Stortinget - Møte onsdag den 26. november 2008 kl. 10

Dato: 26.11.2008

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 3

Ingebrigt S. Sørfonn (KrF) [11:43:50]: «No er det snart 2 år sidan sambandet Halhjem–Sandvikvåg fekk hurtiggåande gassferger. Forventningane om ei ny tid var store. Dessverre har skuffelsen vorte desto større. Dei reisande, både privatpersonar og næringsliv, er fortvila over manglande føreseielegheit i høve til regularitet. I hovudsak er årsaka til dette at C-fergene altfor ofte er ute av trafikk.

Kva vil statsråden gjera for å oppfylla intensjonane om at hurtiggåande gassferger i dette sambandet oppfyller det som var forventningar og føresetnader?»

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:44:29]: Regjeringa er oppteken av å ha ein god infrastruktur i heile landet. I store delar av landet inneber dette òg eit godt ferjetilbod. Eg har til liks med spørjaren eit engasjement for E39. På strekninga Stavanger–Bergen er det stor trafikk, og det er viktig med god kapasitet og god frekvens både på strekninga Arsvågen–Mortavika og på strekninga Halhjem–Sandvikvåg.

Ferjesambanda Halhjem–Sandvikvåg og Mortavika–Arsvågen vart lyste ut på konkurranse i 2004, og kontrakt vart inngått med Fjord1 i desember same året. Kontrakten er basert på at ferjesambandet Halhjem–Sandvikvåg skal trafikkerast med tre gassferjer og halvtimesavgangar. Gassferjene har høgare fart enn tradisjonelle ferjer. Den høge farten gjer at ruteplanen med halvtimesavgangar kan gjennomførast med tre ferjer. Då gassferjene vart sette i drift i 2007, førte dette til at kapasiteten i sambandet Halhjem–Sandvikvåg vart dobla på dei mest trafikkerte tidene på dagtid. Fordi kapasiteten i sambandet Halhjem–Sandvikvåg er så høg, seier kontrakten at den tredje ferja på sambandet Halhjem–Sandvikvåg skal vere reserveferje for alle gassferjene i sambanda Halhjem–Sandvikvåg og Mortavika–Arsvågen.

Statens vegvesen har ansvaret for ferjetilbodet. Ferjeselskapet har operatøransvaret, som består i å utføre det oppdraget som Statens vegvesen har bestilt og kjøpt gjennom konkurranseutsetjing, og som er nedfelt i inngått kontrakt. Operatøren har så langt levert tenester innafor kontrakten med god margin. Ved utgangen av oktober var det 17 heile dagar med kansellerte C-avgangar, eller 0,18 pst. kansellerte turar i høve til utførte. I høve til kontrakten kan C-ferja vere ute 47 dagar i 2008 under føresetnad av at dei to andre gassferjene klarar å avvikle trafikken. Per utgangen av oktober var det 0,03 pst. attståande køyretøy i høve til frakta køyretøy.

At ruteplanen vert gjennomført med tre ferjer, gir oss utfordringar når ferjene skal på verkstad. Som nemnt før, er kapasiteten i sambandet Halhjem–Sandvikvåg så høg at Statens vegvesen har bestemt at den tredje ferja i sambandet skal vere reserveferje for alle gassferjene i sambandet Halhjem–Sandvikvåg og Mortavika–Arsvågen.

Operatøren har berre ansvar for å setje inn reserveferje når dei to andre gassferjene ikkje klarar å ta unna trafikken i Halhjem–Sandvikvåg. Den situasjonen har me ikkje i dag, fordi det er svært lite køyretøy som står att, sjølv når sambandet vert trafikkert med to ferjer.

Gassferjene har høgre fart enn tradisjonelle ferjer, og det er ikkje tilgjengeleg reserveferje med høg nok fart til å utføre C-turane etter oppsett ruteplan. Statens vegvesen har laga ruteplan for bruk av konvensjonell ferje som erstatning for den tredje gassferja når ho er ute av drift. Denne ruteplanen vert lite tilfredsstillande fordi det ikkje er tilgjengeleg reserveferje med høg nok fart til å utføre C-turane, som nemnt. Ruteplan med bruk av tradisjonell reserveferje kan erstatte seks av ni C-turar, men med ein svært haltande ruteplan.

