Presidenten: Ingen har bedt om ordet.
(Votering, sjå nedanfor)
Votering i sak nr. 3
Presidenten: Det blir votert over forslag frå stortingsrepresentant Robert Eriksson på vegner av Framstegspartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti og Venstre oversendt frå Odelstingets møte 8. januar 2009:
«Stortinget ber Regjeringen om at det utformes klare regler for hvilke dokumenter som kan kreves, hvem i NAV som kan kreve dem, om disse kan fjernes eller kopieres og om hva som skal skje med dokumenter/kopier etter bruk.»
Votering:
Forslaget frå Framstegspartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti og Venstre vart med 54 mot 48 røyster ikkje vedteke.(Voteringsutskrift kl. 11.17.10)