Stortinget - Møte onsdag den 14. januar 2009 kl. 10

Dato: 14.01.2009

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 4

Per Roar Bredvold (FrP) [11:41:57]: Med presidentens tillatelse vil jeg ønske statsråden et godt nytt år, og ønsker så å stille følgende spørsmål til statsråden:

«Hedmark er det fylket som har flest dødsulykker på våre veier, nå senest langs rv. 3 ved Alvdal, hvor dessverre 3 liv gikk tapt. I tillegg er det en masse andre alvorlige ulykker som kunne vært unngått hvis bl.a. veistandarden hadde vært bedre.

Hva vil statsråden bidra med slik at antall ulykker blir sterkt redusert, utenom å senke fartsgrensene, slik det blir foreslått?»

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:42:38]: Med presidenten si tillating vil eg gjerne òg ynskje både representanten Bredvold og alle andre stortingsrepresentantar eit godt nytt år og kome med eit ynske om eit godt og konstruktivt samarbeid til landets beste.

Eg ser med stort alvor på dei mange alvorlege trafikkulukkene i 2008. I Hedmark var det i 2008 ein auke i talet på dødsulukker og personskadeulukker jamført med gjennomsnittet i tida 2004–2007. Samstundes er eg nøgd med at talet på drepne i trafikken har hatt ei positiv utvikling dei seinare åra, trass i at trafikkmengda har auka sterkt. Dette syner at satsinga på eit breitt spekter av tiltak gir resultat.

I budsjettet for 2009 fekk Regjeringa gjennomslag for ein markant auke i løyvingane til betre trafikksikring gjennom ei eiga pakke av samansette og målretta tiltak innanfor investeringar i infrastruktur, trafikant- og køyretøyområdet og drift og vedlikehald. Midlane til særskilde trafikktryggleikstiltak er nær dobla jamført med 2008.

I samsvar med nullvisjonen prioriterer Statens vegvesen tiltak retta mot dei alvorlegaste ulukkene, som møteulukker, utforkøyringsulukker og ulukker med påkøyrsle av gåande og syklande. I tillegg vil Statens vegvesen prioritere tiltak retta mot fart og spesielt ulukkesutsette trafikantgrupper. Døme på dette er kontroll- og kampanjeaktivitetar retta mot ungdom og kontrolltiltak mot tungtransport for ikkje minst å sikre at lastebilane har ei dekkutrusting som passar dei norske vintervegane.

I Hedmark vil det verte gjennomført ei rekkje tiltak for auka trafikksikring i 2009. Møteulukker er òg her eit hovudproblem, og av konkrete tiltak retta mot nett denne ulukkestypen vil eg nemne oppstart av oppsetjing av 9,5 km midtrekkverk på E6 mellom Brumunddal og Moelv, fullføring av samanhengjande sperrefelt og midtmarkering på E6 i fylket og ikkje minst ferdigstilling av utbygging av firefeltsstrekninga på E6 mellom Skaberud og Kolomoen. På rv. 3 vil breiddeutvidinga verte vidareført.

I tillegg vert driftsstandarden innan drift og vedlikehald endra i nye kontraktar for betre å tilpasse vinterdrifta til endringane innan trafikk og klima. Rv. 3 i Østerdalen er ei av strekningane der det vert vurdert å etablere streknings-ATK i 2009. Vi kjem ikkje utanom at fart faktisk er ein avgjerande faktor når det kjem til kampen mot ulukker.

Trafikktryggleiksarbeidet er, og må vere, breitt og tufta på godt samarbeid mellom fleire aktørar, lokalt som nasjonalt. Eg vil i denne samanhengen trekkje fram Ringsaker kommune, der det er sett i gang eit spesielt trafikksikringsprosjekt særskilt retta mot ungdom. Målet er å minske talet på trafikkulukker med drepne og hardt skadde i kommunen gjennom ei rekkje ulike tiltak. Statens vegvesen har ansvar for koordinering og leiing av prosjektet, som skjer i samarbeid med Ringsaker kommune, politiet, Trygg Trafikk og Hedmark trafikktryggleiksutval. Slike lokale initiativ er viktige bidrag i arbeidet for tryggare trafikk over heile landet.

