betra ved at frekvensen vert auka.

Ola T. Lånke (KrF) [12:17:02]: Jeg takker statsråden for svaret. Jeg skjønner at statsråden også er vel kjent med de behovene som er på Røros, gjennom de henvendelser som er kommet fra kommunen. Jeg tviler heller ikke på at statsråden gjør sitt ytterste for at vi skal få et godt flyrutetilbud til Bergstaden, som er kjent på grunn av verdensarvstatus. Når myndighetene også har pekt ut Røros spesielt som en reiselivsdestinasjon, som et pilotprosjekt, og har gitt penger til det, er det viktig at man har et flytilbud som tilsvarer det, for her trenger man å fylle opp de mulighetene som reiselivsnæringen, ikke minst, tilbyr med hoteller og konferanser. For å kunne opprettholde et helårlig tilbud, må man også ha et flytilbud som er tilpasset det.

Mitt spørsmål er: Vil man gå bort fra den størrelsen på 15–19 flyseter som man har antydet i anbudsdokumentet, og sikre et fly som er på størrelse med det flyet som går der i dag?

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:18:09]: Ved utlysinga av det førre anbodet ved den førre regjeringa var kravet fyrst og fremst to fly. Det oversåg ein og la opp til ein struktur med eit fly om dagen, som har vore særdeles lite tenleg for Bergstaden Røros. Ut ifrå den trafikken som er på ruta i dag, og det som ein kan rekne med i den nærmaste framtida, har ein lagt opp til eit setetal som omtala. Det er det som ligg inne i anbodet. Eg kan ikkje i dag gå inn for verken å framskrive eller seie noko om kva som ligg i tilbodet frå dei ulike selskapa. Det er fleire selskap som har levert anbod på flyruter til Røros. Om det her ligg tilbod om andre størrelser på fly, er eg rett og slett ikkje kjend med i dag, for det er ikkje kome på mitt bord endå. Eg har uansett ikkje moglegheit til å kommentere det når vi er midt i ein anbodsprosess, og det må eg få be om respekt for.

Ola T. Lånke (KrF) [12:19:09]: Jeg takker igjen for svaret. Jeg skjønner at statsråden ikke kan gå inn på behandlingen av anbudene slik det er nå. Men jeg tillater meg likevel å si at det er viktig at Røros ikke får et for lite fly som kjøres av et flyselskap som ikke er robust nok til å takle forholdene på Røros. Jeg tror det er veldig viktig, og også at man får en gjennomgående billettordning, slik at man slipper å ta ut bagasjen og sjekke inn på nytt når man kommer til Gardermoen. Det er slike ting som er veldig viktige, og jeg håper at statsråden vil gjøre det hun kan for å sikre at man kan ha et større fly som imøtekommer de behovene man har – ellers virker det mer som at dette er noe man gjør for å kjøpe seg god samvittighet, istedenfor å løse de problemene som denne regionen har.

Jeg tviler ikke på at denne statsråden er interessert i å opprettholde bosettingen i dette område også, som man er i andre deler av landet, hvor man har et bedre flytilbud. Jeg kan ikke annet enn å appellere til statsråden om at hun gjør det hun kan for å imøtekomme dette behovet.

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:20:16]: At Regjeringa har vilje til å halde oppe eit godt tilbod òg til Røros, kom nett til syne då dåverande operatør på Røros‑ruta dessverre gjekk konkurs i januar i år. Då var Samferdsledepartementet raskt ute for å skaffe eit alternativt mellombels flyrutetilbod til passasjerane, som rett nok hadde ein forholdsvis høg kostnad, men som har vore viktig for å ha stabilitet i tilbodet. For me veit at når eit tilbod vert borte, er det vanskelegare å opparbeide eit på nytt.

Eg meiner at det at me har følgt opp det lokale ynsket om to flyavgangar – det har vore heilt klart frå dei lokale styresmaktene at det viktigaste er å få ein tidleg avgang og ein sein avgang – er eit bevis på at me både lyttar til lokale styresmakter og følgjer opp dei krava dei har. Så må me kome tilbake til resultatet i januar.