Statens vegvesen har alt sett i verk eit arbeid der dei ser på korleis dei kan auke kapasiteten i sambandet Mortavika–Arsvågen på litt sikt. Her har trafikken auka svært mykje, og om denne tendensen held fram, vil me får eit kapasitetsproblem. Når dette eventuelt vil skje, vil avhenge av den framtidige trafikkutviklinga. I dette arbeidet ser Statens vegvesen òg på løysingar som fører til meir stabil drift av C-avgangane på sambandet Halhjem–Sandvikvåg. Eg håpar at dette arbeidet kan avsluttast på nyåret. Når eventuelle tiltak kan setjast i verk, er usikkert. Eg vil be Statens vegvesen intensivere dette arbeidet, og eg vil følgje opp denne saka vidare.

Ingebrigt S. Sørfonn (KrF) [11:48:29]: Eg takkar for det siste, at statsråden vil intensivera arbeidet. Samtidig vert eg litt bekymra når ho legg så mykje vekt på at kapasiteten er stor nok, og at det ikkje er gjenståande bilar. Det er for så vidt korrekt. Men det er tre element som er viktige her. Det eine er kapasitet. Det andre er regularitet, altså halvtimesavgangar. Det tredje er fart. Når det gjeld kapasiteten, er han god nok. Farten ligg i grenseland av det som vart lova. Men når det gjeld regulariteten, er dei faktiske forholda at C-ferjene er så ofte ute av drift at når folk skal reisa, ser dei på ruteheftet, og C-ferja set dei kryss over. Dei reknar ikkje med C-ferjene, for det nyttar ikkje om ein kjem med ferja når ho går, dersom flyet er gått, eller møtet er slutt når du kjem fram. Det hjelper ikkje med kapasitet når det er regularitet som er hovudproblemet, og som stressar folk.

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:49:32]: Eg er fullstendig klar over at det er problema når ferja er innstilt, som ein omtalar. Likevel må me sjå dette sambandet opp mot andre samband der me òg har kapasitetsproblem, og der attsitjing er eit stort problem. Då er det òg relevant å sjå på kor mange dagar ein har kansellert C-avgangen fyrst og fremst. Det er altså 0,18 pst. i høve til utførte turar. Det kan ikkje seiast å vere ein stor prosentdel. I høve til kontrakten som er inngått, har ein altså ein stor margin. Eg synest det er viktig å understreke det, for eg har registrert i pressa at selskapet har fått mykje kritikk. Den kritikken må rettast inn mot kontrakten og dei standardar som Statens vegvesen har lagt der, og ikkje mot selskapet, som så langt utfører det dei skal, med god margin.

Ingebrigt S. Sørfonn (KrF) [11:50:35]: Realiteten er likevel at folks opplevingar gjer at dei ikkje reknar med C-ferjene. Då har me eit problem. Folk vert frustrerte av dette. Men dei vert endå meir frustrerte når dei tek det opp, gjennom media, gjennom politiske organ, gjennom næringsforeiningar, NHO, osv., og møter ei ovanfrå-og-ned-haldning frå både selskapet som driv sambandet, og frå Statens vegvesen. Eg skal ta eit par eksempel: I Bergensavisen den 18. november svarar driftssjefen i Fjord1:

«Vi begynner å bli vant med maset.»

Eit par dagar etterpå seier ein representant for Statens vegvesen til same avis:

«Det mange kanskje ikke har fått med seg, er at C-avgangene ikke er garanterte.»

Dette veit folk. Problemet er at ein ikkje stolar på C-avgangen, og ser vekk frå han. Når ein i tillegg vert møtt med arroganse og ei ovanfrå-og-ned-haldning, er frustrasjonen rimeleg stor.

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:51:42]: Det som er viktig å understreke frå mi side, er at me verken har ei ovanfrå-og-ned-haldning eller ei arrogant haldning til problemstillinga. Eg forstår at folk vert frustrerte. Eg synest det er viktig at folk får den nødvendige informasjonen.

I tillegg til arbeidet som går føre seg for å få ein meir stabil C-avgang, er det òg viktig at me ser på korleis me kan få betre informasjon ut til folk. Noko eg vil ta opp med Statens vegvesen, er om det er mogleg å få til eit betre informasjonsarbeid. Eg trur at dette òg handlar litt om det er mogleg for folk å få vete kva dagar denne ferja er ute av drift, og at ein kan planleggje litt betre enn ein kanskje har gjort i forhold til å informere på ein god måte, slik at folk kan stole på at når dei ikkje har fått denne informasjonen, bør ferja gå. Det skal eg òg love representanten å ta opp.