Stortinget - Møte onsdag den 26. november 2008 kl. 10

Dato: 26.11.2008

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 4

Rolf Terje Klungland (A) [11:52:58]: Jeg vil stille følgende spørsmål:

«Stortinget har vedtatt at det skal gjeninnføres sovevogn i Kristiansand. I en periode der man arbeider med å skaffe nok sovevognmateriale, kan Stortingets vedtak gjennomføres ved å sette inn reservevognkapasitet, eller overføre en av vognene som i dag trafikkerer Stavanger, til Kristiansand.

Er dette vurdert, og hva vil kostnadsanslaget med en slik gjennomføring være?»

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:53:27]: NSB har opplyst at selskapet ikkje har tilgjengeleg materiell som kan brukast som eigne sovevogner til og frå Kristiansand.

Ei omdisponering av sovevogner frå strekninga Stavanger–Oslo vil innebere at to av fire vogner ikkje lenger vil trafikkere denne strekninga, men berre trafikkere strekninga Kristiansand–Oslo. Det vil bety at sovevognskapasiteten vert halvert til og frå Rogaland i forhold til i dag. 90–95 pst. av sovereiser på Sørlandsbana er til og frå Rogaland, mens berre 5–10 pst. er til og frå Kristiansand. I dag er det altså 65 reiser pr. avgang til og frå Rogaland og fire reiser pr. avgang til og frå Kristiansand.

NSB har rekna ut kva effektar ei slik omlegging av sovevognsmateriellet vil kunne ha på talet på sovereiser langs Sørlandsbana, og har vurdert at talet på sovereiser vil reduserast med om lag 6 440 årleg, sjølv om ein legg til grunn at sovereiser til og frå Kristiansand vil auke markert med eigne sovevogner. Auka offentleg kjøpesum pr. år vil utgjere om lag 4–6 mill. kr, hovudsakleg som følgje av tapte billettinntekter.

I tillegg til ein sannsynleg vesentleg nedgang i talet på reisande vil omlegginga krevje auka bemanning på grunn av skifting og vedlikehald. Noverande ruteplan må òg justerast sidan skifteoperasjon vil krevje meir tid i Kristiansand og difor tidlegast kan gjennomførast frå delruteterminskiftet i juni 2009.

Eg kan difor ut frå ei samla vurdering ikkje tilrå ei løysing med overføring av vogner frå Stavanger.

Rolf Terje Klungland (A) [11:55:27]: Som kjent er regjeringsapparatet utøvende myndighet i Norge. Stortinget er lovgivende og bevilgende myndighet.

Stortinget har i denne saken både bevilget og gjort vedtak. Mener statsråden at det er hennes plikt å arbeide for at stortingsvedtak blir gjennomført innenfor de rammene Stortinget har vedtatt? Eller er statsråden av den oppfatning at når hun synes Stortinget har gjort feil vedtak, kan hun trenere, utsette, øke kostnadene, sånn at vedtaket ikke blir gjennomført? Det jeg oppfatter i svaret til statsråden, er at en bruker tall som en egentlig ønsker å bruke. Stortinget har altså vedtatt at det skal være sovevogn fra Kristiansand. Samferdselsdepartementet har prioritert å ha to sovevogner fra Stavanger. Men det er altså sånn at det er Stortingets vedtak som skal følges opp, og ikke Samferdselsdepartementets prioriteringer i denne saken.

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:56:33]: Eg vil igjen sterkt ta avstand frå den verkelegheitsbeskrivinga som representanten legg for dagen. Det har ikkje vore, det er ikkje og det vil heller ikkje verte ei trenering.

Ja, Stortinget har gjort eit vedtak, men innanfor dei rammene Stortinget har gjort vedtak om, er det umogleg å få oppretta eit sovevognstilbod til Kristiansand. Det har min statssekretær på mine vegner informert Stortinget om. Likevel har vi hatt høgtrykk på arbeidet med denne saka. Vi har saumfare heile den europeiske marknaden. Vi har hatt eksterne konsulentar inne for å kvalitetssikre NSB sine tal og deira – som representanten vil kalle det – påstandar. Eg kan ikkje tru, med den haldninga Stortinget har til jernbane, at ein vil redusere eit tilbod i Stavanger som verkar. Eg går ut frå at intensjonen var at fleire skal reise med tog, også frå Kristiansand.

Rolf Terje Klungland (A) [11:57:39]: Grunnen til at jeg stilte det forrige spørsmålet, var for det første et brev som Samferdselsdepartementet har sendt 4. mai 2006 til Vest-Agder Arbeiderparti. Her har både Senterpartiet, SV, Arbeiderpartiet og fylkeskommunen påpekt behovet for sovevogn i Kristiansand. Det er også begrunnet i at vi i forrige spørretime var oppe i en sum på 100 mill. kr for å få en sovevogn til Kristiansand – hvis en leser VG dagen etterpå. Nå er statsråden nede i minimum 4 mill. kr, og det viser jo at dersom det er litt vilje, kan en også få ned kostnadene. Så jeg stiller igjen spørsmål til statsråden om hun vil gjøre ytterligere tiltak for å få en sovevogn til Kristiansand, sånn at Stortingets vedtak blir oppfylt.

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:58:40]: I snitt nytta tre kundar sovevognstilbodet frå Kristiansand til Oslo og ein passasjer tilbodet frå Oslo til Kristiansand pr. døgn. Innføring av eiga sovevogn i Kristiansand tilsvarar auka kjøpsbehov på 10–14 mill. kr – altså at staten løyver mellom 7 000 og 10 000 kr ekstra pr. sovereise. Det kjem i tillegg til om lag 24 mill. kr som staten betaler for kjøp av nattog på strekninga Oslo–Stavanger.

Oslo–Stavanger har eit heilt anna belegg, det er 65 reiser pr. avgang frå Stavanger. Igjen må eg i så fall be om at Stortinget klargjer at ein ynskjer å redusere tilbodet til Stavanger. Stortinget må nesten gi oss det tydelege signalet før me kan redusere eit etterspurt tilbod som Rogaland nok ikkje vil vere spesielt glad for å miste.