Stortinget - Møte onsdag den 14. januar 2009 kl. 10

Dato: 14.01.2009

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 3

Borghild Tenden (V) [11:35:41]: «For å få mer trafikk over fra veg til jernbane er det viktig å styrke jernbanens konkurranseevne. Det vil bidra til reduserte klimagassutslipp og et bedre lokalmiljø. Kundenes første møte med jernbanen er stasjonsområdene. En rekke stasjoner er dessverre preget av forfall, tagging og mangelfullt renhold.

Hvilke tiltak vil statsråden iverksette for å ruste opp stasjonsområdene, slik at det blir mer attraktivt å velge tog som fremkomstmiddel?»

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:36:11]: Som representanten Tenden vil vere kjend med, inneheld statsbudsjettet for 2009 ein monaleg auke i løyvingane til drift, vedlikehald og investeringar i jernbane. Løyvingane til investeringar i stasjonar og knutepunkt aukar med 15 pst. i høve til 2008. Med det vil det òg vere mogleg å forsere tiltak som kan betre standarden og tilhøva på stasjonane. Det er store utfordringar etter mange år med lågare løyvingar.

På kort sikt vert det gitt prioritet til vidareføring og avslutning av ombyggingstiltak på Verdal stasjon og Nydalen haldeplass. Vidare vil forlenging av ei rekkje plattformer for å betre tryggleiken verte prioritert. Eit anna viktig område er tiltak for å halde stasjonsområda reine og ryddige. For å effektivisere utbetring etter forfall og hærverk har Jernbaneverket sett i verk endringar i stasjonsdrifta, slik at drift av publikumsområda vert meir målretta og får tettare oppfølging. Ordninga er førebels innført i Oslo-området.

Saman med NSB sitt dotterselskap ROM Eiendom arbeider Jernbaneverket for å få til gode stasjonar og knutepunkt. I deira prosjekt for ombygging og nybygging vert det lagt vekt på tryggleik og tilgjengelege stasjonar, etter prinsipp for universell utforming. Særs viktig er fysisk utforming av tilkomst til stasjon og tog og tilgjenge til trafikkinformasjon på ein ikkje-diskriminerande måte, t.d. betre monitorar og høgtalaranlegg. Gjennom konsentrert arbeid med dette vil alle trafikantgruppene kunne ta del i dei kollektive transporttilboda. Regjeringa vil i stortingsmeldinga om Nasjonal transportplan for 2010–2019 gi nærare greie for mål og strategi for å oppnå universell utforming av stasjonane.

Borghild Tenden (V) [11:38:02]: Jeg takker statsråden for svaret.

I disse tider, med stadige forsinkelser i togtrafikken, er faktisk togstasjonene veldig viktige i vinterkulda. Det viktigste er selvsagt at togene går, men vi får stadig høre at det er forrige regjering som har skylden for at så ikke er tilfellet. Derfor er jeg veldig glad for at LO nå er veldig offensive, og at stortingsrepresentanter fra regjeringspartiene også er utålmodige på vegne av togpendlerne.

Kan vi forvente at denne type opprusting av togstasjonene kan komme i den krisepakken som kommer den 26. januar, som har sysselsettingsgevinst, som statsråden sa her i sted, og er et midlertidig tiltak?

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:38:54]: Eg kan melde til Stortinget at det er ingen som er meir utolmodig etter å sjå resultat av den store satsinga av økonomiske ressursar på jernbanen som er gjord, enn statsråden, og det er ingen som ventar meir på at resultata skal kome kjapt.

Når det gjeld tiltakspakka, er tiltak på stasjonane, som det går fram av svaret mitt, eit prioritert område for Regjeringa, og ein auka innsats på det er nødvendig uavhengig av løyvinga i komande tiltakspakke. Eg kan ikkje gå ut med lovnad om konkrete tiltak eller kva som kjem av innhald i den tiltakspakka. Det ligg i sakas natur at det er under arbeid og vert lagt fram 26. januar i år, så det må me kome tilbake til. Men arbeidet med stasjonar og knutepunkt er eit viktig og prioritert område for Regjeringa.

Borghild Tenden (V) [11:39:58]: Jeg takker igjen statsråden for svaret og for at det er noen som er utålmodig på vegne av jernbanen. Jeg har mange eksempler på dårlig vedlikeholdte stasjoner som også er uframkommelige for barnevogner og for funksjonshemmede, fordi rampene rett og slett er utslitte eller ramponerte. Det gjelder stasjoner i Vestkorridoren, og det gjelder stasjoner på Kongsvingerbanen.

Jeg er kjent med at både NSB og Jernbaneverket kan øve innflytelse – NSB gjennom ROM Eiendom, som det ble sagt her i sted, og Jernbaneverket ved at de har leieavtaler med NSB på stasjonene. Vil statsråden ta opp denne problemstillingen med NSB og Jernbaneverket når hun er i møte med dem?

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:40:49]: Dette er jo ikkje eit område som er nytt. Det er eit område der det har vore og er store utfordringar. Og som representanten Tenden seier: Satasjonane er nedslitne, dei har vorte nedslitne gjennom mange år. Og så skal ikkje eg peike på nokon meir enn andre i forhold til ansvar, for det trur eg me skal dele på. Men dei har vorte nedslitne gjennom mange års forsøming, det kan me vel vere einige om i alle fall.

I dei møta som eg har med Jernbaneverket og NSB, har dette vore tematisert. Det vert tematisert gjennom den dialogen som departementet har både formelt og uformelt med NSB og Jernbaneverket. Det er klart at ROM Eiendom spelar ei viktig rolle i det å utvikle stasjonane til noko meir enn berre det vi kanskje tenkjer på som ein tradisjonell stasjon, men òg få andre aktivitetar inn som gjer stasjonsområda endå meir attraktive.