Per Roar Bredvold (FrP) [11:45:51]: Jeg takker statsråden for svaret, som det var en del positivt i, men det går mye på kontroller og fart. UP har økt antallet kontroller i 2008 med 10 pst., og det har vært fokusert mye på fart. Men statsråden sa forholdsvis lite om vedlikehold, etterslep på vedlikehold og etterslep på investeringer.

Jeg synes statsråden også bør være med og gripe inn når det gjelder traséer, der forskjellige foreninger nå anker. I avisen Glåmdalen kan vi senest i dag lese om rv. 2, der 19 personer anker. Det er klart at det ikke er bra at vi bruker så lang tid på å velge en trasé. Dette må bestemmes raskere. Det samme gjelder for E6. Jeg håper at statsråden vil gripe inn der, slik at vi ikke får en stopp i den gode jobben som gjøres på E6, på grunn av at en ikke blir enig om trasévalg. Kan statsråden si noe om trasévalget på rv. 2 og E6?

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:46:57]: Når det gjeld ankesakene, ligg dei hjå ein annan statsråd. Derfor er det problematisk for meg å gå så mykje inn på dei direkte. Men på generelt grunnlag er eg samd i at det er viktig å få planprosessane til å gli godt, slik at prosjekt ikkje vert trekte ut i tid. Når det gjeld E6, handlar det fyrst og fremst om at ein får ei samanhengjande utbygging, som er viktig i dette prosjektet. Rv. 2 har hatt ei ganske lang fartstid fordi ein på det grunnleggjande området ikkje har kome til einigheit lokalt. Derfor vil eg igjen understreke behovet for gode lokale prosessar, for der ein gjer dei lokale avklaringane, der dei lokale prosessane er gode, vil som regel òg prosessane vidare i systemet gå betre. Så her ligg det eit ansvar både lokalt og på oss sentralt for å leggje alle krefter i avklaringane.

Per Roar Bredvold (FrP) [11:48:03]: På forrige spørsmål sa statsråden at hun var meget opptatt av jernbane, og det er bra. Men jeg går ut fra at statsråden også er veldig opptatt av veinettet vårt. For f.eks. Hedmark, som ikke har muligheter til å frakte gods verken med fly eller til sjøs, er veinettet meget viktig. Spørsmålet mitt vil da være: Hvor viktig synes statsråden at veinettet f.eks. i Hedmark er, og hvor mye penger vil det være til samferdsel, og spesifikt til Hedmark, i den pakken som kommer 26. januar? For det er klart at vi trenger penger. Det er et stort etterslep på vedlikehold, og det er et stort etterslep på investeringer. Det er mange ulykker. Hedmark er det fylket i landet med flest drepte i trafikken. Vi har mange alvorlige ulykker, vi har mange mindre ulykker, og vi trenger penger til vedlikehold og investeringer.

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:49:04]: Spørsmålet om kva som kjem i pakka den 26., har eg allereie fått fleire gonger før i dag. Svaret mitt må dessverre bli det same: Det svaret får ein ikkje i salen i dag. Det kjem ein tilbake til den 26.

Til spørsmålet om vedlikehaldsetterslep og behov: Det er eit enormt behov på vegnettet i heile landet. Det er godt dokumentert. Heldigvis har me no ei regjering som har auka løyvingane til veg på ein heilt annan måte enn me har sett tidlegare. Det har Regjeringa òg varsla at me skal fortsetje å gjere. Det vil kome både Hedmark og heile landet til gode, for vegnettet er blodåra i heile transportsystemet. Det er over alt, frå den minste plass til den største by i alle fylke, i alle bygder, i alle byar, og det bind landet vårt saman. Jernbana er kjempeviktig for å avlaste vegnettet og for ein miljøvenleg transport, men det er klart at vegnettet vårt er heilt essensielt for at landet vårt skal fungere.